I London!

Eg skreiv ikkje eit «no reiser eg»-innlegg som eg plar hava god vane for å gjera. Kannhenda den lange tidi utan ei netside hev gjort meg slakk.

Same kva, eg hev sers litan tid, sidan det var 25 minutt sidan Helene sa me skulle møttast um 45 minutt på ein t-bane-stasjon nede i byen.

Helene v Tower Brigde i London

Me drog ned den 5. desember, etter eg hadde fengje ein tøff kjeledress til bursdagspresang av Helene (endeleg, eg hev jo tenkt skaffa meg ein slik i yver eitt år!). Me feira bursdagen min her i England og flytte inn på det andre hostellet. Det heiter Palmers Lodge og hev ein herleg gamal engelsk stil yver seg. Veldig kult.

Eg ved den gamle skulen min (Oxford and Cherwell Valley College), dei hev RIVE hovudbygningen!

I går var me i den gamle heimbyen min, Oxford, det var veldig moro. Kva vert det no, 5-6 år sidan! De kann faktisk framleis lesa mange av dei gamle tekstane mine frå då eg var i Oxford på sida her. Merk, nynorsken er elendig (på den tidi var framleis langt fram til eg byta hovudmål).

Helene framfyre Big Ben i London

I dag stod Helene tidleg upp for å handla rundt her i London. Eg gadd sjølvsagt ikkje det og vart verande i sengi og hev no sitte på lånt datamaskin (frå Nei til EU sjølvsagt) i den flotte, herlege fellesstova.

2 tankar om “I London!

  1. skjalg

    Veldig overraskande å sjå dykk i London! Og tenk at du var attende til Oxford (2004). Eg ser fram til fleire gode forteljingar og bilete både frå London og andre plassar frametter. Eg blei så inspirera av ditt siste innlegg at deg legg ut eitt flunkande nytt eitt på vevsida mi i morgon kl 07.00! Forresten, kan du ikkje laga ei lenkje til ei større utgåve av bilete?

  2. Unni Elisabeth

    Hei Odin og Helen :-) Så mange kjekke «greier» de finn på saman :-D Det er så BRA! Koseleg å lesa om turen og opplevingane dykkar så langt.

    Me har vore på spasertur langs strandpromenaden til Altea og tilbake i dag. Det var ein flott avslappande tur. Me hadde med bøker og låg i steinane på stranda og las ein liten time og så hadde me ein stopp på ein koseleg liten utekafe ved sjøen i Altea før me returnerte og gjekk attende heim til Tita. Der har eg slått meg laus med «Raffaello» ;-D

    Ikkje nok med det, men i dag har eg laga middag og dei andre åt det! ;-P

    Eg gler meg til å koma heim til Stavanger ein tur no. Skal bli fint å sjå alle igjen. Me snakkas.

    Klem

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.