Ny dress! (kjeledress, ja, jærbunad)

So, det er eit par dagar sidan no, men desto meir faktisk røynsle; på bursdagen min fekk eg endeleg det eg hev prata um i mange lange år; kjeledress.

Utanfyre vindauga mitt nett no

Eg kann ikkje fortelja kor herleg det er å taka på dressen og so gå ut i det iskalde vẽret som rådar i Oslo nett no. Ja, snø yveralt. I dressen min er det ingen problem, eg er varm som ein fole. Kjenner meg skikkeleg trygg, dessutan tek det umtrent ingen tid å kle på seg.

Eg pla alltid hava på meg superundertøy, som er vel og bra, men vart alltid litt uvel; ikkje varm nok og eit litt for tett lag av klede på. No treng eg ikkje tenkja meg um tvo gongar fyrr eg gjeng ut, og det er veldig bra.

Eg med dressen min på bursdagen min

Dessutan ser eg ikkje ut so «bonde i byn» som eg trudde det kjem til å verta. Er ikkje so mange som legg spesielt merke til det.

4 tankar om “Ny dress! (kjeledress, ja, jærbunad)

  1. skjalg

    Kjekt at du fekk noko du ynskja deg så vel, Odin! Det er og godt å sjå sia di i live igjen! Eg har sakna dei fine innlegga dine og dei fine bileta! Måtte du no få tid og inspirasjon til å fortsette med blogginga. Her er eg faktisk godt i gang sjølv frå Spania, der eg snart legg inn mi 50ande post i bloggen min. Husk at di blogging (har du eit nynorsk ord?) var inspirasjon som sette din far igang! Kan du forresten lage ei lenkje til den Odin frå denne sia?

  2. Unni Elisabeth

    Dressen din kunne vore bruka her og no. I dag til morgon var det sno på fjellet og den ligg der framleis. Kan tru det er flott med palmer i forgrunnen, appelsiner på trea og sno på fjelltoppane. Du skulle ha vore her med dressen din no ja, og fotoapparatet så klart – men den bursdagsgåva du fekk av oss kom litt for tidleg for det.

    Pappa har lagt ut nokre bilete frå resultatet av stormen som herja i natt. Me gjekk ein tur ned langs stranda no i kveld, og sanneleg var det lett å skjøne kvifor steinane på Albirstranda er heilt rundslipte. Havet rulla innover i kraftige bylgjer, tok med seg sand og stein og lyfta det høgt opp i lufta. Slepa det med seg innover og la det igjen både på fortauet og på vegen. Du kunne høyre korleis steinane vart skura mot kvarandre til tross for at bølgjene ikkje var på langtnær så store nå i kveld som det dei var tidlegare i dag. Du hadde lika det og det hadde blitt ein serie på minst 100 bilete! Det er eg sikker på ;-P

  3. tanketom

    Haha, artig at du kallar det «jærbunad». I Lærdal kallar ein det gjerne Aurlandsbunad ;)

    Gratulerer på overskot! Og velkomen til Bergen på forskot!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.