Sida forsvann andre gong og vart berre vekk

Viss eg (elder for den saks skuld nokon andre!) ein gong les gjennom arkivet og finn ei sers lang pause i innlegg fyrr dette, so er det kannhenda på plass med ei forklaring. Det er vel det same kva, eigentleg.

So, for å taka det fyrste fyrst (viss eg fær vera svo keisam): sida mi forsvann brått 2. oktober. Tenaren min, Acona kræsja. Dei som les netsida mi nøye (Egil og pappa) vil hugsa at fyrr det var det ikkje stort lengje sidan sist sida mi vart borte. Dette var endå meir jævleg enn det. Sist var eigentleg ikkje svo viktugt; eg fekk ting relativt kjapt upp at (vel, 1-2 víkor). Denne gongen mista eg ikkje berre sida mi, men ein heil haug drit òg.

Acona hev vore tenaren min sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og det er difor ikkje reint lite som er å finna der. Dessutan hadde eg heile økonomien til firma mitt der, dvs. alle fakturaane eg hev sendt sidan eg uppretta firma mitt. Alt vekk no.

Like ille er det at pappa hev lagra tingi sine der òg. Likevel vart ikkje han like leid seg av di han hadde kopi av det meste hjå seg nede i Spania.

For, ja, Acona hadde ingen tryggleikskopisystem. Utruleg? Ja, det er det.

Acona hev liksom alltid vore med meg. Alltid fungert, alltid vore der. Berre lagra på meir og meir informasjon, ja, heilt attende til ungdomskulen og lengre. Då eg sette han upp var han ukritisk som få. Eg hadde ikkje god peiling på linux (vel, ganske brukande etter eg hadde drifta Alfons (min fyrste tenar), eit år) og hadde alt det viktuge på windowsmaskini mi.

Men uppetter åri so hev ho vorte kritisk og viktug for meg utan at det gjekk upp for meg. Det var ikkje lengre ei testmaskin som berre hadde ting eg gjerne kunne mista, ho var viktug.

Berre synd eg ikkje kom på det fyrr harddisken rauk. Alle nye maskiner eg set upp hev tryggleikskopisystemer som køyrer og passar på; men den vana fekk eg lengje etter eg sette upp Acona. So no er ho daud, og mykje av netsida mi med. Eg hev funne den meste teksten, men saknar bileti.

Ei periode medan sida mi var nede såg ho slik ut:

[herkjembilete]

Desse månadane utan netside hev ikkje vore so kjekke, mtp. netsidefronten altso. Dei hev vore veldig kjekke eigentleg, men eg hev veldig godt kjend kor sårt eg hev sakna netsida mi. Heldigvis fekk eg skrive litt på pappa si Spania-side medan eg og Helene var der. Det kjendest veldig godt å få skrive ned nokre av upplevingane våre. Hev sakna det.

Eg fær sjå kvar det bèr frå her. Kjem eg til å uppsummera litt frå myrketidi, fylla inn eit par innlegg i tidsperioden, elder starta med blanke ark og sjå frametter? Nei, me fær sjå!

5 tankar om “Sida forsvann andre gong og vart berre vekk

  1. Kristoffer Egil Bonarjee

    Du må komma på Ping ein dag, så kan me ta ein gravmunkholm for Acona. Eg huskar godt den gongen med pensjonerte Alfons til fordel for ho. Attende til dei gode gamle dagane då me nytta dircproxy før me gjekk over til irssi osb. :p Hehe, me starta jo med irssi fordi det blei for stress med nat og ymse åpne portar :) mimre

    Eg skal snart pensjonera den lille nas-boksen min, men då blir med raid. Kanskje han lev vidare som backup-tenar for den nye boksen :)

    Simon har sikkert alle bileta dine i den digre cachen sin.

  2. Skjalg

    Ja det var trist med Acona. Eg veit eigentleg ikkje kor mykje eg har mista, men eg tok ein heil backup til Fjell i august 2008. Men det var berre mi mappe. Eg har alt det gamle mitt frå 1990-talet… Klarer eg å skrive sjølvmeldinga mi for 2009? Kanskje. Får berre håpe det ikkje blir bokettersyn, he, he!

  3. Skjalg

    Eg gløymte å gratulera deg med fødedagen din i dag. 23 år sidan den spesielle dagen på Makati Medical i Manila.

  4. Tilbakeping: Bilete attende, frå tenarkræsjet, april 2009(!) - Velmont – Odin Hørthe Omdal

  5. Tilbakeping: Bilete attende, frå tenarkræsjet, april 2009(!) | Odin si testside

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.