Togbillett til Stavanger (eg flytter frå Oslo(!))

Oi. Eg skreiv tittelen på dette innlegget, og so gjekk det brått upp for meg; det toget eg tek er den endelege avsluttinga på at eg er busett/bufast i Oslo! Iallfall for denne gong, veit jo aldri kva som skjer i framtidi.

Det er ganske rart å tenkja på, no hev eg levd i Oslo sers lengje. Eg skreiv eit innlegg um at eg hadde flytta til Oslo 21. august 2006. So eg hev budd her i 3½ år.

Jobb

Og no kaupte eg altso billett heim til jol, og eg kjem ikkje attende til Oslo. Eg sluttar òg i jobben min i Nei til EU, det er òg trist, ettersom eg hev vorte meir og meir glad i han etter tidi. Eg liker folki på kontoret, og eg fær gjera nye ting støtt som det er (sjølv um det er ein del administrasjon òg sjølvsagt).

Universitas.no-utviklingsjobben held eg på, og eg hev ikkje fengje nokre signal um at eg vert kasta ut der. Sjølv um løni er ekstremt flau so liker eg arbeidet veldig godt, og det vert på ein måte som eit hobbyprosjekt. Skulle ynskja eg kunne setja av meir tid til det då, men eg må jo nesten prioritera ting eg fær skikkeleg betalt for. Det er litt ljuging, forresten, for mykje av tidi mi gjeng jo med til å surfa på internettet og sitja inne og sutra. So lengje eg ikkje heng med Helene då, – dei dagane vert som oftast meir morosame, av di eg må nesten gjera noko anna enn å sitja inne då.

Flytter til Bergen

So, eg flytter altso til Bergen. Det alle spyrr meg um er «kva skal du gjera i Bergen?». Det er jo eit høgst relevant spursmål, som eg ikkje hev noko veldig godt svar på.

Eg treng pause. Kjenner eg. Elder. Eigentleg ikkje, eg treng det motsette av pause, eg treng noko nytt. Eg hev lyst å gjera noko anna enn det eg hev gjort her i Oslo i det siste, som kann uppsummerast til «ingenting». Sjølv um det ikkje eigentleg er ingenting, so er det ikkje noko av verdi. Det er vel som oftast å sitja å lesa nyhende, læra meg litt um datt, lesa meg upp på litt um ditt. I mellom alt dette «ingenting» hev eg hatt eit par strålande dagar (víker) med Helene, båe i London og Spania – og fleire andre plassar eg ikkje hev fengje skrive um. Dessutan hev eg sjølvsagt jobba for Nei til EU, og det hev vore moro uppi alt dette – iallfall når det er litt fysisk arbeid som er lett å skilja frå det eg gjer resten av døgnet (som, ok, i staden for å kalla det «ingenting» kann eg segja det som det er; «sitja på datamaskini»).

Miste av maskin

Ein annan interessant ting. Dei PC-ane eg brukar til dagleg er ikkje mine, dei er Nei til EU sine. No når eg dreg til Bergen (og Stavanger, fyrst) so hev eg ikkje eigi maskin lengre. Eg må skaffa meg ny, eventuelt dra med meg ei gamal ei.

Kva skal eg «gjera i Bergen» då?

Eg plar segja «ingenting». Eg skal ikkje studera, eg hev vorte leid. Eg skal ikkje jobba fast, iallfall ikkje i byrjingi. Eg skal berre prøva å hava det moro. Eg veit jo kor lite det vil halda seg, so eg må jo fort finna noko å gjera.

Ein draum hadde jo vore um eg kunne teke upp firmaet mitt att og gjort ein heil del fleire vevsideutviklings-, programmerings-, videoredigerings- og videofilmingsuppdrag.

Dessutan hadde det vore moro å skaffa meg ein litt meir fysisk jobb. No fekk eg smaken på det i Nei til EU heilt i slutten, der eg drog ned til kontoret for å arbeida der av di datamaskini mi vart øydelagd. Det var faktisk veldig moro å koma seg ut kvar dag. Det veit eg jo, men når eg måtte so vart det so enkelt å gjera det og eg fekk kome meg ut meir.

Ei anna stor fyremon med Bergen er at Espen, bestekameraten min, bur der. Eg vitja han då eg var i Bergen for litt sidan.

Pakking

Å flytta er aldri moro. Det er faktisk motsett, det er eit helvettes stress som eg godt kunne vore utan. Menmen. Eg må vel kannhenda rydda rommet mitt og vaska i morgon då? UGH.

Ja, eg trur ingen vart stort klokare av dette, men same kva; eg kjenner at eg gler/gruar meg til å flytta. Eg vonar eg vil trivast i Bergen, hovudpersonen som kann gjera noko med det er jo sjølvsagt meg sjølv.

Dessutan er jo Helene med meg, so det vert truleg bra same kva. :-)

4 tankar om “Togbillett til Stavanger (eg flytter frå Oslo(!))

  1. skjalg

    Flytting er stress – og vemod! Du har jo mykje å glede deg til: Helene, nye jobbar, friarbeid, kjekk by! Du må ta kontakt med det aktive filmmiljøet i Bergen. Stikk på Verftet. Meld deg inn i film-organisasjonane. Gjer deg kjend på Vestnorsk. Gå på kurs. Om du treng å kome i gang med noko fort, få Helene S til å skrive noko, du kan ta mitt HDV-kamera til Bergen om du treng det etter nyttår! Gje beskjed Odin!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.