Yearly Archives: 2009

Ny dress! (kjeledress, ja, jærbunad)

So, det er eit par dagar sidan no, men desto meir faktisk røynsle; på bursdagen min fekk eg endeleg det eg hev prata um i mange lange år; kjeledress.

Read more on Ny dress! (kjeledress, ja, jærbunad)…

Posted in Personleg | Tagged , , | 4 Comments

I London!

Eg skreiv ikkje eit «no reiser eg»-innlegg som eg plar hava god vane for å gjera. Kannhenda den lange tidi utan ei netside hev gjort meg slakk.

Read more on I London!…

Posted in Utenlands | Tagged , , | 2 Comments

Sida forsvann andre gong og vart berre vekk

Viss eg (elder for den saks skuld nokon andre!) ein gong les gjennom arkivet og finn ei sers lang pause i innlegg fyrr dette, so er det kannhenda på plass med ei forklaring. Det er vel det same kva, eigentleg.

Read more on Sida forsvann andre gong og vart berre vekk…

Posted in Vevside | Tagged , , , , | 4 Comments

Sokkar knyta som øyrevarmarar

I går klyppa eg håret og drog på Underskogpils[1]. Eg drog ikkje fyrr eg absolutt måtte for å få meg ein bysykkel fyrr 00.00 (dei vert låste då). Ikkje yverraskande var det kaldt, spesielt kaldt med avklipt hår[2]. Det tok ikkje so alt for lang tid fyrr eg fraus som ei bikkja, so eg steig av sykkelen og rota uppi sekken min (som eg alltid hev på meg).

Read more on Sokkar knyta som øyrevarmarar…

Posted in Dagbok | Tagged , , , | 3 Comments

Jesus Christ Superstar på Det Norske Teateret

Denne teatermeldingi er tvodelt, av den enkle grunn at eg etter fyrste akt skreiv kva eg tykte um stykket, og so måtte skriva meir då andre akt var ferdig. Det heile er ganske interessant eigentleg :-) Viss du ikkje gidd lesa alt so er det berre å hoppa til slutten. Me sat forresten ganske langt bak (rad 18).

Read more on Jesus Christ Superstar på Det Norske Teateret…

Posted in Melding | Tagged , , , , | 2 Comments

«Innhaldsrikt» blogginnlegg um innedag med middag, vitjing og puslespel

Puslespel, manglar eit par brikker

Som detaljlesande lesarar av sida mi hev funne ut (alle tvo), so sit eg mykje inne for dagane. I dag er det måndag, sist gong eg var skikkeleg ute (som ikkje var butikktur) var torsdag. Rett nok ikkje like gale som då eg var sjuk[1], men no hev eg verkeleg ingen grunn til å ikkje gå ut. Anna enn at eg ikkje klarar dra meg upp av stolen.

Read more on «Innhaldsrikt» blogginnlegg um innedag med middag, vitjing og puslespel…

Posted in Dagbok | Tagged , , , | 1 Comment

Noreg treng eit nytt stemmesystem

Det er heilt utruleg at me hev eit stemmesystem som kastar stemmene til mindre parti. Viss kvar stemme hadde vore like mykje verd og den totalt idiotiske sperregrensa hadde vore teken vekk so hadde MDG kome inn på tinget. Eit parti treng ikkje meir enn 0,58% stemmer for å få ein person inn på tinget då. Med 1,15% av stemmene fær du tvo. So mykje enklare og greidare system.

Read more on Noreg treng eit nytt stemmesystem…

Posted in Meining | Tagged , , , | 3 Comments

Visningssystem for videoloop for Stavanger Museum

Den siste vìka var eg i Stavanger, etter eg sat uppe kl 0300 sist fredag og tenkte «hekkan, eg hev ingenting å gjera i Oslo, og pappa kjem heim frå spania nett no (spaniabloggen til familien min), eg fær dra ned då». So eg kaupte SAS-flybillett fram og attende. Eg hadde òg ein jobb å gjera i Stavanger.

Read more on Visningssystem for videoloop for Stavanger Museum…

Posted in Personleg | Tagged , , , | Leave a comment

Miljøpartiet Dei Grøne > andre parti

Eg vart medlem no for ikkje so lengje sidan og hev følgjeleg stemt på Miljøpartiet Dei Grøne. Deira (vårt kannhenda?) største problem er at dei ikkje fær pressedekning. Det kann vera godt forståeleg ettersom partiet hev vore ganske annleis fyrr i gamle dagar. Elder so hev eg båe vorte fortald og fengje inntrykk av.

Read more on Miljøpartiet Dei Grøne > andre parti…

Posted in Meining | Tagged , , | 2 Comments

Snøgg stemningshakk

Siste dag på filmfestivalen. For å testa OpenCut tok eg litt video frå festen. Skulle berre so kjapt eg klarte laga mange kutt (harde, jump cuts) og få han ut i brukbart netformat. Det gjekk ikkje so bra i dag, so eg fyrte upp Cinelerra og fekk gjort det der.

Read more on Snøgg stemningshakk…

Posted in Dagbok | Tagged , , , , | 1 Comment