Amatørteatergruppe

I dag var eg på fyrste, uh, øving kann me vel kalla det i Studentteateret Immaturus.

Immaturus er ei studentteatergruppe her i Bergen. Eg trudde aldri eg skulle byrja med det att. Sant nok so ynskjer eg ikkje stå på ein scene lengre, men eg vil gjerne hjelpa til. Dessuta saknar eg sjølve klubb-konseptet med teateret, at me fekk leika oss når det ikkje var stykke.

So eg vart med i Improvisasjonsgruppa til Immaturus. Hadde det sers moro der i dag :-) Lengje sidan eg hev fengje «lov» til å leika på den måten.

So no i helgi på vetterlæger med NMU, og neste torsdag improgruppa att…

Det kjenst godt! :D

5 tankar om “Amatørteatergruppe

  1. skjalg

    Flott Odin, at du tek opp att teaterarbeid! Eg veit kvifor du ikkje vil stå på scena som skodespelar meir, men det er nokon som ikkje veit. Du har trass alt bruka 14-15 år av livet ditt på scenen!

  2. Unni Elisabeth

    Det er kuuuult!!! Kjempebra og superdupert! Eg er viss på at du kjem til å kjenne at det er heilt rett etterkvart også. Ikkje berre det at du faktisk er ein god skodespelar, men du har og erfaring med både regi og det audiovisuelle. Uansett så er det ei kreativ side i deg som kjem til å syrkjast og som det er godt at du får bruke meir enn det du har gjort fram til nå i Oslo. Det gler meg at du har funne fram til teateret igjen ;-)

  3. merete

    Stiligt at du har begynt med teater igjen…….. Og håbe du får det spennandes i Bergensbyen Hilse Merete

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.