Bustaden i Fredrik Meltzers gate 38

Mamma spurde so frekt um 50-100 bilete av den nye bustaden. So heldig er ho ikkje, men eg kunne ikkje godt segja heilt nei helder, so eg tok eit par-få bilete og ein video:

Me var utruleg heldige som fann ein bustad, det var faktisk ganske vandskeleg å finna noko som var fint nok til at eg fekk høyra Helene syngja um morgonen, som kosta mindre enn noko som ville totalt ruinert oss (no ruinerer det oss berre) og som var ganske midt i sentrum. Men det gjorde me altso til slutt!

Det var ein del ting å fiksa, som det alltid er når du flytter til ein ny plass. Mest upplagt er badet, der det hev vore ei vasslekkasje, slik at det skal fiksast av folk no i helgi (når me er i Oslo). Men det var ikkje slike ting eg meinte, eg meiner meir «gjera det fint og leveleg».

Me prøver å ikkje bruka for mykje pengar, so sjølv um me fort kunne svidd av 1.5K på ein brukt sofa, so fekk eg Helene til å leita litt til. Ho var bra forelska i den sofaen, men ho fann til slutt ein som var gratis og «heilt OK».

Men korleis flytter du ein sofa frå ein ende av Bergen til den andre? Lite vits å betala 800 kr for å leiga ein bil når me stresser raui av oss for å gjera ting billeg. Det voldte meg mykje smerte, men til slutt ringde eg Dag (ven av familien) som hjalp meg med å henta og køyra sofaen til oss.

Då Helene kom heim frå den engelske plasseringstesten 1 hennar (ho fekk toppscore!) vart ho bra yverraska; sofaen var finare enn ho hadde trudd. Ho var fylgjeleg kjempeglad.

Det vetle problemet ut av vegen, til eit anna. Ljos. Staden hadde ingen ljos, rart nok. Menmen, slik var det no ein gong. So etter litt «ugh, det er ingen ljos her» eit par dagar, stakk me ut på IKEA. Litt fram og tilbake vart det sjølvsagt, men til slutt tok me berre det billegaste som ikkje såg ekstremstygt ut.

Sidan taket er i gips, og eg aldri hev gjort noko som helst med gips fyrr (åvel, laga ei maska ein gong) var eg ganske i vilska yver kva me skulle gjera. Eg ville jo ikkje øydeleggja taket.

Til slutt prøvde me no ut å hengja upp ein krok rett i taket, det gjekk jo det; lampa er heldigvis lett. Eg kaupte inn slike gips-plast-ting, men me hadde ingen drill. So rett i gipsen. Kabelen heldt eg fast med slike kabelholder+spiker-ting, og det såg heilt OK ut til slutt.

Helene hjalp forresten til. So då fekk me ljos. Og det var ein stor forskjell! Det vart totalt bekmyrkt kl. 16 kvar dag. Litt koseleg var det, men på eit punkt fær du nok ;-)

So det var det, ei lita soge um bustaden her i Fredrik Meltzers gate 38.

Forresten, no hev de alle adressa mi;

Fredrik Meltzers gate 38
5007 Bergen

To flugar i ein smekk, heh.

So no er det so koseleg her, berre kom på vitjing :-) (Helene er alltid redd for at eg er so negativ på netsida mi, so må enda det veldig positivt ;-) )

  1. Helene skal ta eit kurs for å til slutt gå upp til IELTS-testen som ho treng for å studera ved engelskspråklege universitet. []

4 tankar om “Bustaden i Fredrik Meltzers gate 38

  1. skjalg

    Koseleg å sjå den nye bustaden dykkar. Litt mindre enn Stavanger Brygge ja, men leveleg for dykk her! Eg vil vitja dykk her så fort eg berre kan. Hev lyst på ein Bergenstur snart! Ellers så fekk eg ikkje spela av video (som vanleg eit problem frå denne maskina eller denne nettlesaren – Firefox 3.5.7 ..som ikkje vil ta mot Moonlight!). Det er sol og 19 grader ute.. så no skal eg ut å sykla til Altea!!!

  2. Unni Elisabeth

    He,he,he… og takk for det! Eg fekk ivertfall nokre bilete og det er betre enn ingenting :-) Det ser jo koseleg ut, men eg er overraska over at det ikkje var møblar i leiligheten. Det må da vere vanleg med ein slik pris?! Du MÅ halde meg oppdatera på kva som skjer i Bergen no då ;-)Det er koseleg med nokre fine kvardagsskildringar av kvardagsting og tang. Hels Helene masse og.

  3. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Skjalg: Fungerer fint her. Jaja. — Drit i moonlight, trengst ikkje til noko som helst. Viss du sjekker innlegget mitt, og gjeng til NRKBeta sin NRK Nett-TV i Linux, so finn du i innspeli der på slutten eit par betre metodar som ikkje inneber Microsoft sin elendige teknologi. Men hugs, du kann òg høgreklikka på videoen i Firefox og velja ­«lagre video som». Då kann du lasta han ned og sjå han lokalt!

    Unni Elisabeth: Versågod! Det er vanleg det, umøblert. Utan ljos i taket er litt meir uortodoks.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.