Velmont – Odin Hørthe Omdal

2010-01-10 13.50

På veg til Bergen

Då drog eg frå Stavanger i dag. Litt problem med bilen som eg skulle levera; ingen bensin att1! Problemet er at han ikkje lyser når det er lite drivstoff att slik alle andre bilar gjer.

Heldigvis hadde eg sett av god tid (for eg hadde ærend å gjera), so denne gongen kom eg fram til kystbussen godt i tide.

Same kva, no sit eg på MS Stavangerfjord på den vesle Eee-pcen min (namnet hennar er faktisk Fjord :-) ) og tenkte eg for ein gong skuld skulle bruka kamera som sit i maskini.

Me ser jo fort at det absolutt ikkje er laga til å taka bilete med, men til videoprat o.l. Same kva, de ser jo at eg er i live.

No legg ho til land, eg må inn i bussen att (ikkje det, eg hev jo internett same kvar eg er i landet, men eg leser bok på mobilen der) :-)

  1. Mamma, Pappa og Kitty Karina hadde same bensin-problem på nyttår. []

Mogleg relaterte innlegg

4 innspel til «På veg til Bergen»

  1. sa Unni Elisabeth 19:12

    Så då er du i Bergen? Du kan kanskje legge ut ein 50-100 bilete frå staden der du bur og korleis de har det ;-p Hadde du det greit i Stavanger sist veke då?

  2. sa Kristoffer Egil Bonarjee 13:38

    Du må svara på meldinga mi der eg spør kva sneglebrevadressa di er ;)

  3. sa skjalg 08:56

    Den sneglbrevadressa vil me og ha her i Spania!

  4. sa Odin Hørthe Omdal 09:18

    Unni: Ja, eg skal vel gjera det då. Hadde det fint i SVG ja, sjølv um eg ikkje fekk gjort so mykje som eg fekk til då eg var åleina i Stavanger fyrr jol.

    Egil: Det hev eg gjort.

    Skjalg: JaOK. Kann sikkert leggja ho ut her på netsida tilogmed, men det er jo ingen som sender sneglepost lengre, so veit ikkje um det er vits.

Kom med innspel

Du kann nytta textile eller enkel xhtml (<strong> <em> <blockquote>). Innspelet kann verta heldt att for søppelsjekk, logg inn for å sleppa.