Skaffa leigebil til Oslo

So, alle innleggi mi handlar um reising for tidi. Jaja. Eg må til Oslo for å flytta tingi mine her til Bergen. Det er so irriterande å mangla alt, spesielt når eg veit at eg hev mykje av det i Oslo.

So, korleis skal eg løysa det? Dette var planen min:

  • Ta toget til Oslo
  • Rydd og gjer klar tingi mine
  • Leig ein billig bil eit døgn
  • Køyr til Bergen
  • Last av
  • Snu, køyr attende til Oslo
  • Ta toget «heim att» til Bergen

Ei satans reise med andre ord. Men so sa ein lur person (orsak, totalt gløymd kven), kva med å leiga bilen i Bergen og berre køyra Bergen-Oslo-Bergen?

Hekkans smart! Heilt utruleg at eg ikkje kom på det!

Det hadde sine grunner, desse problemene dukka upp:

  • Då hev eg ingen «fritid» i Oslo til å pakka/finna ut kva eg skal taka med til Bergen.
  • Det vert veldig stressande.
  • Eg kjenner ingen billege utleigeselskap i Bergen (og rent a wreck er på Flesland, ugh)

Men eg søkte no rundt. Fann ut at eg fær, som medlem i Motorførerenes avholdsforbund 10 prosent avslag hjå Budget. Eg sjekka eit drøss andre òg, men Budget var verkeleg billegast sjølv utan rabatten frå MA. So, kalaset kom på 895.

Vel. Før ein heil masse gebyr det ikkje stod noko um fyrr i eposten eg fekk etter tingingi var klar.

Eg må betala 125kr i bot av di eg er under 25 år, OMG! Gidd å sei i frå um det.

Eg må betala 100kr i avgift av di eg køyrer i byar som hev AutoPass-brikker. Ugh. So det vert nok litt dyrare til slutt, saman med bensin då.

Jaja, det var eigentleg ingen annan måte likevel, eg kann ikkje taka med meg so mykje på tog. Til slik flytting treng du nesten bil.

5 tankar om “Skaffa leigebil til Oslo

  1. skjalg

    Har du tinga den litle bilen der? ein Peugeot 105? Du fer ikkje noko inn i den…..Kva med senga di? Forresten køyr forsiktig, Odin, ser det framleis er vinter i Noreg! Og du har vel kanskje dårlege merittar på glatt føre?!?

  2. skjalg

    Odin, eg fekk ei sånn kontrollside med ei bokstavrekkje eg skulle skriva inn. Forstår det er for å stengje for søppelpost, men det er vel ikkje naudsynt for meg som har OpenID?

  3. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Skjalg: Ein slik liten bil ja, det er plass i baksetene og eg skal ikkje flytta ei einaste seng. Berre boksar, klede, ting og tang. Det skal få plass i baksetene. Eg strør ikkje fritt rundt meg med pengar, dette vert nok dyrt nok det!

    Eg er faktisk veldig flink på glatt føre, kjem fram der få andre kjem fram og held alltid bilen på vegen. Men det er jo ein balansegang; er du for forsiktig so kjem du ikkje fram/vert sitjande fast i grøfta, er du for vågal/aggressiv står du i fare for å treffa andre bilar. Menmen, eg hev erfaring med å treffa andre bilar òg, so det gjeng bra.

    Det er ikkje eg som hev skrive antispam-systemet, eg synast det er rart han bad deg gjera det, men du slepp det sikkert neste gong

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.