2/3 viktuge studentaviser på nynorsk

Me hev 3 viktuge studentaviser i Noreg 1, Oslo med Universitas, Bergen med Studvest og Trondheim med Under dusken. Kvar onsdag fær eg epost frå alle tri, og eg hev ikkje lagt noko stort merke til det fyrr, men i dag såg eg at båe Universitas og Studvest sine epostar er på nynorsk.

Under dusken sin er ikkje noko å hoppa i taket over:

Hei

Her finner du denne ukens toppsaker fra Under Dusken:

Med vennlig hilsen
Anne Skalleberg Gjerde
Ansvarlig redaktør

Men sjå denne herlege tekstsnutten frå Universitas:

Hei,

Her er denne vekas Universitas-toppsaker. Du finn heile avisa på www.universitas.no frå onsdag formiddag.

Ha ein fin dag!
Mvh
Anna Werenskjold,
redaksjonsleiar og debattredaktør i Universitas.

Og sjekk denne koselege frå Studvest:

Hei,

Nedanfor finn du toppsakene frå Studvest denne veka.

Resten av avisa, samt avisa i pdf-format, er å finne på www.studvest.no etter midnatt.

Neste Studvest kjem onsdag 17. februar.

Ha ei fortsatt fin veke!

Med venleg helsing
Mari-Louise Uldbæk Stephan
Nyhenderedaktør i Studvest

Er ikkje det berre superflott!? :D Det gjorde verkeleg dagen min.

Oppdatert: SmiS (Studentavisa i Stavanger) sender òg nyhendeoppdateringseposten sin på nynorsk!

  1. Orsak UiS, UiT og UiA, de hev verkeleg ingen høgprofilerte studentaviser… Dessutan trur eg ikkje dei hadde vore like kule som Studvest og Universitas som hev nynorskbrukande redaksjonsleiarar []

4 tankar om “2/3 viktuge studentaviser på nynorsk

  1. Unni Elisabeth

    He, he… jammen godt du ivertfall har eit bein 100%plassera i «nynorskland». Den andre foten er minst 50% innafor den og :-D

  2. Odin Hørthe Omdal Skribent

    @Egil: Nei, ingenting. Vel, fyrr eg kom inn (redaktøren fyrr den eg hadde) so hadde det alltid vore nynorskforbod. Den redaktøren eg hadde måtte plutseleg taka stilling til det, for eg spurde – og han sa då at, nei, det skulle no gå bra. Eg skriv jo ingenting i avisi, men det gjorde dei nok merksamde på saki. So, eitt år seinare (ny redaktør) so kjem dei fyrste nynorske søkjarane, og då var det ingi hindring at dei brukte nynorsk, og vips, me hev nynorskfolk i avisi.

    Og so hev det berre kome fleire og fleire, til no redaksjonsleiaren skriv herleg nynorsk!

    @Unni: Eg forstod ikkje den, menmen. Bergen er lite nynorskland, sjølv om kommunane utanfor er, men slik er det i Rogaland òg. Men Kviteseid er nynorskland framleis, men sidan det er ingi reell likestilling so bytar jo ekstremt mange til bokmål.

  3. Mari-Louise Uldbæk Stephan

    Kjekt å sjå at Studvest si pressemelding kan vere til glede for folk :-) Nyhenderedaktøren og kulturredaktøren i Studvest skriv begge på nynorsk, så difor vert alle notisar samt flesteparten av leiarane også skrivne på nynorsk.

    Mvh Mari-Louise Uldbæk Stephan Nyhenderedaktør i Studvest

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.