Det akademiske kvarter, Bergen

På fredag den 5. opna Kvarteret her i Bergen. Eg ville gå, men fann ingen å gå med – dessutan ville det truleg vera råfullt. So sidan eg ikkje eigentleg hadde lyst å sjå nokon av bandi som spelte so vart eg berre heima og la meg helder tidleg.

For dei som lurer på kvar Helene er, so er ho heime på Voss og arbeider litt med skuleting.

So kom laurdagen, eg stod tidleg upp (som ofte skjer dersom du legg deg tidleg, det er rein kos!) og måtte venta lang tid fyrr butikken opna. Då han endeleg gjorde det, stakk ut for å kaupa litt mat. Der fann eg litt dårleg språk i BT som eg skreiv um i går.

Vel heime laga eg det same som eg sit og gomlar i meg i dag, på same måten. Ved sidan av Fjord, Eee-pcen min. Ei lita anekdote der;

Fjord, Eee-pcen med nytt OS

Eg hev irritert meg yver at eg hev hatt Ubuntu 8.10 på den maskini, altso ein Ubuntu frå 2008(!). Gamal og vond. Dessutan hev ho vore litt treig og hatt problem med å t.d. spela musikk utan å hakka.

So etter mykje om og men (eg prøvde installera nyaste Ubuntu eit par gongar) la eg inn Arch Linux 1 medan eg sat uppe på universitetet i Bergen. Arch krevde 600-700 MB med oppdateringar, som er ganske mykje for den vesle mobiltelefonen min 2. Eg gadd ikkje venta på det og prøvde helder få upp Universitetsnetet (eduroam). Sjølv um eg ikkje hev brukar i Bergen so kann eg bruka brukaren min i Oslo ved å skriva odinho@uio.no, ganske hendig.

Etter lang tid for å fiksa det fekk eg netet upp 3. Og her er yverraskingi; eg fekk ikkje lengre 200KB/s, men heile 2MB/s då eg lasta ned! Det er ein tidobling! Berre med å byta operativsystem (vel, det er sikkert berre grunna ny og betre Linux-kjerne)! Ein annan ting var at maskina mi hadde mykje betre dekning til det trådlause aksesspunktet og at eg ikkje vart kasta ut kvart kvarter slik eg var i Ubuntu. I tillegg er maskini mykje snøggare no. Nei, det lønte seg stort å leggja inn gode gamle Arch Linux. <3

Attende til Kvarteret

So eg sat no der og hacka i veg på maskini medan eg åt maten min. Eg hev det med å berre sitja inne heile dagane dersom eg ikkje finn på noko og kjem meg ut. Eigentleg sat eg berre å venta på at Kvarteret skulle opna, det gjorde ikkje det fyrr 1500. No var klokka… 0900.

Eg hadde bra lyst til å sitja å arbeida med Universitas elder dei nye målungdomssidene (ligg mellombels her, dersom nokon vil sjå kor lite me er kome sidan sist) elder noko anna, problemet mitt er at eg ikkje klarar gjera skikkeleg arbeid på den vesle skjermen. Eg treng upp på Universitetet for å få ein stor skjerm kopla til. Men der krevjer dei UiB-kort, det hadde eg ikkje. Eg gjekk gjennom parken og vart tilbode «veldig bra speed!». Yverraska yver kor ekstremt mange dei er, desse rusmisbrukarane. Fleire enn eg nokon gong hev sett i Oslo.

Biblioteket var stengd. Eg sat der på fredag og las gjennom gamle nummer av Vestlandsfa’n, som var ei avis Studentmållaget i Bergen gav ut. Eg prøver finna ut av soga vår, ho er litt tåkete. Tenkte eg kunne halda fram med det på ein laurdag, hadde vore koseleg, men nei.

So eg gjekk utan mål og meining rundt i sentrum heilt til eg fann ein Deli de Luca med tilbod på bollar og sitjeplassar i andre etasje. Jaja. So eg sat der til Kvarteret opna.

Kvarteret-kafeen

Då klokka altso var 1500 hadde eg gjort ingenting veldig lengje. So stakk eg til Kvarteret-kaféen. Der gjorde eg òg fint lite. Eg såg på klokka og fann ut at det fyrste starta 1930. So eg heldt fram med å venta. Då det rundt 1900 kom ein heil del finkledde jentor som byrja pynta rundtomkring kjende eg meg fort lite velkomen so eg stakk.

Oi. Eg er på 815 ord allereide. FSCK, eg må tidskomprimera meir her.

Tivoli

Eg kom meg på «studentkultur i Bergen»-ordskiftet til Studentersamfunnet, som ikkje var so mykje ordskifte som det var koseleg mimring frå tvo av dei i Prodseg (dei hadde andsvar for utformingi av lokalet). Det var i «Tivoli»-lokalet.

Speilrommet

Eg måtte gå midt uti, av di eg skulle på crIMePRO med longform improvisasjon i same bygget, i «Speilrommet».

Eg tykte det var særs underhaldande, og lo godt av den 45 minutt lange totalt improviserte stykket. Eg hjalp til med å rydda etter stykket (eg skreiv under på ein «eg skal vera med å hjelpa Immaturus» då eg vart medlem, og det var dei som arragerte det), sers glad for å faktisk ha noko å taka meg til for fyrste gong i dag.

Storelogen

Etter det traff eg Audun Klyve Gulbrandsen og han skulle på Jazzkonsert i same hus, so eg vart med der. Det var i «storelogen». Eg prøvde kaupa ein Clausthaler (som eg òg hadde gjort tidlegare på dagen i kaféen), men det viste seg vandskeleg – det hadde dei aldri gjort fyrr og han fantest ikkje i datasystemet. So eg fekk no vatn i staden for, hrmf. Dessutan fær eg berre medlemsrabatt på «vanleg hansa», og eg er fint lite interessert i alkoholhaldig øl, so det syg for meg. I Oslo fær eg masse rabatt på alkoholfri øl, kostar faktisk ikkje meir enn 10 kr i baren(!).

Teglverket og Pianosalongen

Då me stod og prata etter konserten traff eg Ida (frå SmiB), saman med Julie, Live og Ane. Med dei var eg innum to rom til; Teglverket og Pianosalongen (viss det var korrekt namn). Då klokka var yver 00 stakk eg heim, på den tidi hadde det kome so grovt mange folk at eg ikkje gadd stå i kø berre for å gå i ein gang.

So eg stilte meg i køen for å gå ut (for det var det òg).

Moralen er, kom tidleg på Kvarteret, då er det få folk, men ikkje alt for tidleg for då er det ingen, pluss at då skjer det ikkje noko. So, ca 19-00 er vel ei god vitjingstid.

Og elles må eg verkeleg finna på noko å gjera dei dagane då det ikkje skjer noko. Laurdag og sundag, eg ser på dykk.

  1. Arch Linux er ein herleg distro. Du oppdaterer aldri til ein ny versjon, av di han heile tidi uppdaterer pakkane for deg. Kjem ein ny Firefox ut? Den er der dagen etter. Ny Inkscape? Det same. På den måten er du alltid oppdatert på det nyaste. Problemet er at når kvar del av systemet heile tidi vert uppdatert so kann ting verta ustabilt av di det ikkje er testa. Det er ein låg nok pris for meg ;-) []
  2. i januar lasta eg ned 7.5GB med mobilen! Med 3G gjeng det kjapt (100-200KB/s), men eg fær berre EDGE på Universitetet – so det hadde teke LANG tid. []
  3. Frå installasjonen er Arch Linux heilt rein, BERRE det du absolutt treng, ingenting meir. Difor er det ingen grafiske måtar å kopla seg upp til slike avanserte brukarnamn/passord-baserte trådlause netverk. Faktisk er det ingen grafiske ting i det heile teke, du fær berre ein konsoll og det er alt. Brukte ein heil del tid på å finna dei korrekte innstililngane for å få trådlaust net… []

5 tankar om “Det akademiske kvarter, Bergen

  1. Unni Elisabeth

    Jaha,- fint innlegg. Dårleg at dei ikkje har alkoholfritt øl!!! Det skal dei ha om dei har øl. Ellers kan du krangle med alkohollova i hånda for der står det noko slikt som at dei skal servere eit nokolunde liknande alternativ til alkoholhaldig drikk. så det så! ;-)

    Nei no må eg skifte kanal på TV´n. Noko masete sport i bakgrunnen. Eg vil heller sjå FILM!

    Fekk lang koseleg e-post av deg og :-D og skal svare på den.

  2. ida

    retting: me var innom tivoli òg, og var der faktisk ganske lenge! det var jo der dei finske jentene med data og trommeproblem var :P

  3. Kristoffer Egil Bonarjee

    Det hjelper nok ganske mykje med betre trådlausdrivare frå ein nyare kjerne ja. Kva var det som gjeng galt då du la inn Ubuntu? Eg la inn netbook remix på mi, utan nokre problem.

    Har du forresten fått nytte av maskinane du henta i Oslo? Begge to er vel raskare enn Eee’en :]

  4. Skjalg

    Hola Kviteseid! Sit på den gamle dampmaskina, hackar meg på naboen trådlause nett.. Biblioteket har og so du veit, men då må eg ut i snøen me antenna…Men eg lasta ner 147 oppdateringar! KAnskje me sko bytte her og?

  5. Odin Hørthe Omdal Skribent

    @Unni Elisabeth: Jo, ja, dei hadde jo – det var berre litt vandskeleg å få tak på av di dei ikkje visste korleis dei skulle trykka det inn i maskini. Men elles synast eg den «likt tilbod» skulle gjeva meg billegare alkoholfri øl, som sagt, i Oslo kostar han 10kr(!) i baren! Dei reknar med at so få kauper han sikkert, men feitt for meg – eg drikk jo ikkje stort anna.

    @ida: Ja, eg fann ut eg hadde skrive nok. Men finskejentene med plingplong var jo morosame dei. Ho eine utadvendt og ho andre heilt innadvendt. Hoho.

    @Egil: Det var berre jækla vandskeleg, sjølv um eg trur det er PEBKAC til slutt, var nokre BIOS-innstillingar som måtte til for å boota frå USB, trudde det var standard eg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.