Lite hjelpeviljuge fangevoktarar

Eg stod tidleg upp i dag og var råsvolten. So eg stakk på Mega for å handla litt. Der las eg avisframsidene slik eg alltid gjer, og hang meg spesielt upp i noko Bergens Tidende hadde skrive:

Eg las dette båe 4, 5 og 6 gongar og forstod framleis ikkje kva dei hadde skrive. Jojo, eg forstod det godt, men eg kunne ikkje forstå kvifor kriminalomsorgen på vestlandet skulle meina noko slikt. Viss du ikkje fekk det med deg i biletet er det denne teksten eg pratar um:

For få ansatte gir fangene mulighet til å drive kriminell viksomhet, mener ledersen i kriminalomsorgen på Vestlandet.

Hæ? Men er ikkje det ein god ting! Me vil vel helder at fangevoktarar mogleggjer kriminell verksemnd, enn at mange gjer det!

Eg ville no helder meina at dei tilsette som faktisk «mogleggjer» at dei innsette kann driva kriminell verksemd burde sparkast. At nokon av dei i det heile teke let dette henda er alt for mange! So mi setning vert helder:

I fylgje kriminalomsorgen finst det fengelstilsette som gjev fangane mogleik til å driva kriminell verksemd. Same kor mange elder få det er so er det for mange, meiner Odin Hørthe Omdal og segjer kriminalomsorgen midt i mot. Få slutt på det, legg han til.

Dersom nokon trur eg ikkje fekk med meg at dei eigentleg meinte «Mangel på fengselsvaktar fører til at innsette fær driva kriminell verksemd i løynd», so kann dei taka det heilt med ro. Eg såg det då eg las resten av teksten. Men inga orsaking for å ha so flaut dårleg språk på framsida til ein so stor avis!

4 tankar om “Lite hjelpeviljuge fangevoktarar

  1. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Ida: Ja eg fann det ganske kjapt ved å trykkja CTRL+F og skriva «Ida». ;-)

    Nei, det er flott. Det viser seg at folk er ekstremt interesserte i slike språksaker. Då kjem alle trolli ut fort. Det er ganske rart at det er so stort folkeleg engasjement for slikt…

    Sjølv um det for det meste er negativt for nynorsken, so er folk godt engasjerte iallfall. Moro.

  2. Unni Elisabeth

    Hi, hi – tja, eg forstod d no m ei gong då,- men måtte lesa kva du eigentleg meinte eit par gonger om igjen – men så var det jo eigentleg særs artig det du sa og det er jo sant. Kanskje me vert så vande m å lesa fork sprk at me ikkje lg mrk t d lngr!!! ;-D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.