Tryggleiksforvirring på Fjord1-båtane

Dette er andre ferjeturen på vegen med Kystbussen frå Bergen til Stavanger. Eg la fort merke til at tryggleiksopplysingi var annleis her på denne båten enn den førre (og normale);

Ei vakker nynorsk, roleg kvinnestemme fortel oss um tryggleiksinformasjonen til båten, der det normalt sett berre vert sagt, «sjå på skjermane». Eg plar ikkje vera alt for glad i denne tryggleiksinformasjonen som eg hev høyrd 14 gongar fyrr. Interessant nok irriterer det meg ikkje, det er ei god stemme av typen NRK radio, som du gjerne kann ha på i bakgrunnen. Dessutan er det flott nynorsk normaltalemål.

Eg hev skrive ein epost og rost Fjord1 for at dei brukar nynorsk på plakatar, skjermane og informasjon til passasjerane 1. Trudde eg hadde lagt brevet ut på netsida mi, men fann det ikkje (fær leggja det til seinare).

Med eitt skjær ei anna stemme inn. Den bokmålske datadama som kviner «sjå på skjermane for viktug tryggleiksinformasjon». No høyrer ingen av oss nokon ting av kva dei segjer, av di dette bokmålsmarrakelset absolutt skulle øydeleggja og pressa seg inn.

Slik er det. Finst det nynorsk ein plass, so kann du banna på at bokmålet kjem og lagar kvalm.

  1. Det er litt vedmodig at eg ser at dei hev tapt seg litt. Plakatar i kaféen og nokre som heng på dørane er på bokmål. Dei ser litt heimelagde ut, so det er kannhenda ikkje Fjord1-firmaet som hev laga dei, men dei tilsette på båten… []

5 tankar om “Tryggleiksforvirring på Fjord1-båtane

  1. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Anonym: Du treng ikkje skriva inn tulleinformasjon i namn og epost, då er det betre å ikkje skriva noko (eg fjerna det).

    Eg heiter Odin, men kallar meg stundom Velmont, vel, odin.no er uppteke. Velmont er kallenamnet mitt på internett. Mange som kallar seg «Odin», få som kallar seg «Velmont». Difor. Vil eg tru. Sjølv om det ikkje er so mykje eit løynd «alias», av di eg aldri hev vore redd for å gjeva det fulle namnet mitt.

    Dessutan heiter firma mitt Velmont. :-)

  2. skjalg

    Nei, no må du kome med nye innlegg til sia di! Du har ikkje oppdatera sidan 10 februar! Det er ikkje godt nok. Eg føler dårleg samvet sjølv no – eg har ikke laga noko nytt på http://spania.s0.no/ sidan 1. mars! Men eg tenkjer på det no…Du henta jo kamera og datamaskinen min til Spania så no kjem det snart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.