Kjærleiken overraskar igjen på Det Norske Teatret

So såg eg og Helene dette stykket med den ganske so keisame tittelen, og ikkje so alt for yvertydande materiellet. Eg vart positivt yverraska.

Dette innlegget var eigentleg berre ei diger avsporing midt inne i førre innlegg um libris på nynorsk som eg valde å skilja ut.

Litt morosam fakta: Kirsti Stubø spelte i stykket – ho spelte tanta mi i «Lille Eyolf» og er ei av dei eg hugsar best frå mine 13 år på Rogaland Teater. Ironisk nok iom. at ho berre var i det stykket. Eg tenkjer plutseleg på ho når eg kjenner lukta av parfyma hennar. Det er verkeleg heilt ekstremt, kjenner eg den lukta (eg anar ikkje kva det er, elder ofte kven som hev han på) so ser eg rundt etter ho. Ganske morosamt. Det fær meg i eit godt sentimentalt humør der eg tenkjer på Rogaland Teater, Lille Eyolf og allslags andre gode minne frå teatertidi mi.

Det sat ei gamal, herleg dame framfor oss. I pausen kom me i prat.
«Eg overhøyrde eit par ute i dokøen som synast det var keisamt og trøytt, eg kan ikkje forstå det,» sa ho til venene sine, fyrr ho snudde seg bak til meg;
«Eg høyrde du sat bak der og humra med»
«Ja, er eit humrestykke dette her. Lågmælt og litt sært. Må forstå humoren,» svara eg.
«Sant. Eg tykkjer det er særs morosamt».

Der var stykket ferdig. Det var ganske so morosamt. Eit humrestykke. Applausen var ekstra moro; alle skodespelerane blenka som tende ljos og smilte som få andre. Eg trur faktisk me var eit godt publikum i dag, humringa og latteren sat laust, mykje energi.

Dei som hev vore på teaterstykke fleire dagar etter kvarandre elder spelt teater veit at energien til publikum og dei på scenen heng tett saman og påverkar kvarandre. Det er ofte ein positiv spiral med godt publikum; dei forestillingane vert ofte råbra.

Slik smilte dei altso her, eg kann jo godt tenkja og vona dei smiler slik kvar gong, men eg trur dei varr glade av oss. Helene fortalte meg òg at dette var siste forestilling so kannhenda dei gjorde noko nytt på scenen i dag, elder dei hadde kjende i salen, elder berre var glade for å vera ferdige. :-)

5 tankar om “Kjærleiken overraskar igjen på Det Norske Teatret

  1. skjalg

    Eit fint og varmt innlegg. Det er godt lese om dine opplevingar frå barneteateret! Det varmar i sjela… Du må skrive meir Odin. Visste ikkje dykk var i Oslo forresten, fortel meir kva du og Helene finn på! Det er ikkje så mykje me får med oss her frå Spania veit du! No er me i Andalucia. Skal inn i Sevilla i dag. Gler meg til å sjå den navngjetne Capilla Mayor og landemerket la Giralda, som eg opplevde i 1968 som 15-åring, saman med din farfar Steinar.

  2. Odin Hørthe Omdal Skribent

    skjalg: :-)

    klabb: Eg flytta til Oslo. Altso vekk frå Rogaland Teater. Dessutan byrja eg verta for gamal for å vera i ungdomsteateret. Dei tek berre inn folk frå VGS, men du kann vera der lengje dersom du er med kvart år utan upphald.

    Kvifor eg ikkje speler på andre teater? Vel, eg kjenner meg ikkje trygg nok der – eg er ingen god skodespelar og må kunna stola på at teateret kjenner meg sopass at dei a) veit det, og b) kann gjera noko med det (typ. gjeva meg roller der eg ikkje treng «spela» alt for mykje, men berre kann vera rolla). Trur eg.

    Dessutan er det jo alltid alt for mange som ynskjer å vera skodespelarar, so det er ikkje plass til nokon som ikkje vil det yver alt anna. Noko slikt. Likevel saknar eg det mykje…

  3. klabb

    Takk for svar. Eg hugsar at eg var og så lille eyolf. Det var fint.

    Kan du ikkje verte me i eit studentteater?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.