Lapskaus!!!

So. I går hadde eg lyst på noko godt til middag. Det hadde jo Helene òg og då vert det anten heimelaga Foccatia elder heimelaga pizza. So ho dreiv no på med det. Det måtte òg vera lett, og eg hugsa attende til då me var i Spania og pappa lagde grønnsakssuppe.

So eg kaupte inn kålerabi, poteter og selerirot. Gulrøter hadde me allereide. Kutta det kjapt upp medan vatnet varma seg og hadde det uppi saman med ein grønnsaksbuljong.

Steike det vart godt! Det er:

  • Billeg
  • Utruleg godt
  • Veldig enkelt
  • Kjapt

Råbra med andre ord. Kvifor er ikkje dette standardretten?

Eg lagde 3 digre porsjonar, so i dag kokte eg det upp att til frukost, og no vart det lapskaus. Genialt, herleg frukost.

Mogleg relaterte innlegg

This entry was posted in Personleg and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

4 Responses to Lapskaus!!!

  1. skjalg says:

    Lapskaus er godt. Enig. Anten det er med eller utan kjøt. Fint å fryse og om du lagar mykje. Og hugs at smaken set seg etter 1-2 dagar. Då er han på sitt beste! Ellers så kjem det ei oppskrift på mi side og no, med spanske appelsiner…

  2. Elisabeth says:

    Årh…lapskaus saknar eg å eta! Det er knallgodt. Det går mykje i suppa her nede, mellom anna fann eg ei grisegod oppskrift på gulrotsuppa i kokeboka mi. Det burde du laga til kjerringa di ein dag, det er stemningsmiddag. Eg har lyst å læra meg ei god oppskrift på lapskaus i brun saus, slik som ein får andre stader i Noreg, men det er det ingen som har kunna hjelpa meg med…

  3. Unni Elisabeth says:

    Dette er og godt for ein veggis: potetmos av nykokte poteter. Steik sopp med salt og peppar, gjerne og med lauk. Etterpå steikjer du oppkutta brekkbønner i smør saman med ei ss sukker. Steik til dei har fått litt farge. Vips så har du middagen klar :-)

  4. Skjalg: Eg skulle gjerne laga meir, eg åt det alt for fort opp.

    Elisabeth: Hei!! Hehe, Helene vart ikkje ovglad for grønnsakssuppa/lapskausen, men det var nok mest av di ho allereide etla foccatia. Lapskaus i brun saus veit eg ingenting um, det er vel som oftast noko kjøtgreidor oog, so passar ikkje meg. Denne ljose lapskausen her fann eg jo berre heilt tilfeldig.

    Veldig moro å få innspel av deg, du skreiv det på eit tidspunkt der eg tenkte mykje på deg. Eg var faktisk saman med Eva å henta nokre av SmiB sine dokument som du tok med frå Bergen då du var studentskrivar! :D

    Unni Elisabeth: Skal få prøvd det då ;-)

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>