Fulle nordmenn på flyet til Spania

Helene vart litt snurt då eg svarte eg ikkje ville skriva um dette her. Me hadde nett teke flyget frå Haugesund til Alicante (Spania) og sat bak nokre brautne broltne karar frå Haugesund som skulle på ekte harrytur til Spania. Viss nokon hev sett Charterfeber-programmet so kjenner de typane.

«Dette er jo det du alltid skriv om på netsida di», segjer Helene
«Nja, nei, det er berre du som meiner det,» svarar eg
«Og du har ikkje skrive noko på lengje»
«Ja, jo, men viss eg gjer det so vil jo du enno meir tru og seia at eg berre skriv um ting som irriterer meg på netsida mi»

Ja-jo. Seinare so fær eg høyra at eg ikkje hev uppdatert på lengje frå fleire hald. Greitt nok, eg hev ikkje vore i humør til det, menmen, det er kjekt å skriva slik at eg hev noko å sjå tilbake på når eg er 40 år. So fær eg skriva litt um dei fulle folki på flyet lell då, for å gjera kjærasten min nøgd.

So dei bråkte og styrte som slike bråkmakarar ofte gjer. Plaga flyvertinnene litt og heiv innpå med alskens alkohol som er kustus for nordmenn på «sydentur». Dei var lokale folk frå Haugesund på veg til massiv festing tydelegvis. Vil truleg ikkje ha teke dei lang tid å dekkja inn heile flybilletten berre i prisdifferansen for alkohol i Noreg og i Spania.

Genistreken deira kom mot slutten av den tri timar lange flyturen. Etter tvo av dei hadde vore på do kom tvo sinte flyvertinner bort til oss (me sat jo rett bak) og spurte rett som det var «Røykte du på toalettet nettopp?», berre på engelsk sjølvsagt.
«Nei, huh, nei det gjorde eg ikkje», svarte han eine av dei tvo på elendig engelsk.
«Jo, det gjorde du. Det luktar røyk som berre det.»
«Nei!»
«Jo. Du kom nett ut av toalettet.»
«Nei,» han eine av dei tvo (han mest bråkute, ikkje han som vert anklaga) byrjer forklara at dette berre er tull og tøys.
«De vert båe tvo politianmeld og tekne av politiet når me lander,» segjer ho eine og so stikk dei båe tvo.

Gutegjengen byrjar prata med kvarandre. Det er tri stykk, og dei hev forskjellege roller. Tvo av dei på mi side er opprørt og irritert yver idiotskapen til dei tvo andre. Han eine hev berre elendig engelsk, ikkje griseelendig. Dei andre tvo på motsatt side av gangen er dei som krangla med flyvertinnene. Han som røykte kann omtrent ikkje engelsk i det heile teke, medan han andre, den mest broltne karen av dei alle kann eit par gloser som han repeterer so ofte som han kann. Han er ganske ekkel eigentleg. Er altso griseelendig i engelsk.

«IDIOT, røykte du!?», segjer han som er mest andsvarleg og best i engelsk.
Han stille fyren svarar umtrent ikkje, «… visste ikkje… so merkbart…».
«IDIOT!»
«Nei, høyr no her, dei kann ikkje politianmelda oss,» segjer han broltne
«Det de må gjera no er å vera ekstremt greie, og betala den boten utan å kny.»
«MEN», prøver han broltne å skyta inn
«Ingen men! Betal boten same kva han vert. Eg er LITE interessert i å få problem no allereide fyrr me i det heile teke er kome i gang. Ikkje sei noko, berre sei OK og svar på direkte spursmål, ikkje la dei få ein grunn til å halda dykk lengre,» han sukker tungt. «Og for faen fjern dei Whisky-flaskene, det må då vera grenser for toskaskap!»
«Ja,» svarar dei.
«Me er ikkje interessert i å venta lengje på dykk, OK?»
«Jaja.»

Dei held no fram litt slik og vert altso til underhaldning for alle oss bak og framme, som alternativt himlar med augo elder ler lett av det heile.

Flyget landar og alle er interessert i å koma seg ut. So enkelt er det ikkje.

«Alle må sitja ned til politiet hev køyrd ut til flyget for å taka hand um nokre av passasjerane våre. So berre vert sitjande slik politiet kann koma inn.», segjer dei yver høgtalaranlegget. Superflaut. Det vert sjølvsagt betre av di dei sjølv innrømmer ganske høglytt kor flaut det er ved å kommentera det til kvarandre.

Dei gjeng gjennom flyget slik at alle fær sjå dei, og må attende for å henta pass. Etter det vert dei tekne ut og me kann gå ut.

So det hender altso dersom du er er full nordmann på flyget til Spania som absolutt må røykja og ikkje klarar venta 30 minutt til.

Eg var forresten aldri irritert på desse folki, eg tykte det heile berre veldig morosamt og rart. Som å sjå charterfeber live. Ganske utruleg kor harry folk kann vera i ekte live.

4 tankar om “Fulle nordmenn på flyet til Spania

  1. skjalg

    Dette er ein god ide eg berre må ha med i filmhistoria mi som eg nett har byrja å skriv på. No om 20 timar sit eg på same flyet, til Haugesund…

  2. Kristoffer Egil Bonarjee

    Dykk var heldige. Det kan gå verkeleg ille med heftig alkolholkonsum på fly. Den gongen eg reiste heim frå Texas var ein av dei. Pga dårleg ver, var berre nokre få rullebanar opne, så flyet vårt måtte venta i kø for å ta av. Når med var fremst i køen, er det ein idiot som har drukke masse whisky og spyr. For å kasta han av, må flyet attende til gate’en, finna bagasjen, og starta bak i køen att…

  3. Unni Elisabeth

    He, he – den var jo fin! Jammen godt at Helene fekk påverka deg til å skrive inn den forteljinga :-D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.