Kick-ass!!1

Eg og Helene såg nett Kick-ass på kino. Er det ein film som fortener det namnet so er det denne! Å i salte banan-kasse kor moro eg hadde det. Det var latter og innleving i filmen det!

Eg skal ikkje skriva eit lengre innlegg som eg kannhenda eigentleg hev lyst til, for me hev gjestar dei prøver sova men eg måtte i det minste gje litt kreditt til denne skittøffe filmen. Aiaiai.

Ikkje noko underfundig akkurat, ingenting revolusjonerande på nokon måte, men berre rein skjær underhaldning. Ekstremgod underhaldning for det. Eg kjende det nesten som um eg vart kameratar med dei i salen, so mykje koste me oss.

Og ei 11 år gamal jente som plafrar ned folk til høg diggbar musikk? Ubetaleleg.

No er det diverre leggjetid, sjølv um eg helst vil springja ut og vera KICKASS sjølv! :D

Ah, og ein ting til, du må truleg lika Quentin Tarantino for å lika denne. Viss du gjer, kos deg med filmen ;)

Ahh, og ein siste ting; i morgon legg eg ut noko anna ekte kickass/råstilig/utruleg som skjedde med meg sist onsdag. Slik apropos. Deilig…

2 tankar om “Kick-ass!!1

  1. Simon

    Eg hatar Tarantino, men storkosa meg med Kick-Ass. Hadde eigentleg ingen store forventingar, så det hjelpte kanskje litt på. Dei hadde teke seg litt til rette med historia frå teikneserien, men det ser ikkje eg på som noko negativt (eg sakna ikkje blekkspruten i Watchmen – gjorde du?). Ho jenta som spelte Hit Girl, Chloe Moretz, skal forresten spela vampyren i nyinnspelinga av Låt den rätte komma in. Spent å sjå korleis det går…

    Eg hadde forresten med meg brørne mine, som båe fyller 16 i år. Dei vart stogga både i kassa og av billettkontrolløren. Eg flira godt då!

  2. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Simon: Eg venta svar frå nett ein person; deg ;-)

    Med Tarantino so meinte eg kannhenda mest; «viss du tykkjer blod, vold og underhaldning ikkje høyrer saman, vil du truleg ha problemer med denne filmen».

    Åja, skal ho det ja? Hmm, ja. Me fær sjå. Eg trur ikkje eg ser den på kino, hev jo allereide sett originalen på stort lerret.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.