Overrumpla av politiet

Eg skulle skriva um seiletreningi mi i dag, som var råkult, men so skjedde det noko endå kulare nett no. Eg vart stogga av politiet på joggeturen min ned til butikken, Hollywood-stil!

Helene lagde handlelista, Nå pizzadeig (slik at eg kunne laga han), ost, tomat og mais. So gjekk ho i dusjen og sende meg av garde. Eg var so leikande glad av di eg hadde vore på seiling so eg fann like greitt ut at eg skulle jogga. Hadde på meg den svarte skinnjakka mi att av di dressen min var for blaut, eg tok ikkje med meg meir enn VISA-kortet. Eg plar alltid hava alle korti mine med meg, men kva skal eg med dei ned til butikken ein sein kveld halv eleve liksom?

Illustrasjonsbilete. Frå dagbladet.no, av HEIKO JUNGE / SCANPIX

Halvvegs til butikken so set eg farten upp litt og kastar ut refleksen min. Alt det neste skjedde so ekstremt fort at eg ikkje veit heilt kva som hende, men eg såg ein bil til venstre for meg. Han dreiv og tok meg att. Eg såg at han svingde inn mot meg, so eg sette upp farten min for å koma fyrr bilen ut (for å ikkje koma i vegen for han inn på fortauget). Med eitt set bilen upp farten og svingar kjapt inn framføre meg. Eg anar verkeleg ikkje kva eg skal gjera, det er nett som um bilen ikkje vil at eg skal springja vidare, det vesle hòlet eg ville springja gjennom er no vorte so lite at eg ikkje kann springja gjennom det.

I det bilen bremsar snøggt rett fyrr han treff husveggen spretter båe bildørene opp og to stykk fýk ut. Ei dame i framsetet og ein mann i baksetet. «POLITI!», ropar dei og er ute og held hendene mine fyrr eg fær tenkt meg um Mannen spyrr kjapt;
«Kva heiter du?» (det må segjast at eg eigentleg ikkje hugsar stort mykje av dette trass i kor få minutt det var sidan, eg vart heilt totalt satt ut)

Dei er til saman fire stykk i bilen, og alle er i full kommandouniform. Altso, ingen vanleg politiuniform, men med FULL SKUDDSIKKER VEST. Dei er store, og ser skumle ut og, no må de taka dette litt med ei klype salt sidan alt skjedde so fort, eg trur dei var bevæpna. Eg er nesten heilt sikker på at dei hadde glock (pistol) i beltet, men her snakkar eg tenestevåpen halvautomatisk altso.

«Odin Hørthe Omdal», svarar eg kjapt som ljon med hjarta i halsen, heilt sikkert EKSTREMT yverraska
«Kann du norsk?»
«Ja», svarar eg kontant med store augo og ser på båe tvo
«Du ser veldig ut som ein me er ute etter,» dei verka litt roa, «hev du legitimasjon …» eg prøver å bevega armane mine, men dei er båe tvo fastlåst av politifolkene som reagerer ljonfort på rørslene mine. Dei passar seg for at eg ikkje rekk mot våpen. Han fortset, bestemt, men roleg i stemma «… på deg som eg kann få tak i.»

«Ja, ee, prøv høgre og venstre lomme i jakka». Han romsterer rundt. «Eg skal berre ein kort tur på butikken, so eg trur ikkje eg tok med meg førarkort, so det er berre eit dårleg VISA-kort». Han finn ikkje noko. «Det er vel i bukselommene mine då».

Eg lurer på kva som kjem til å henda. Eg kann måtta vera med til stasjonen. Kor tid finn dei ut at eg er feil mann? Er eg feil mann i det heile teke, hev identiteten min vore stolen og brukt til ulovlege ting? Eg hev jo ikkje førarkortet med meg, Helene er i dusjen og ingen vits å ringja nett no. Dette var utruleg spanande, tenkjer eg.

«Me gjer ikkje dette for å skremma deg,» segjer politimannen, «du liknar veldig,» han verkar litt brydd yver at dei overrumpla meg so fælt.
«Eg er ikkje lettskremt,» segjer eg, «ingen problem,» som faktisk er sant. Eg likar jo spaning i kvardagen.
«Bur du her?», spør politidama som held meg fast i den andre armen.
«Ja, eg bur i Fredrik Meltzers gate 38, rett upp den vegen,» viser eg med augo og nikking av houvdet i og med at hendene mine er ganske ubrukelege.

Politimannen finn fram VISA-kortet mitt og bruker til slutt mobilen min til å sjå på det (myrkt).
«A-a, ja, orsak for det heile altso. Men du såg altso skremmande lik ut.» Dei trekkjer seg inn att i bilen og eg byrjer gå att. Ja. Gå, denne gongen. Fyrr eg på slutten av gata byrjar jogga att. Eg må jo bruka alt dette adrenalinet til noko, eg ser bilen køyra seint frametter når eg svinger nedum til Ica.

På Ica gjeng det endå meir upp for meg kor utruleg tøft eg syntest det heile var, eg storgliser, og merker meg alle saman i butikken – ingen anar at det luskar ein ekte politikommandestyrke rett utanfor døri – pluss at eg vart teken av dei! Kult!

7 tankar om “Overrumpla av politiet

  1. Unni Elisabeth

    Ja,-

    … og plutseleg vaknar du opp, Helene har nettopp stae opp og heve gjenge for å taka seg ein dusj. Du høyrer at vatnet sildrar på badet. Du gnir deg i augene, lyftar på dyna medan du svingar beina over kanten av senga.På golvteppet rett framføre sengebrisken, stend dei gode varme tøflane. «Fyttirakkaren» tenkjer du – det der kan jammen bli ein god film :-D

    He, he… skal seie det var litt av ei oppleveing. Kvifor opplever ikkje eg slikt??? Eg trur eg må spørje om å få låne den lite fine (med andre ord: stygge) svarte skinnjakka di ei stund ;-D Kanskje då…?!

  2. Janne

    Haha! Kvifor har du ikkje fortalt dette? Men du er skikkeleg skummel av og til. Eg hugsar då du sprang etter meg i Nordahl Bruns gate når det var litt mørkt, då vart eg nesten redd (SJØLV OM EG VISSTE DET VAR DEG).

  3. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Skjalg: Dette var betre enn politifilmar :-)

    Vebjørn: Helene sa folk kom til å segja det ;-)

    Unni Elisabeth: Hehe, kannhenda du vert heldig ein gong du òg. Me likar slikt me :]

    Janne-Kristin: Du pratar ofte um den hendingi du! :D

    Jens: Hehe, ja, skikkeleg flott. (for andre: det var ein rein kopi av Jens sitt lesarinnlegg, berre byta ut Oslo med Bergen og namnet til Jens med namnet mitt :P)

  4. Espen

    Tror du ska ver fornøyd me at du glemte førerkortet. Hadde røge rett inn i kasjotten då :D (meine å huska at du ser veldigveldig sur ud på det :P )

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.