Nye nynorsk.no

1. mai slutta nynorsk.no å fungera, so eg byta han ut med ein nytt system som eg hev brukt Ella CMS (skrive i Django) til å driva. Eg hev skrive ein eigen Ella-modul for å gjera referansane til andre nyhende, som er det meste nynorsk.no er.

Eg finn ikkje passordet og brukarnamnet til feedburnerkontoen til nynorskno, so irriterande nok fær eg ikkje endra rss-en til den nye plasseringi. Same kva, eg lurer på kva folk tykkjer um omformingi? Eg hev eit par eigne idèar på kva eg vil gjera med nynorsk.no, men eg mista litt pågangsmotet no når eg hev brukt so mykje tid på å i det heile teke få han upp i ei enkel utgåve.

Men viss andre kjem med gode framlegg (som ikkje er so alt for vandskelege å fiksa) so vert det kannhenda litt meir moro å fiksa på det.

Dei gamle nynorsk.no-sidene finst framleis på gamal.nynorsk.no, og ser/såg slik ut:

Dei nye ligg upplagt nok på nynorsk.no. Eg hev fiksa skikkeleg no-www for nynorsk.no òg no, herleg. I skrivande stund ser nynorsk.no slik ut:

Brukar du nynorsk.no? Saknar du noko frå dei gamle sidene? Kva vil få deg til å bruka nynorsk.no meir? Gamle nynorsk.no var mykje meir ein portal for nynorskting, korleis kann me få det attende, kva er viktugast?

7 tankar om “Nye nynorsk.no

  1. Simon

    Så langt ser det bra ut, men veven kjennest litt halvferdig ut enno.

    Mykje er sikkert ein vanesak, men eg tykkjer mellom anna lenkjesamlinga («Målugdomslag», «Nynorsk for ungdom» osb) tek for stor plass. Den såg meir kompakt før, med mindre skriftstorleik, ikkje fullt så mykje luft, og ikkje minst eit klårt skilje mellom den spalta og resten av innhaldet med både grå bakgrunnsfarge attom teksten, og dei raude stripene som gjekk nedover jamsides med spalta.

    Eg ynskjer altså klårare skilje mellom spaltene, med kantliner, bakgrunnsfargar og grafikk, og/eller skrifttypar og skriftstorleiker. For meg er det artiklane som er viktige,

    Det treng kanskje heller ikkje vera så mykje luft mellom artiklane? Greit at det er ei gøymd line med skribent og dato der, men under denne lina igjen er det kva, 1-2 tomme liner til? Kunne halvert dette.

    Hendingar frå nynorskverda var kjekk, den likte eg. Elles var det lite av det andre innhaldet utover nyhenda som eg nytta. Nynorske dataprogram, kanskje, ein gong for lengje sidan, men den lista er uhorveleg gammal og utdatert. Den trengst kanskje ikkje når me har både WikiPedia, Språkrådet, norskprogramvare.wordpress.com og mange andre har liknande lister.

    Det einaste eg verkeleg vil ha, er RSS-en.

    Til sist: lenkja til NM, http://nm.no, fungerer ikkje. Den må ha www framfor (irriterande, har gløymt det sjølv mange gongar).

    Det var det eg kom på nett no.

  2. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Simon: Ho hev RSS og Atom;

    Problemet er berre at alle koplar til feeds.feedburner.com/nynorskno, og sidan eg ikkje hev passordet der so kann eg ikkje endra peikaren som den brukar…

    Luft, treng nok ikkje so mykje, men hev no plass til det. Eg tykkjer sjølv det ser ganske lett og luftig ut og det liker eg. Sjølv um eg gjerne vil at teksten skal verta litt tettare. Eg skal prøva å finna ein annan skrifttype. Skal sjå um eg kann gjera marginane litt tettare òg – um det vert finare.

    Det er allereide eit ganske klårt skilje på artiklar/nyhendereferansar og «anna». Anna hev veldig mykje mindre skrifttype og er mykje-mykje smalare. Når eg ser på gamle nynorsk.no og nye, so er det veldig mykje enklare å sjå på nyhenda i den nye enn den gamle. Det var medvite. No er nok truleg mykje av mine meiningar farga av at eg nett laga det, og dine er nok farga med at du er van med den gamle. :-)

    Eg skal sjå på ein måte å setja artiklane/nyhendereferansane enno klårare frå resten. Vel, artiklane er allereide ganske klårt sett frå. Dei hev jo raud bakgrunn.

    Takk for innspel :-)

  3. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Hmm. No ser eg at RSS-en er heilt mongodårleg. Den som kom med Ella var vel ikkje særleg god då, eg må vel skriva min eigen feed-klasse for å gjera det betre då… Jaja, det er på lista no då :p

    Hmm. Nye nynorsk.no er eigentleg utruleg keisam. Men til mitt forsvar var han laga veldig kjapt.

    PS: Eg ser du hev fengje deg OpenID, Simon ;-)

  4. Simon

    Jau, har eit par innspel, vonar du ikkje tek det som noko vondt :-P

    RSS: Kjekt med nyhendestraum! Eg har aldri skjønt poenget med Feedburner. Er det for loggføring eller liknande? Den nye er i alle fall lagt til Netvibes. Men ja, den var fælsleg. «Top 10 objects in category Framsida.» til tittel? «… listed in nynorsk.no/» til overskrifter OG innhald? :/ Men kjekt i det minste å sjå at det er aktivitet att.

    Skrifttype: Hadde det kanskje vore betre med litt breiare spalte på lenkjene, slik at ho ikkje vart så lang? På gamal.nynorsk.no står t.d. Studentmållaget i Nidaros på ei line, ikkje to, osb. Den er kanskje breiare, men framstår likevel som meir kompakt. Eg liker heller ikkje så godt at vanleg tekst er høgrejustert i venstrespalta («Me er i ei omstillingsfase…»). Lenkjelister og slikt går bra, men høgrejustering er ikkje så fint når det er heile setningar.

    Elles veldig kjekt å få veven midtjustert. Med store skjermar, vart det tomme kvite området til høgre på gamal.nynorsk.no berre irriterande. Synsfeltet vil sjå på midten av skjermen, ikkje heilt klint ut til venstre. Eg protesterte til Filmweb då dei la om veven sin frå midtjustert til venstrejustert, utan hell.

    OpenID: Ja, vart lei av å logga inn med Blogspot, Launchpad, Yahoo og alle moglege andre ting. Men det er berre som Provider, ikkje Consumer (eller kva det var det heita).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.