Ugress-konsert!

Det var med stor glede at eg såg plakatar som fortalte om ein komande Ugress-konsert på Kvarteret. Eg har elska Ugress heilt sidan eg var på konsert med dei (vel, han) på The Gathering 2003.

Eg gløymde heile upplegget likevel. Eit par dagar fyrr det starta såg eg plakaten att og sprang ned til Apollon for å høyra um det framleis var billettar att;

«Hah, ja, mange, ingen problem det, stress ned» …sa han.

So då stressa eg ned og tenkte eg helder burde prøva få folk med meg. Og det starta eg med. Eg spurte med meg ein 4-5 stk, men ingen kunne/ville. Hadde berre Egil budd i Bergen so hadde han vore med glatt, er eg sikker på.

Eg skreiv ei melding på Couchsurfing (profilen min, CS er heilt genialt!) same dagen, det var 3 stk som svara. Ein ville, men skulle på noko anna (saman med mange andre CS-erar), dei to andre sa «kannhenda». Han eine høyrde eg ikkje frå fyrr midt på natta etter konserte, medan han andre likevel ikkje kunne av ymse grunnar.

Jaja, so eg gjekk åleina.

Konserten starta 21.00, so eg var der 20.45. Hah! Men konserter fungerer ikkje slik i Noreg. So eg spurte kor tid Ugress gjekk på, det var 22.30. Eg gjekk heim att og venta. Då eg var der fyrr 22.30 var det framleis ekstremt få på den store plassen. Eg vart ganske satt ut.

Eg kaupte meg ein Erdinger Weiss Alkoholfrei og stod og hang litt i det digre nesten-tomme rommet. Ei gruppe på fire kom inn, dei kaupte øl i baren. Eg gjekk bort.

Fekk med meg at dei tykte det var få folk, og lurte på um det kom fleire til 23 då. Ugress skulle visst på 23 no.
«Eg var redd for at det skulle verta fullt, men, hah, tydelegvis ingenting å vera redd for!», sa eg, for å introdusera meg.
«Ha, ja! Eg og, eg er heilt sjokkert yver oppmøtet her,» svarte Mats, òg ein Ugress-fan.

So prata me litt, eg vart med dei upp ein annan plass for å unngå å hengja i det tomme rommet. 23 gjekk me ned att. Ein del fleire folk. Kannhenda 20 stk no (10 frå fyrr). Eg gjekk åleina fram og stilte meg vedsidan av nokon andre.

So kom han på. Og det starta. Og musikken starta. Og etter veldig kort tid, so var rommet fullt. Elder, såg iallfall slik ut frå der eg stod. So alle saman vart flaue yver at det var so få folk og gjekk helder ein annan plass.

Konserten starta. OG HEKKAN FOR EIT FANTASTISK LJOSSHOW. Tøft videoshow, ein fantastisk LED-skjerm som hadde so sterke LED at han vart båe brukt til dritkul stilisert/prosessert video (og mykje frå gamle filmar) men òg som den kulaste råaste ljoskastaren du kann tenkja deg. Han blenda lett publikum med den.

Det tok litt tid fyrr eg kom inn i danse-mooden iom. at eg var dønn åleina. Men etter eit par låtar so vart det sveitteframkallande slik konsertar skal vera.

Halvvegs uti, såg eg Solgunn (førre SmiB-leiar). Kjekt å kunna dansa og taka av litt skikkeleg då. Det var greitt når eg stod med Solgunn. Ho er forresten utruleg god å ha på konsertar av di ho dansar so mykje og bra. Skapar stemning og fest ;-)

Musikken var sjølvsagt , heilt fantastisk. Songane frå dei gamle albumi var best, men heile upplegget var kjempekult.

Eg tok eit lite upptak med det totalt elendige og forkastelege kamera på mobilen min. Det var i ein augoblink der eg ikkje var heilt inni musikken, so det er ikkje på det beste tidspunktet. Dessutan klarar ikkje ffmpeg å transcoda det sære ljodformatet AMR til vorbis, so ingen ljod.

Då konserten var ferdig (alt for tidleg!), møtte eg eit par folk gjennom Solgunn. Eg hadde tenkt spyrja ho kvifor eg burde jobba på Hulen (Hòla), og ikkje Kvarteret – men det viste seg at alle eg stod og hang med òg jobba der, so eg spurte det same. So eg er yvertydd, og skal hjelpa til på Hulen til neste semester. Gler eg meg til. Miljøet ser mindre og meir samansveisa ut. Eg spurte eit par i ein bar på Kvarteret, men dei var ikkje like interesserte i å verva meg forstod eg.

Greitt nok, det er heilt tilfeldig kven eg spurte, og hadde eg spurt nokon andre so kunne eg sikkert fengje eit meir entusiastisk svar. T.d. er det ofte slik at dei som er nærast «sentrum» (og jobbar mest) er mest entusiastiske. Solgunn er jo ganske sentral på Hulen (leiarar er vel ofte dei mest sentrale folka), men det var ikkje berre ho, alle Hulen-folki me traff vart heilt i hundre yver at eg hadde lyst til å verta med. :-)

Me tok ein kort tur uppom Hulen, fyrr eg gjekk heim. Framleis med den utruleg gode Ugress-konsert-kjensla i kroppen. Vonar ikkje det vert for lengje til neste gong. :D Og kannhenda andre kann koma med òg då, sjølv um det ikkje viste seg heilt naudsynt.

2 tankar om “Ugress-konsert!

  1. Unni Elisabeth

    Det høyrdes kjekt ut :-D Eg og vil på ein slik konsert! Det er ei god kjensle å leva seg inn i musikken og berre vera i den. Det einaste som var dumt da, var at det kom så lite folk.

  2. skjalg

    Eg vil på konsert med Sting, det hadde vert ein stor oppleving. Trur han kjem til Oslo i haust! Ellers så meiner eg at du må skrive litt meir om livet ditt Odin, du som reiser og opplever så mykje – me får nesten ikkje nokon nyhende frå deg eller Noreg. Har høyrd det var Grand Prix i Oslo og at sumaren er komen hos dykk og!!!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.