Velmont – Odin Hørthe Omdal

2010-06-16 09.32

Casino!

OK, me hev ikkje vore på bordene med blackjack og ymist enno. Slikt kostar ein heil del. Men i dag brukte me spelemaskinane her på Circus Circus der me bur i Las Vegas.

Eg stappa på ein dollar. Vann ingenting. Helene fann ein annan maskin, og vann ganske stort. Ho slengde på ein dollar, vant litt og so tapte alt. Ein dollar til og ho fekk ut $3.79. Etter det brukte ho ein dollar til og var uppe i $2.40 i vinning, og eg sa ho måtte taka det ut.

Spelemaniaen tok ho den siste gongen, og ho tapte alt saman. So, Helene sitt reknestykke:

$3.79 – $1 – $1 – $1 = 79¢

Mitt reknestykke var litt verre. Eg prøvde ein gamaldags einarma banditt, og to dollar på ein Star Wars-versjon. Det såg slik ut:

- $1 – $1 – $1 = – $3

So Helene vann dette her lett.

Tidlegare på kvelden so tok eg berg- og dalbanen dei hev her inne på hotellet. Moro. Eg er han i raud t-skjorte viss de ikkje ser det allereide.

I morgon byter me hotell. Etter det veit me ikkje heilt kva som skjer.

Mogleg relaterte innlegg

3 innspel til «Casino!»

  1. sa skjalg 11:43

    Ja, Ja Odin – du fekk ikkje ein gong høve til å trekke deg etter ein liten vinst ein gong:-(. Nei ein skal ha sterk vilje til å stå mot, når ein har vinne pengar! Ellers så forstår eg ikkje, Berg og Dalbane INNE i hotellet? Det må då vere eit frykteleg stort hotell??

  2. sa Unni Elisabeth 20:37

    Everything is GREAT over there you know ;-D

  3. sa skjalg 23:01

    Hey man! Trying to look at the surfing-picture but :Sorry, but you are looking for something that isn’t here.

Kom med innspel

Du kann nytta textile eller enkel xhtml (<strong> <em> <blockquote>). Innspelet kann verta heldt att for søppelsjekk, logg inn for å sleppa.