I LA-sentrum

So, fyrste dagen vår. Me starta ganske tidleg, vakna kl 05.00 lokal tid. Men det var ikkje særleg imponerande når det eigentleg var 17.00 Noreg-tid.

Me fann bil, og tinga ein for ein månad for $1400 inkludert båe andsvarsforsikring og kasko. Skal henta han i morgon.

Det tok ei halv æve å koma seg inn til byen. Vel, me bur jo allereie i «byen». LA latar til å vera mange byar som hev smelta saman. Han er ekstremt stor og flat. Langt i frå kompakt. Veldig keisamt eigentleg. Ikkje slik eg likar byar. Det tok oss vel ein time å koma inn til det dei kallar «downtown» med buss og to byte med metrolina.

Som eg sa i førre innlegg, er verkeleg offentleg transport heilt utruleg dårleg her. Det må berre opplevast. Det er veldig stressut å bruka. Det visste me jo, men trudde aldri skikkeleg på det. Bur jo 20 millionar menneske i denne byen, må jo vera noko grunnlag for å laga eit litt skikkeleg transportsystem. Men, nei.

Eit stort problem er sjølvsagt måten dei hev «laga» byen på. Iom. at han er alt for stor, og det er so digre avstander mellom alt so er det få folk per kvadratkilometer truleg. Likevel er det ikkje mindre enn t.d. Oslo, og der hev dei jo fint klart å laga eit godt transportsystem. Menmen.

No sit me på ein heller dårleg Starbucks i sentrum, me hev ikkje klart å finna ein litt større, koseleg kafé der me sit litt meir privat (og ikkje midt ved dei utruleg bråkute kaffimaskinane). Det gjekk ikkje. Me sat ute ein periode, men ein galen mann plaga oss veldig. Han var trugande og spurte um å få pengar eller få kaka vår heile tidi. Skikkeleg trugande. Ei dame kom ut, han sa noko, og so slo han kaffien ut av hendene hennar, ho fortsette berre vidare. Sikkert livredd.

Ei anna dame kom yver vegen, han gjekk til ho, skræmande, og hytta neven etter ho, eg trudde han skulle slå ho – og so gjekk ho attende til der ho kom frå. Ho vart redd.

So me stakk inn, var ikkje koseleg der nei. Han tok Helene sin kakesmaksprøve.

Fyrr det var me på turistinformasjonen, me treng allslags kart til å få litt yversikt. Dei hadde evig med ulike brosjyrar, og me hev diverre teke med oss fleire kilo av dei. Off, so mykje boss det vert.

No skal me ut på ein gåtur. Alt er betre i dag no som me hev sove, slik eg tenkte. Dessutan vert det truleg veldig moro å endeleg få ein bil! So fær me helder gløyma at det kostar oss ein god del, det vart heldigvis mykje billegare enn det alle dei kjende (store) selskapa tek.

3 tankar om “I LA-sentrum

  1. skjalg

    Off, der var ikkje så kjekt å oppleve. Dykk får kome dykk ut av byen så fort som rå er. Ta heller byen på returen (om dykk reiser frå same stad). Det er så mange fine småstadar og naturområde å oppleva i landet!

  2. Unni Elisabeth

    Slike folk finst over alt, men det er ikkje kjekt å møte dei :-( «Han sko vert tesnakte!» Men no ligg landet framfor dykk! De må ta dykk ut på landet og så må du leggje ut bilete av bilen og :-D Går det an å sova i den?

  3. Tilbakeping: Vestkystturen vår i USA (sambandsstatane), eit yversyn - Velmont – Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.