Innspeling av filmmusikken til Charlie St. Cloud

I dag var me på innspeling av filmmusikk på Fox studios. Nett no sit me på ein Starbucks på veg til Las Vegas. Me er rett utanfor Victorville, ein plass som heiter Hesperia.

I dag tidleg var me i Palmville med Rajan, som me hadde sove hos. Me køyrde inn til Fox Studios og var med på innspeling av filmmusikken til Charlie St. Cloud med Zac Efron (sjå det, Kitty Karina!). Me vart invitert av komponisten Rolfe Kent (på IMDB), som me traff på ein couchsurfing-fest i Los Angeles.

I ettertid (no!) fann me ut at han hev komponert tittelmusikken til Dexter-serien! OMG! :D

Me elskar den serien.

Same kva, me var der på innspelingi, og fekk sjå orkesteret spela med Rolfe som dirigent. Vart eit par takningar på eit par av scenene. Utruleg interessant.

Ein flau ting; det var mat på eit bord. Ein i orkesteret tok ein kjeks, eg tenkte; det såg godt ut, so eg tok ein òg. Dei gjorde seg klar til upptak (det er 60 stk inne i orkesterboksen) medan eg tygde litt på kjeksen. Og, 8, 7 .. 2, 1. Eg byrjar kjenna eg må hosta, og til slutt er det umogleg å halda det, HOST HARK HOST HARK. Og det stoggar ikkje, eg fær ikkje hosta skikkeleg, so det held berre fram. Eg må ta meg for nasa for å ikkje laga so mykje ljod, men hikkar litt host litt-om-litt. Utruleg flaut.

Etter takningi spring eg inn i kontrollrommet der du kann bråka litt utan problem. Rolfe kjem inn, og er godt nøgd med takningi, men han må takast um att av di det var ein del «romljod i byrjingi». Hah :-(

Eg gler meg stort til å sjå filmen på kino ;-] Helene vil prøva sjå han på premieren her i USA.

Det hev skjedd ein del dei siste dagane, og eg skal skriva um dette når eg fær tid:

  • Stoppa av trafikkpolitiet / bil (gjort)
  • Surfing
  • Couchsurfing hjå Nayan
  • Grillfest på stranda
  • Couchsurfing hjå Rajan
  • Griffith Park (dyrepark og observatorium)
  • Universial studios

So fylg med :-)

Ein tanke om “Innspeling av filmmusikken til Charlie St. Cloud

  1. skjalg

    Utruleg spanande å vere med på ei slik hending! Ta dei du kan kome over! Gler meg til fortsetjing av di historie. Men pass deg for biltrafikken! Og ikkje bruk opp alle pengane Las Vegas!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.