San Diego

So kom me til ein godt likande plass, etter Los Angeles (stor og, vel, alt for stor og upersonleg), Las Vegas (alt kosta loadsa $$$, men moro so lengje me var der), Redlands (miniplass utan nokon ting). San Diego hadde mykje meir sjarm enn dei andre plassane. Meir slik me trudde LA var.

Fyrste natta sov me i bilen av di me ikkje fekk ein couchsurfing-vert, neste dag var me so heldige at me fekk ei melding frå Lance. Me kom fram seint i kvellingi (21) og traff han og Matt (som ofte sov over). Lance hadde eit typisk amerikansk hus, slike du ser på «ekstrem oppussing». Alt i ein etasje, garasjen hang inntil huset. Kjøkken og stue i eitt stort rom der det var høgt under taket. Han hadde ein gigasofa, men me fekk eige rom med dobbelseng.

Lance var ein perfekt vert, avslappa, hjelpeviljug og likevel engasjert. Me såg This Is It, Michael Jackson-konsertgreia fyrr me la oss fyrste dagen.

Eg spurte um ein billeg frisør/barberar, av di eg seriøst trengde ein klipp av hår og skjegg. «My brother has a haircutter machine,» svara han og fór av stad for å henta. Utruleg herleg, kjenner meg mykje betre med mindre hår/skjegg. :-)

Dagen etter tura med bakpå scooterane til Lance, Lance og Matt køyrde. Matt måtte på jobb etter ei stund, so me sette han av. Då fekk eg ein eigen scooter, og det var sjølvsagt gode dagar. Helene ville ikkje køyra trass i at ho hev sertifikatet for det, men det kann eg no godt forstå. Jenter hev ikkje den upåklagelege sjølvkjensla når det kjem til motorkøyrety. Dessutan dreg ho ikkje rundt på sertifikatet slik eg gjer.

Me sov ei natt til og hang litt rundt i San Diego fyrr me so køyrde vidare.

5 tankar om “San Diego

  1. skjalg

    Det såg ut som du trengte ein klipp, he,he…seier eg som nett har slept laus både hår og skjegg! Odin du må leggje ut fleire bilete frå turen, det vert jo litt smått/stussleg det du har lagt ut til nå…

  2. Odin Hørthe Omdal Skribent

    skjalg: Vel, det verste er at eg ikkje hev fleire/betre bilete. Me la att ladaren til kamera ein elder annan plass og hev ikkje meir batteri att no. Fyrr den tid hev me teke veldig faa bilete grunna batteriet. Og dessutan kjem me ikkje godt paa det heile tidi helder.

    Men eg hev sendt epost til dei eg trur kann hava ladaraen, so dei skal sjekka naar dei kjem heim att. Viss ikkje skal eg prova aa faa laana ein hjaa nokon andre.

  3. skjalg

    Så synd Odin. Eg har fått meg fleire ladarar og har ekstra i Stavanger. Men du får sikkert lada batteriet i en fotobutikk – det fekk eg gjort her i Spania, då eg la igjen ladaren heime i Noreg i vinter…Eg kjøpte og ein ladar som eg og kan bruka i bil. Den er veldig praktisk… Og ekstra batteri har eg og.

  4. Gry

    Helt enig, San diego var ein fin by, mye finere ennn eg hadde truddn på forhånd.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.