Soving i bil

Me hev so langt berre sove tvo gongar i bil. Det er ikkje berre enkelt her i junaiten, der det er ulovleg å sova i bilen sin nærast same kvar du står.

Nasjonalskog, Mojave-ørkenen

Fyrste gongen sov me i Mojave-ørkenen, som er ein nasjonalskog, og som er fullt lovleg å sova i. Dessutan var me på ein sokalla «rest-stop» og der er det lovleg å sova same kvar du er. Du må tòla ein del motorljod rundt deg då, og ein del trailersjåførar hist og pist.

Helene syntest det var roleg og bra.

Soving i eit nabolag

Andre gongen var det litt meir krisesovings, me hadde ikkje planlagt det. Me klarte ikkje finna ein vert på couchsurfing. Me hadde ein plan B, som var å dra upp til campingplassen der verten vår frå natta fyrr var, men me fann det ikkje og dessutan virka det meir bale enn det trong vera. So etter soli hadde falt (og Helene sov nesten allereide medan eg køyrde rundt) og ein halvtime leiting på måfå, stoppa eg til slutt berre ein veldig mørk plass i eit finare nabolag rett med ein tennisbane og ein liten ranch på andre sida.

Problemet med denne vegen var at det var ein del trafikk der, men ikkje alt for mykje.

Politi

Me er veldig redd for politiet her, so me hev kaupt ein slik solskjerm slik at du må sjekka bilen ganske nøye for å sjå at nokon søv der. Dessutan hjelper han sjølvsagt med varmen. :-)

På min vesle 30min-runde såg eg 2-3 politibilar, litt skræmande, men til slutt berre måtte me stoppa. Eg hadde ei soge klår i tilfelle me evt. vart tekne – eg hev høyrd du ikkje plar få anna enn ei åtvaring viss dei tek deg.

Me sov litt uroleg då bildører small att, men til slutt vart det ganske so stille.

Det er eigentleg heilt greit å sova i bilen, den einaste tingen som gjer det so vandskeleg er at det er ulovleg.

Me kjem nok til å halda fram med det ein del, spesielt når me vert litt flinkare til å finna mørke, stille, rolege og trygge plassar der det òg er liten sjangs for å verta teken.

6 tankar om “Soving i bil

  1. skjalg

    Eg blei teken av politiet ein gong i Tyskland. Veit ikkje om det var ulovleg, men trur helst det ikkje var lov å parkera der med stod på ein parkeringsplass i eit parkområde i ein by i Ruhr i 1984. Ellers er det vel ikkje så dyrt å sove på «motels» i USA? Det må vere stress å ha bil heile vegen spør du meg…Du føler deg friare om du reiser med tog/bus osb., men, men eg veit USA er i serklasse vanskeleg når det gjeld offentleg kommunikasjon. Dykk kan iallefall se fram til mykje kjekkare opplevingar med kollektive reisemåtar i Austen, når dykk ein gong reiser der! Og der kan dykk sove på bussen/toget! Og så ser ein ikkje politi nokon plass..berre uniformera byråkratar..he,he!

  2. OPl

    Hei ungdom. 1eg nyter for tiden slaraffenliv hos dine sjefer i Spania og ser dere er på tur i USA m bil. Jeg har reist på kryss og tvers med både bil og H-D i USA. Det er stor forskjell fra stat til stat og hvilket område du befinner deg i, men min erfaring er at du ikke trenger være redd for politi. Blir dere stanset så bare vær høflig og svar «yes offiser» og fortell hvem dere er og hva dere er ute på- At det er ulovlig å sove i bil har sammenheng med deres egen sikkerhet, dere kan bli ranet easy. Og det er ikke noen god opplevelse.

    Råder dere til å finne pensjonat som der er mange av og slettes ikke dyre, en god forsikring på trygg overnatting. det er også slik at for å overnatte på annen manns eiendom må du spørre om lov først. Ellers kan det være trespassing som i verste fall gir eieren rett til å jage dere eller i visse tilfeller true med våpen, evnt skyte etter dere. Ikke kjekt det heller.

    Altså: ønsker dere overnatte på en farm må dere spørre FØRST for ikke å risikere ubehageligheter. Har blitt stoppet mange ganger av politiet, men dere trenger ikke være redd for dem. Noe annet er om dere drar over grensen t Mexico, der er det en annen historie og dere kan sansynligvis heller ikke ta bilen over grensen – forsikringen dekker ikke og polti er bare ute etter pengene deres. God tur videre, – drit i å være redd for politiet i USA og drit i å overnatte i bilen for deres egen sikkerhet. Ha det gøy hilsen OP.

  3. Odin Hørthe Omdal Skribent

    OP: Tja, me stiller oss berre relativt trygge plassar. Det er gode ålmenne råd, men det er dyrt å sova på hotell/hostell trass i at det er mykje billegare enn andre plassar.

    150kr/natta for ein person er ganske billeg. Då vert det 15027=2100kr for ei veke. Med andre ord må me ut med ~17.000 kr for upphaldet vårt, berre i soveutloger. Dessutan er det mange plassar som er mykje dyrare enn 150kr/natta. Me hev allereide brukt ein liten haug pengar på turen fram/attende, og ein liten haug på ein del byter me måtte gjera. Og so er det mat, som fort vert ein del når du reiser. Og billeige og bensin.

    Til saman legg det so hardt press på studielåna våre at me må vera litt kreative der det gjeng an. Sidan me allereide betalar for ein bil, som er god å sova i, so er det kjekt å kunna bruka han slik :-)

    Me er ikkje redd-redd politiet, som i, dei er ikkje farlege; men det er eit irritasjonsmoment. Dessutan vil me ikkje verta vekt midt på natta og måtta flytta. So difor ser me etter lovlege plassar å sova på. :-)

    Skal hugsa på tipsa. :]

  4. Tilbakeping: Vestkystturen vår i USA (sambandsstatane), eit yversyn - Velmont – Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.