Stoppa av trafikkpolitiet

Me hadde nett leigd bil (6 dagar sidan) og prøvde koma oss upp til Hollywood. Det var rushtid og vegane var fullstappa. Me køyrde på ein interstate (stor, effektiv motorveg som gjeng mellom statar), og det var vel ein godt 10 felt på kvar side (20-felts veg).

Heilt til venstre på vegen var det tvo «car pool»-felt, altso felt for bilar med 2 elder fleire folk i. So eg skifta felt heile vegen bort dit. Det var nesten ingen trafikk der.

So, korleis kjem eg inn på denne vegen? Det var tvo sterke, gule, heilstrekte strekar mellom kollektivfeltet og dei vanlege. I Noreg og Europa vil det absolutt tyda «det er ikkje lovleg å krossa yver her». So vel, me køyrde langs lina, langt, langt. I den treige køen.

Me leigde altso bil likevel. Det var eit sant helvete å koma seg rundt utan. Det kosta oss $1397.00 for 1 månad, altso 9000 NOK inkludert alle forsikringar. Me skal levera han i San Francisco. Fann altso Super Cheap Car hire som leigde bilar til under-25 utan å leggja på ein totalt latterleg ekstrem straff-pris på topp.

Ein bil køyrde ut frå kollektivfeltet og inn i vårt felt, han kryssa altso dei gule linene. Kort tid etter køyrer ein annan bil ut framfor oss yver i kollektivfeltet.

Kollektivfeltet skiljer seg frå hovudvegen og fær sin eigen bru som fletter seg inn i den andre motorvegen me skal yver på. So litt i panikken av å måtta sitja i den treige køen stort lengre so svinger me yver i kollektivfeltet.

Sekund etter ligg ein Highway Patrol bak oss, og eg frys til is. Han kjem upp på sida vår, ligg der litt og slakkar av og legg seg bak oss. Eg vil ikkje akselerera upp, for at det ikkje skal tolkast som um eg vil køyra frå han. Eigentleg vil eg helst berre at han skal køyra forbi meg. Men, nei.

Han ligg bak oss, og etter eit par-10 sekund til so kjem ljosi på.

Han segjer noko til meg, vandskeleg å forstå/høyra. Me kjem til ei avkøyring. Eg høyrer noko um «right» og byter felt til høgre, men det var visst totalt feil og han skrik, nei, nei, nei. Eg vert sjølvsagt råstressa og køyrer til venstre att ut i ei trafikkøy mellom avkøyringi og vegen. Han stoppar bak meg og vinkar og veivar og pratar og eg forstår ingenting. Men etter litt forstår eg at eg skal køyra ned der. Og det gjer me.

Me stoppar nede, etter at eg fyrst trudde me skulle stoppa, og so ikkje so eg gassa upp att og då skreik han «STOP!». So ruller eg ned vindauga og tek fram førarkortet.

Han er råsint.

  1. Me køyrde yver den gule streken
  2. Me køyrde seint (eg var paralysert av å ha politiet rett i baken)
  3. Me fylgde ikkje instruksjonane han gav

Når han fær sertifikatet vert han veldig suspekt og spyrr «WHAT is THIS!?».
«Uh, it’s the norwegian drivers license».

So, til slutt kastar han berre sertifikatet inn i bilen. Ingen bot. Gjeng attende til sin bil, og råkøyrer vekk og rundt ein sving.

Bah. For ei forferdeleg oppleving.

3 tankar om “Stoppa av trafikkpolitiet

  1. Helene

    Altso. Han hadde jo all grunn til å kjefta på oss, men han trengte jo ikkje vera full-metal-jacket-sint!! Poenget var sikkert berre å skremma oss frå slike trulege lovbrot i framtida:)

    Då me kjøpte billig GPS til bilen, såg me ogso ein frå «bomb squad»- då fekk eg litt hetta «Skal han desarmera ei bomba her????» Men han skulle berre handla litt:):) Hi!

  2. skjalg

    Ja, det var vel typisk det…Slik er amerikanske politimenn – på film og i verkelegheita(?) Eg har ikkje møtt dei så vidt eg hugsar på mine turar i USA.

  3. Unni Elisabeth

    Eg syns no eigentleg at han var ganske grei eg! Han tenkte vel som så at.- «UGG !! om eg skal gje desse to her bot så vert den så stor at dei ikkje kan køyre herifrå,- nei, det er betre å bare dra og late som om eg aldri stoppa dei, eller i det heile tatt såg dei!»

    Eigentleg: Snill brumlebass ;-D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.