Surfing!

So fekk me gjort det Helene lengje hev drøymd um; surfa. Det var ekstremt kult og moro. Diverre fekk me ikkje noko bilete elder video av det, me var so upptekne med å surfa ;-)

Nayan (som me budde hjå) tok oss med på surfetime. Det var mykje vind og ein heil haug bylgjer. Eigentleg ikkje optimalt, bylgjene var digre – og det er bra, men dei kom heile tidi so det var utruleg slitsomt. Det er ikkje normalt. Men båe eg og Helene fekk surfa ein heil del gongar.

Eg klarte å reisa meg upp heile tri gongar. Det gjekk ganske lett, og var fantastisk tilfredstillande. Eg kann ikkje segja eg klarte å styra noko særleg då, men det kjem nok.

Hadde det vore litt færre bylgjer so hadde det heile vore enklare av di me ikkje hadde vore totalt utslitne allereide når me kom ut. Eg kom meg på ei stor bylgja, berre for å finna ut at armane svikta meg totalt slik at eg falt pladask med andletet rett ned i surfebrettet av di eg var so råsliten.

Men for ein morgon! Dette må me gjera meir av :D

2 tankar om “Surfing!

  1. skjalg

    Kjekkt med surfing, skal prøve vindsurfing når eg kjem til Kviteseid om 3 veker- sånn heilt forsiktig! Men Odin, du må ta dykkarlappen, så kan du, eg og Falke dra på dykkarturar rundt ikring i verda!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.