Vel framme i Los Angeles

Framme på hostellet i LA.

Ravsvolten. Me hev døgna, det er no godt meir enn 24 timar sidan me stod upp. Var utruleg stressut å taka buss her; dei gjeng utruleg sjeldan og busstasjonen ser ut som Tsjernobyl – omtrent ikkje eit menneske der.

Tydeleg at me kjem til å få det ekstremt vandskeleg utan bil. Det er nesten so me berre må leiga ein for å koma oss rundt i byen.

Bussjåføren var umogleg å forstå og vart utruleg sint på meg av di eg prøvde betala.

Hostellet her er av rådårleg standard for pengane me betalar.

Men, no, sovings! :S

Alt truleg mykje betre i morgon. :-)

4 tankar om “Vel framme i Los Angeles

  1. skjalg

    Sendte akkurat ei melding på idenica, oppdaga at du hadde skrive her. Du må sjekke vandreheimen i St. Monica. Den er kjekk den. Dessutan er og vandreheimen i SF ein kosleg stad å bu. Skal bli spanande å sjå kva dykk finn på etter kvart som dykk reiser.

    Eg hugsar godt då eg og Unni Elisabeth reiste i verdens dyraste land (Japan 1986). Då måtte bryte reisa etter halvgått løp. Me bruka så mykje pengar på reise, mat og losji at me måtte ryma landet til SørKorea 14 dagar før tida! Men, men USA i 2010 er billeg, meiner eg!

    Kjøp ein gamal bil og selg han i august. Det gjorde eg i Canada i 1979! Det var bra valuta for reisekostnadene. Trur eg betale 400 dollar for ein Ford Galaxy 1973-model.Men det var den gong det! Her er bilete av bilen

  2. Unni Elisabeth

    Godt at de er vel framme.

    Få dykk ein matbit og kryp under dyna – snart er alt berre godt og kjekt igjen! :-D

    Det høyrest ut som om de er slitne etter reisa og etter ei lang vakennatt på flyet. Det er slik, Odin, at etter slike netter vert ALT gale. Det vil rette seg etterkvart. Ta dykk litt tid til å finne nokre alternative bustader, høyr dykk føre og ta det med ro nokre dagar. De skal vere der lenge og skal oppleva og sjå mykje.

    Eg fylgjer med på sidene dine no, og så må du helse Helene so mykje.

  3. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Skjalg: Nei, å kaupa bil vert frårådd. Dessutan må me skaffa oss andsvarsforsikring og allslags då. Det vert berre so mykje papirarbeid og stress.

    Unni Elisabeth: Me la oss rett etter eg la dette ut, matbit hadde me ikkje. Men som sagt so er alt mykje betre no ;-)

  4. Tilbakeping: Vestkystturen vår i USA (sambandsstatane), eit yversyn - Velmont – Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.