I Philadelphia

No er me i Philadelphia, og det er ikkje lengje til me set føtene våre i Noreg. Rundt 10 timar til. Gler oss til det.

Me sov ganske OK på flyplassen i Los Angeles (LAX), …, elder, vel, nei, eigentleg ikkje, men hadde venta at det skulle verta mykje verre. :-) Ned til LAX tok me Virgin Airlines, som var ein veldig koseleg tur! Eg skal skriva noko um Virgin Airlines seinare. Veldig synd at resten av turen vår er med US Airways, for me merkar verkeleg forskjellen no, ja!

Me vert hengjande litt i Oslo, litt i Kviteseid og kannhenda litt i Stavanger fyrr me (elder iallfall eg) er attende i Bergen.

Skal t.d. gjenta iseljingi på Øya-festivalen frå i fjor. Ahh, isrosa! Vonar ikkje det regnar denne gongen ;-)

Dessutan skal eg iallfall få uppdatert yversiktsinnlegget mitt òg, og kannhenda skriva ein del meir um kva me gjorde rundtom dei forskjellege plassane me var i litt meir detalj (i eigne innlegg). Elder er ikkje det interessant no når me ikkje er i junaiten lengre? :-)

Uppdatert: Eg fiksa litt på yversiktsinnlegget yver USA-turen vår no.

3 tankar om “I Philadelphia

  1. Unni Elisabeth

    Fin blogg frå turen dykkar i USA!

    I sommar har det vore kjempekjekt å ha dykk «rundt føtene» i Kviteseid og Stavanger. Det kunne ikkje bli betre med masse folk i huset,- nesten til eikvar tid, og turar hit og dit i sommarvarmen. 10 stk på overnatting rundt omkring i alle rom har vore heilt fint, sjølv om du grein litt på nasen over Falke sine «haugar» med dill og dall, Odin :-D. Helene syns det var OK ho! ;-D

    No er det rett før eg reiser attende til Spania, pappa og KK blir i Stavanger, Falke i Skjold og du og Helene i Bergen. Kvardagen startar. Neste sommar håpar me på like mykje besøk og ein like pulserande sommar, men før det skal me no ha nokre andre fine dagar og mange fine stunder :-D

  2. Tilbakeping: Vestkystturen vår i USA (sambandsstatane), eit yversyn - Velmont – Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.