I Portland, Oregon

No er me (endeleg? :P) ute av California, og hev byrja den korte turen vår til Oregon. Etter det er det upp til Washington kor me skal vera litt lengre.

Portland verkar som ein veldig koseleg by. Han er mykje meir europeisk enn byane i California. Kollektivtransport er gratis i sentrum her! Flotte greier. Dei hev òg 4 forskjellege kollektivsystem på ein billett. Trikkane (MAX, einaste me hev teke so langt) er moderne og er fulle av skikkelege folk. Med andre ord, ikkje berre uteliggjarar og kjeltringar slik me fekk erfara i Los Angeles.

Helene sit og lagar rekneskap av kvitteringane våre dei siste dagane. Det trengst for å få litt yversikt att.

I natt tok me nattbussen frå San Francisco til Portland. Det var som nattbussar flest, ikkje særleg godt, men likevel betre enn venta. Eg fekk sove ein 3-4 timar i slutten av di eg fekk to sete for meg sjølv. Me tok dei verdskjende Greyhound-bussane. Me stoppa ein time eller so i Sacramento òg, so fekk teke ein bitteliten tur der.

Me skal sova hjå ein Tyler i natt og neste natt. Etter det er det TOG upp til Seattle, det tek ikkje meir enn 3,5 timar iom. at Portland er ganske langt nord i Oregon.

3 tankar om “I Portland, Oregon

  1. Simon

    Pass opp viss de fer innom Bellefleur på veg til Seattle. Mykje rart hender der. I.flg. The X Files i alle fall. Den fyrste episoden av sesong 1 og den siste episoden av sesong 7 hender der. : )

  2. skjalg

    På vegen utan bil? Hadde dykk ikkje hyra bilen for 2mnd? Det er alltid kjekt å reise kollektivt med buss eller tog. Der møter ein meir folk. Eg har berre vitja California og Washington i USA. Prøv naturparken v Mount Helen – denne vulkanen som gjekk så valdsamt i lufta etter eg var der i 1980. Då vitja eg slekt i Seattle. Du må prøve LARRY OMDAL, han har oversikt over slekta vår i byen. Ellers så er jo Canada like i nærleiken – ein tur til Vancouver ville du like! Flott by og fantastisk natur i British Columbia :-)

  3. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Simon: Hehe, alltid like relevante innspel ;-) Skal tenkja på det på togturen i morgon.

    Skjalg: Nei, det var det me tenkte fyrst. Men so leigde me han helder 5 veker. Men me kjem ikkje til å gjera meir gåing i fjell eller mark i det heile teke. Berre å gå i byen er vondt nok for meg, so me prøver nok ikkje noko anna enn der.

    Jasså? Skal eg dra innum han? Veit du kvar han bur? Epost, o.l.?

    Me tenkte oss til Vancouver, det vert ein del ekstrapengar, av di me tingar so lite tid i fyrevegen. Tenkte å taka toget til Seattle, og so berre kaupa ein billett vidare til Vancouver (me burde sjølvsagt kaupt direkte, det er billegare og kjappare, men me visste ikkje me ville vidare same dagen).

    So tenkte me å hengja tvo-tri dagar der fyrr me tek toget attende til Seattle, er der ein 3-4 dagar til fyrr me tek fly til LA og so fly til Philadelphia og so fly til Oslo/Noreg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.