Me hev hatt betre 24 timar på turen enn desse…

Dagen starta godt nok, vel, eg vart vekka kl 3 på natta av nokre flaskesamlarar som stal flaskar frå resirkuleringsbåskassane (dei hev eigne hòl til panteflaskar). Eg gjekk ut og tok eit bilete. Og so gjekk eg og la meg att, mykje kaldare. Det blåste som Stavanger i storm.

Nyklar på ein vond plass

Tidleg på morgonen var det tåkete, ekkelt og kaldt. Eg starta bilen og køyrde yver Berkley-brui til Berkley. Me skulle på umvisning på University of California Berkley, Helene hadde gjort ein reservasjon for fleire veker sidan.

Til slutt vakna ho, og me gjekk inn på ein Starbucks for å få oss litt internett o.l. Eg drakk ein mellomstor soya jordbær-krem Frappucino med vispa krem.

På vegen attende kom me fram til det fryktelege; eg hadde stoppa bilen, byta bukser (det var so kaldt i shorts) og so låst han.

Med andre ord. Nyklane var låste inne i bilen.

Fsck.

Parkeringspengar

Eg bad Helene vakta yver bilen medan eg gjekk attende og prøvde fiksa dette. Eg fekk låna telefon og telefonkatalog. Eg fann korkje bilupplåsarar elder Super Cheap Car Rental i katalogen, so eg spurde ein fyr med PC um han kunne slå det upp for meg. Det gjorde han.

Dei kunne ikkje koma og hjelpa oss, men me kunne ta tbanen ut til dei og henta ekstranykel. Eg gjekk for den planen. Einaste problemet var at det var vandskeleg å høyra kva han sa, og fort hadde eg gløymd ljoden som skulle vera stasjonen. Same kva.

Eg gjekk attende til Helene, som var heilt totalt fortvilt. På bilen låg ein parkeringsbot. Det hadde kome ei dama som ikkje hadde høyrd på noko fornuft, og gjeve oss parkeringsbot på $40.

Mongo. Var jo umogleg for oss å leggja lappen inni bilen når han ikkje var mogleg å få upp! Og å leggja ein lapp på vindaugeviskaren var jo so godt som å beda folk um å taka han til eigen bil. Det var fyrr me prøvde og fann ut at han kom ut med kvittering òg, slik at me kunne ha gjort det. Ugh. Jamvel, dritkjerring.

Eg sprang mot BART (som er T-bane på San Franciscosk) og kom med eitt på at eg ikkje hadde denne adressa/t-bane-stoppen lengre. Eg sprang inn på ein kafè att og fann ein tilfeldig kvisete gut med PC. Han var veldig hjepeviljug (som eg hadde gjetta då eg valde nett han) og fann tilogmed serviett og penn til meg. Me såg på kartet, og so var eg orientert.

Mannen som daua av di han ikkje ville reisa seg fyrr dronningi

Eg kom på BART til «Millbrae», lite visste eg um kor lang tid denne reisa ville taka. Det eg derimot visste var dette:

  • Eg hev ingenting å gjera på, iom. at eg lot Helene passa på sekken
  • Eg må på do (av ein viss jorbærkrem, soya-greie)

Punkt ein var i byrjingi det største problemet, men etter ein gode 10 minutt byrja eg irritera meg litt meir yver det andre punktet. Etter nærare 30 minutt byrja det verta uuthaldeleg. Eg kunne ikkje sitja lengre og byrja gå rundt i vogna. Etter 40 minutt sveitta eg som ein gris og tenkte konstant på soga um han som døydde då blæra sprakk. Det var frekt å reisa seg fyrr dronningi, og i eit middagsselskap som berre varte og varte so vart han sitjande til han til slutt segna um daud på golvet.

Eg hev gjort liknande mange gongar fyrr. Det gjer skitvondt, ekstremvondt. Men dette var lengre enn nokon gong fyrr. Dei siste 5 minuttane var heilt uuthaldelege. Eg mista fotfestet og måtte halda meg fast i stengene. Eg var på nippet til å svima av og kjende sveitta reinna frå panna. Ei dame kom bort til meg, veldig bekymra og spurde kva som var gale. Eg sprang upp, spurde kvar doen var, – gutedoen var uppteken, eg sprang til jentedoen, inn døri og sette meg ned.

Ingenting. Venta litt, og so gjekk det, utruleg smertefullt og seint. Etter to minutt opna nokon døri (eg hadde gløymd låsa døri), brydde meg ikkje stort. Då eg gjekk ut fekk eg kjeft av tryggleiksfolki um at eg måtte låsa døri når eg gjekk på do. Vel, lett for han å segja, han trudde ikkje han skulle segna um få sekundar seinare.

UC Berkley, nei

Eg fann plassen etter litt leiting og fekk nykelen. So var det berre å starta turen attende. Då eg kom inn var Berkley-turen ferdig for lengst. Heile turen fram og attende hadde teke meir enn 3 timar. Heldigvis var Helene med bilen då eg kom.

Knall og fall

Eg skulle gjera eitkvart, so me skilde veg att. Eg drog ned for å betala parkeringsboten. Stappa på rikt med pengar i parkometeret der nede. Køen var lang, eg fekk nummer 47, og dei var nett no på 11. Det gjekk seint.

Etter 48 minutt var dei på 44, og det var kjappe drag nokre gonger, eg var redd for å mista plassen min. Jamvel visste eg parkometeret var i ferd med å gå ut. Dei blodtørstige jæklane. So eg sprang-sprang-sprang ut gata til bilen, sprang yver fotgjengeryvergangen med den ugjevne asfalten.

Etter Yosemite hev skoene mine vorte ganske øydelagde. Den høgre skoen min vrengde såla seg mot asfalten og eg falt med venstre kne fram mot asfalten. Venstre kneskål traff asfalten og tok mot all støyt fyrr eg rulla rundt og traff og fekk eit halvdjupt sår på skulderen. Eg vart liggjande midt i vegen. Ikkje lengje, men lengje nok til at ljoset for bilene hadde blitt grønt. So eg karra meg upp med smerte i heile kroppen og spesielt kneskåla og skulderbladet. Blødde ned hendene, men det var slike vonde, men greie yverflatesår.

Eg fekk betalt parkometeret og bota.

Kneet forverrar seg

Eg gjekk no rundt med kneet. Klarte ikkje å unngå hinka då, men det gjekk no litt. Helene mobba meg, forståeleg nok. Ikkje alltid like enkelt å vita um hinkingi er yverdriven elder ikkje. Etter litt sitting og bilkøyring til Alesha (Alex), gjekk me upp trappone. Då kjende eg det verkeleg. Uverkeleg smerte. Utruleg vondt. Helene vart flau og ville ikkje at eg skulle gjera meg slik til, men slik var det ikkje. Eg kom inn og gjekk på badet, tok av meg buksa og såg på den digre kneskåla mi med det ferske raude såret på.

Utruleg vondt. Eg hev høyrd mykje skummelt um kneet, frå mange. So der og då bestemte eg meg for at eg måtte til legen for å sjå på dette. Det er noko eg normalt aldri gjer.

So vart det, etter mykje om og men. Eg kjende meg mykje betre etter alle gode tips frå Alex, men gjekk likevel kl. 01.00 av di eg hadde bestemt meg tidlegare på kvelden. Sjukehus i USA er dyre som fy, og eg er ganske redd for ein liten sjangs av å måtta taka rekningi sjølv. Det er eg lite interessert i. Men eg stoler ikkje heilt på reiseforsikringi mi (Chartis TravelGuard), men so fær me sjå.

Sjukehus

Me drog der. Venta litt. Vart teken inn av ei sjukepleier. Etter ei god stund fekk me møta legen. Ei utruleg hyggeleg dame, som var veldig «norsk» av seg. Ho tykte innstillingi mi var kjempebra. Eg hadde sagt, eg føler ikkje «å, eg må døy»-smerte no, so eg trur ikkje me treng taka nokre tester for å sjå um noko i kneet er brukke. Ho sa at folk i USA alltid ville ha alle testane, og dei kom inn for dei minste små idiotiske ting.

So drog me heim.

Men 24 timar var enno ikkje yver

Ein del av grunnen til at eg ville til legen so fort var òg av di eg ville til Alcatraz, som me hadde til dagen etter. Det er umogleg å koma ut der utan å tinga godt i vegen på fyrehand.

So me stod upp tidleg neste morgon for å få det til.

Helene stod paralysert i døri då eg kom ned. «Nokon hev brote seg inn i bilen! Vindauga er knust!».

Me kunne ikkje dra til Alcatraz no. … Og faen til uflaks då.

Helene si veske var stolen, med Nintendo DS og spel, mobiltelefon, GPS-en vår og ein del anna. Verdien av alt saman rekna me til å vera rundt 14.000 kr.

So, vonar forsikringi hjelper til på det òg. Men stadig skeptisk til dei (Helene er ikkje, ho hev full tiltru til at dei fiksar alt). Me hev totalt separat reiseforsikring kvar for oss, iom. at me ikkje hev meld flytting til same plass. Me hev vore sambuarar ganske lengje, men ikkje i auga til loven av di me ikkje hev adresse same plass (eg hadde framleis i Stavanger (byta no), og Helene hev framleis på Urdland).

Alex

Me stod utanfor og venta, og hadde lukka døri bak oss, so me banka på og ringde på døri til stakkars Alex som me budde med. Han trong låg-stress folk til å bu med, sidan han ikkje hadde fengje gjort noko arbeid den siste veka med so mange sofasurfarar i huset. Me sa, «ja, det er ingen problem».

Det fyrste som skjer når me kjem inn døri er at eg hev skada kneet mitt og treng masse pleie og hjelp til allslags. Han hjelper oss med sjukehus-uppslag og finna ut kva som er problemet med kneet, og so køyrer han oss til sjukehuset og låner oss pengar til taxi attende.

Han legg seg til slutt seint-seint (me var ferdige på sjukehuset rundt 03.00).

Og denne dagen, framleis innanfor dei 24 forferdelege timane, ringjer me på i ein time til han til slutt vaknar og slepper oss inn. Og no hev me problem med bilen. Ikkje låg-stressa akkurat.

Kl. 10 gjekk alarmen honoms, då var me på veg ut døri for å køyra bilen til levering. Me fekk seinare vita han stod upp då, for å byta um på bilane våre (flytta vår inn i garasjen, av di du berre fær stå i gata 2 timar), men vart litt småstressa då nykelen me hadde gjeve han var vekk. Heh, jaja.

Status i dag

Eg fekk krykkor på sjukehuset, men dei er vonde å gå med. Det er slike store, type amerikanske. Dei gjer ilt under armane og er uhamslege. Ikkje som norske/europeiske.

Me fekk ikkje;

  • Drege på Alcatraz ( vonar me i det minste fær pengane att på forsikringi :-( )
  • Drege på UC Berkley-umvisningi

Og nett no (4 dagar seinare) so er det veldig keisamt for meg å flytta meg rundt. Kneet mitt vert kokvarmt dersom eg hinkar litt på det, men det er so utruleg frustrerande og irriterande å bruka krykker at eg stort sett ikkje gjer det. Det er veldig sært, den eine kneskåli mi er kald som resten av kroppen, medan den andre varmar som eit atomkraftverk dag inn og dag ut.

Utpå kvelden etter ein del gåing, og so stillesitjing, so gjer det spesielt ilt. Ikkje slik grin-grin, elder au-det-gjer-ilt, men eg kjenner på ein måte at kneskåli sitt skeivt på og at det svir litt slik dunkande. Eg skal gå til legen att når me er heime i Bergen, eg treng pollentabelettar same kva.

Elles

Helene segjer: «Eg er alt i alt ikkje so leid meg. Litt synd med den handdekorerte Nintendo DS-en med dalmisflekkar og alle studentkortene mine. Resten er enklare å erstatta. Dessutan er det jo moro å kunna byta ut sliten mobil, gamal mp3-spelar, stygge bilete på studentkortene mine osb.» … (ho les det, og legg til) … «Tja, berre eg sa det heilt annleis og med innleving…»

Og elles er humøret godt. :P Forresten kaupte eg nett nye sko som hev ein såle som ikkje gjer at eg snublar heile tidi. Fyremon ;-)

6 tankar om “Me hev hatt betre 24 timar på turen enn desse…

  1. ida

    dette er den beste reiseskildringa so langt! eg lyt innrømma at eg lo litt etter kvart som elendet balla på seg (men det har mest med di formidling å gjera, so eg reknar med det er greitt). nai gu» fø ein testand, som bestemor ville sagt. vonar kneet er betre!

  2. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Ida: Eg hev fengje ei munnkurv på å skriva negativt av kjærasten min. Nett dette innlegget fekk eg lov iom. at me hadde so mykje problem. :P So klag til sjefen. Eg kann ikkje skriva reiseskildringar som er interessante utan å vera negativ og bitter.

    Kneet er litt fram og tilbake. Godt du mora deg yver elendet vårt iallfall ;-)

  3. skjalg

    Har lese den forrykande historia di…for Kitty Karina her på terrassen i PA. Ho er litt sjuk, har spydd og er lei seg, men ho lika å høyre om dykk langt der borte i Amerika. Ho sit ved sia av meg på ein stol med dyna over seg og lurer på om du har det betre no??

  4. Jarle

    Rått! (Då eg var i USA i 2004 med mor kom vi for seint til flyet heim, fekk hjelp frå alt frå politi til sjømannskyrkja og kom oss med flyet neste dag berre av di to passasjerar ikkje møtte opp, men dette tek liksom kaka …)

    Elles er det lurt å gå til doktaren ja. Eg tok nokre prøver i vår då eg kjende meg unormalt slapp. Dei synte ingenting mistenkjeleg, men lækjaren var ikkje særleg tillitsvekkjande, så eg bytte og fekk ny time hjå Bjaaland i Bergensgata. Ringde i går og høyrde om resultata, alt var visst normalt, men så fekk eg ny telefon i dag. I morgon tidleg skal eg altså opp dit att og høyra kva dei skal gjera med borelia-infeksjonen min …

  5. Kristoffer Egil Bonarjee

    Det er jo ikkje akkurat første gongen du lås deg ute frå bilen. Eg huskar at det skjedde med den gode gamle Toyotaen òg. Det beste var jo når me cruisa rundt med plast istaden for den knuste ruta. Treng ikkje gromlyd frå verken motor eller bilstereo når «vindauget» blafrar som eit uver.

    Jaja, dårlege minner er nå minner det òg. Ein må jo berre gjera det til det beste. Ein gong me var på bilferie i Europa røyk ein reim til motoren. Då vart me stranda på ein liten stad i Frankrike der knapt nokon snakka engelsk. Likevel er det ein av dei få tinga eg fortsatt huskar frå den ferien ;)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>