Torsdagsterror

image

Av ein eller annan grunn legg absolutt alle absolutt alle ting på torsdagar. Eg hev ikkje peiling på kvar denne konspirasjonen oppstod, men han hev vara lengje.

Eg hugsar faktisk heil attende til ungdomsskulen at torsdagar alltid var problematiske av di det hende so mykje. Men i dag vonar eg at torsdagstyrraniet hev toppa seg og ikkje vert verre; for det er no på nye, uante høgder og det siste eg vil er at det skal halda fram slik.

So, kva skjer for meg på torsdagar 19-21? Lat meg lista upp:

* Teatersport
* BSI Dans
* BLUG-møte (bergen bsd og linux usergroup)
* Innebandy

Det er gale nok når **2** ting kræsjar, men 4!? Eg hev gjeve upp innebandyen, det er ingen vits når det må konkurrera saman med alt anna. Dessutan er eg like usportsleg som alltid diverre. Litt synd, for eg tykte det var sers moro.

Teatersporten kjem eg alltid på i byrjingi av semesteret, men so kjem den ekstreme reisingi mi brått på – og vips so er 3-4 veker gått.

BLUG-møte hev eg *aldri* vore på grunna det elendige tidspunktet dei hev konspirert saman med alt anna kjekt som hender.

So no i det siste so er det dansen eg hev prioritert. Diverre hev eg vore vekk frå han 2-3 gongar no av di eg hev vore anten i Oslo, Lysebotn eller Stavanger. Sers synd.

Elles vart eg interessert i BSI Wushu då eg traff leiaren og søkte rundt for å vera med, dette må jo verta bra. Kor tid gjeng det eg ville vera med på? Torsdag etter 19.

Sant og segja so hev eg _ein_ til fritidsaktivitet, og det er BSI segling – dei hev ting kvar dag – so det er enkelt å velja anna enn torsdag.

Er det ikkje berre tilfeldig då?
———————

Den er ganske enkel å svara på. Ser denne lista med fritidsaktivitetar tilfeldig ut:

* måndag: ingenting
* tysdag: ingenting
* onsdag: ingenting
* torsdag: **dans, BLUG, teatersport, innebandy, wushu**
* fredag: ingenting
* laurdag: ingenting
* sundag: ABSOLUTT INGENTING!!! Stygge sundag.

So, eg spyrr retorisk, ser det der tilfeldig ut for deg?

Nei, tenkte so.

Eg kallar det torsdagsterror.

Ein tanke om “Torsdagsterror

  1. skjalg omdal

    For folk som er mykje på reisefot er dette eit klart problem. Eg melde meg på spanskkurs i Stavanger i 1978, i 1981 og i 1985. Og etter dette har me vore eitt heilt år i Spania. Eg har ennå ikkje lert meg spansk. Så snart eg hadde meldt meg på kurs, så var eg ute på arbeidsreise eller feirereise. Det er vanskeleg å vere fast ein stad i 8 -10 veker! Eg har aldri klart det gjennom dei siste 36 år!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.