Månadsarki: oktober 2010

Endå ein uting med Bergen

Eg køyrde heim ein fyr i Stavanger for ikkje so alt for lengje sidan, og me kom innpå Bergen, der han hadde budd fyrr.

«Eg tykkjer det regner like mykje i Bergen som i Stavanger eg», seier eg.
«Ah, ja, i regndagar, ja, men i mengde so er det dobbelt so mykje».

Og det er sant. Kor sant det er, hev eg merka no i det siste. HEKKAN kor ekstremt det regner her.

I dag snødde det. Eller, so mykje me kann kalla snø for snjo her. Slaps er vel meir korrekt, nett som i Stavanger, men her kjem problemet;

Dobbel mengd regn i Bergen? Det tyder jo sørenmeg dobbelt mengd med slaps i Bergen òg! Det var eg uheldig å kjenna i dag…

Korleis lasta ned (lagra) video frå NRK Nett-TV (i Ubuntu Linux)?

siri-m på underskog spurte «Hvordan laste ned filmsnutt fra NRK?». I og med at dette er noko eg gjer ofte, sa eg at ho kunne bruka mplayer. Han skal fungera i båe OS X og Windows.

Langt i frå like enkel å installera som i Ubuntu, då, men brukbar. Viss du hev Ubuntu kann du installera han ved å trykkja på denne apt-lenkja: apt://mplayer.

So eg lagde ein kort video for å visa korleis du lastar ned video frå NRK Nett-TV (køyr han i fullskjerm, for sida mi er for smal)

Merk: Du må klikka på det kvite på netsida til NRK for å få fram «vis kjeldekode», altso ikkje klikk på biletet/der videoen skal vera.

Dessutan registrerer eg (i videoen!) at NRK Nett-TV plutseleg fungerer rett i Firefox utan at eg hev gjort noko for å fiksa det, kor tid skjedde det?

Andreas gav fylgjande tips i innspelsfeltet:

Hej, du kan òg berre høgreklikke på videoen etter den har starta å spele og velje “kopier”. Så slepp du å gå inn i kjeldekoda :)

Eit draumspel, med Immaturus på Kvarteret

Jøss, det var ei yverrasking. Her kjem eg og ventar skuleteater av verste sort, og so er det noko heilt anna.

Det står i heftet:

Kven er eg, kven er du? Er vi her, eller ein annan stad? Vi er tilstade, men i høve til kva? Er vi fri, finst det fridom? Er vi i fanganskap som i ei gjentaking? Eller er alt berre ord? Kva er eit ord? Finst vi i det heile tatt, eller er alt berre ei blanding av draum, røyndom og dikt?

Fyrst, fantastisk at det er på nynorsk! Alle skrivefeili (3) 1 er diverre tilstades i den faktiske teksten, men det er likevel færre feil per setning enn det eg hadde for få år sidan.

Same kva! Det er ikkje hovudpoenget med utdraget. Eg vonar du ser det like godt som eg. Det er vandskeleg å ikkje sjå det.

Strindberg. Eit draumspel. Metameining, symbolisme, realisme, draum, ikkje draum, kva er? Kva er ikkje? Suggererande! LJOSFONTENE!

Uhm. Jaaa. Saaaant… Akkurat.

Dette las eg i Studvest sin Strindberg i ny drakt:

Enkelte indirekte stemningsskapende replikker har vi eksempelvis byttet ut med lyd og lys. Deler av tekstdramaturgien er omgjort til visuell dramaturgi. Likevel har vi hele tiden prøvd å beholde det ulogiske og drømmeaktige i stykket, forteller Malvik.

Skrekkfullt. Eller, eigentleg ikkje. For mykje tekst, for mange replikkar vert veldig fort ukult i feil hender. Men motsett veg er òg skrekkeleg: «Hey! La oss laga eit modernistisk Et dukkehjem der alt berre er dans og ljos og wohoo, og so tek me vekk alt som er forståeleg for då er me kunstnariske!!!».

Stykket til Strindberg høyrast eigentleg skrekkfullt ut. Det høyrast ut som eit slikt flugelimband som trekk til seg stykke av sørgjeleg dårleg kvalitet, trass i kva teksten eigentleg kann vera. Som Jon Fosse.

Fosse skriv stykke som kann setjast bra opp, men omtrent ingen gjer det 2. Dei skal absolutt visa kor smarte dei er ved å gjera det til ei uoppnåeleg høgkultur; sjå ut i salen med blanke augo, framfør replikkane som um du leiker teater og kei publikum til dei sovnar. Sjølv um Fosse ikkje skriv ut meiningi svart på kvitt, tyder ikkje det at ho ikkje finst! Du skal finna den meiningi som regissør og få han ut til publikum. Å gjera halve jobben, er ein jobb ikkje gjort.

Eg gjeng ikkje på teater for å sjå på folk som leiker teater, eg gjeng for å verta rørt, underhaldt og engasjert.

Skuleteater, skuleteater, skuleteater. Det skrik skuleteater. Lag på lag av sokalla «meinig», som er totalt meiningslaus. Sjølv um det hev gav meining for regissøren midt i hasjtåka under LSD-rusen, tyder ikkje det at det er bra teater berre av di det er «annleis», innvikla og uforståeleg. Uforståeleg er ikkje synonymt med mystisk, bra og høgkultur, det er synonymt med tullete, elendig og verst av alt; SKULETEATER.

So etter den alt for lange introen (orsak), kjem me til «Eit draumspel», framførd av Immaturus:

Dette stykket er ikkje slik!

Det er faktisk særs bra! Yverraskande so, ikkje berre av di eg hadde so mongolåge forventningar, men sjølv med eit opent sinn.

Toppen av teksten her skulle jo tru at dette heng saman med det faktiske stykket. Det er likevel berre forventningane mine til det, og det som er so fantastisk med dette stykket er at dei fær fram meiningi so utruleg godt. Greitt nok, det kann vera, og ER ekstra lag lengre nede, men det er nett det; ekstra lag, ting du kann tenkja på når du kjem heim. Men dei gav oss (publikum) noko å sjå på medan me var der òg. Det var moro, og interessant.

Eg er forresten òg imponert yver kvaliteten på produksjonen. Eg visste aldri at Immaturus hadde so peiling. Ville trudd dei gjekk meir i Nationaltheatret-tradisjon (dårleg), enn Rogaland Teater og Det Norske Teatret sine spor (bra teater).

Rogaland barneteater hev gjeve meg upplæring som gjer at eg veit kva eg skal sjå etter, og eg såg ein del slike typiske feil, men dei var ikkje graverande. Det som er veldig typisk er at folk speler hardt og høgt for å vera skremmande/engasjerte osb, og so speler dei på same tidi all mogleg endring og «vekst» ut. På den måten at dei ikkje kann yverraska oss lengre. Det er betre å halda ein del av det inne, og heller ha ei endring, ei oppbygging.

1. månad seinare

Same kva, no hev dette innlegget ligge alt for lengje inne som eit utkast av di eg hev vore redd for å såra nokon. Det er altso ikkje hensikten min, eg hadde det kjempemoro på stykket og eg gler meg til å sjå Katt på heitt blikktak (som eg hev sett eit par andre oppsetjingar av, aldri vore særleg imponert) no dei neste dagane.

Dessutan hev eg ikkje lese andre meldingar av eit draumspel av di eg skulle få ut min eigen tekst fyrst (som eg skreiv same dagen eg såg det, akkurat ein månad sidan i dag(!)).

So, her gjeng «publiser»-knappen.

  1. Vel, den eine er ikkje ein skrivefeil i seg sjølv, men ekstremt dårleg ordlegging, som er verre enn skrivefeil. []
  2. Basert på mitt litt vel knappe datagrunnlag, orsak. []

Stille fredagskveld i heimen…

Fekk lyst til å laga ein video att, men visste ikkje heilt med kva. Då vert det slik :P

Eg hev, heile denne veka, ikkje fengje gjort noko stort anna enn å bruka heilt ekstremt mykje tid på å setja up tenaren til Norsk Målungdom (fosse). So då vert fort ting ståande att på bordet. Dessutan vert eg rastlaus etter eit par dagar i sofaen framfor pcen.

Føler snart dette vert ein ekte blogg-blogg her no. Neste vert vel «dagens outfit»…?

Fuglar rundt meg i parken

Eg sat der og såg på ei skjæra og ein ravn som prata mykje, jakta litt på kvarandre og fann seg mat. Flytta seg hit og dit. Diverre kom eg ikkje på å filma det fyrr dei hadde flyge vekk – men eg tok litt video frå der eg sat lell.

For å kunna bruka som testprosjekt for PiTiVi og ripple-edit-patchen min.

Eg segjer noko totalt utydeleg i byrjingi der, ikkje bry dykk um det :] Videoen er 11MB, som er litt vel mykje.

Dette tok meg rundt 25 minutt med arbeid, som er litt for lang tid, men TTT. Dessutan

Vassgraut til morgonseglas

Eg stod upp litt tidlegare i dag for å vera med på ein liten segltur ut i Bergensfjorden. No må eg faktisk skunda meg. Same kva, den vanlege havregrauten min kunne eg ikkje laga, iom. at havren hadde vore ganske enkkel. Diverre. Skal ikkje segja meir um det.

So tenkte eg attende, mamma viste meg nett noko eg aldri hadde visst gjekk an; å laga graut på MJØL. Det er visstnok ekstremt vanleg òg. Alle gjer det. Vel, alle gjorde det, i gamle dagar.

Då laga dei vassgraut for tenestefolket (og folk flest), medan dei med pengar til salt i grauten (vel, dei fleste hadde det) brukte mjølk.

Fattig som eg er gjekk eg for vassgraut.

Det var ganske enkelt;

  • Vatn
  • Mjøl
  • So litt meir vatn av di eg tok for mykje mjøl

Og so kok-rør-kok-rør-kok. Og so ferdig.

Og det er kjempegodt! :D

Men no må eg skunda meg

oppdatert frå brygga: Bah, 10 minutt for sein grunna havrefadesen.