Endå ein uting med Bergen

Eg køyrde heim ein fyr i Stavanger for ikkje so alt for lengje sidan, og me kom innpå Bergen, der han hadde budd fyrr.

«Eg tykkjer det regner like mykje i Bergen som i Stavanger eg», seier eg.
«Ah, ja, i regndagar, ja, men i mengde so er det dobbelt so mykje».

Og det er sant. Kor sant det er, hev eg merka no i det siste. HEKKAN kor ekstremt det regner her.

I dag snødde det. Eller, so mykje me kann kalla snø for snjo her. Slaps er vel meir korrekt, nett som i Stavanger, men her kjem problemet;

Dobbel mengd regn i Bergen? Det tyder jo sørenmeg dobbelt mengd med slaps i Bergen òg! Det var eg uheldig å kjenna i dag…

7 tankar om “Endå ein uting med Bergen

  1. skjalg

    Eg forstår ikkje kvifor eg på skrive passord i Gapca kvar gong eg skriv kommentarar. EG HAR jo OpenID…!

  2. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Skjalg: Ja? Er det so vandskeleg å forstå? Same kva, det er jo moro å bu i forskjellege byar.

    Eg gjekk attende til Akismet no då, sidan Mollom tydelegvis var so plagsom. Og ja, eg tykkjer det er idiotisk av Mollom å ikkje taka OpenID med i rekningi. Dei lova ny versjon veldig lengje, men kom aldri med det.

  3. Helene

    Det skal vera sagt, at heller ikkje eg tykkjer Bergen er den beste staden å bu:) Eller, eg trur eg likar meg betre no en før. Men, det er ikkje den same kjensla som i Oslo:/ Eg har jo ogso ein framtidig plan (heilt avhengig av at eg faktisk tek ped.) om å bu i Kviteseid eit år, og jobba som lærar der. Det hadde vore fint. Eg innser, at dette innlegget,verkeleg ikkje har noko med sjølve posten din, å gjera, Odin. Det får so vera:)

  4. skjalg

    Du store kineser…Helene, eg må sei dette var kjekke og overraskande tankar! Så flott. Fortsett med å tenke slike tankar..Det hadde vore kjekt om dykk hadde gjort desse til aktiv handling!! No blir jo huset ennå meir praktisk å bu i for fleire!! Forresten du må skrive kommentarar på PA-sida og…

  5. Unni Elisabeth

    Hallo, hallo – Bergen og Port Arthur ja :-D Her er nydeleg ver, men litt kaldare enn i Albir. Nett no sit eg på eit hostel i Madrid. Har funne ein skikkeleg fin «garasje» (he, he… ) Har tom gratis trådlaus internett her og eg har jammen klara å kople meg opp og! imponera no??? Uansett kan eg ikkje sitje her på rommet heile dagen, men eg skal ut i byen og gå. Eg bur MIDT i kjernen her, men fant nettopp dette greie billige hostellet. I morgon skal eg på Prada museet, tenkte eg.

  6. skjalg

    Jøss…eg tenkte eg skulle skrive sms til Unni Elisabeth nett no. Her er er det skyfritt, og kaldt (4pluss). Det vert nok frost til kvelden – så er fyrer i ovnen her i Schancheholen. Du får ta deg vel i vare der i storbyen – eg trur Odin er på veg til Florø for å Videobrodcaste…på internett. Forresten det heiter Pradomuseet. Eg var der i september 1968, Ein fantastisk samling med Goyamalerier.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.