Korleis lasta ned (lagra) video frå NRK Nett-TV (i Ubuntu Linux)?

siri-m på underskog spurte «Hvordan laste ned filmsnutt fra NRK?». I og med at dette er noko eg gjer ofte, sa eg at ho kunne bruka mplayer. Han skal fungera i båe OS X og Windows.

Langt i frå like enkel å installera som i Ubuntu, då, men brukbar. Viss du hev Ubuntu kann du installera han ved å trykkja på denne apt-lenkja: apt://mplayer.

So eg lagde ein kort video for å visa korleis du lastar ned video frå NRK Nett-TV (køyr han i fullskjerm, for sida mi er for smal)

Merk: Du må klikka på det kvite på netsida til NRK for å få fram «vis kjeldekode», altso ikkje klikk på biletet/der videoen skal vera.

Dessutan registrerer eg (i videoen!) at NRK Nett-TV plutseleg fungerer rett i Firefox utan at eg hev gjort noko for å fiksa det, kor tid skjedde det?

Andreas gav fylgjande tips i innspelsfeltet:

Hej, du kan òg berre høgreklikke på videoen etter den har starta å spele og velje “kopier”. Så slepp du å gå inn i kjeldekoda :)

10 tankar om “Korleis lasta ned (lagra) video frå NRK Nett-TV (i Ubuntu Linux)?

  1. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Unhammer: Ingen vits å bruka noko anna når eg allereide hev mplayer :-)

    Skjalg: Kva er vandskeleg med det? Det er to klikk, eit søk og ein kommando. Eg kunne tilogmed laga eit lite skript som gjer alt automatisk, men ser ikkje heilt hensikten når det likevel er so enkelt :)

  2. skjalg

    Odin… det kjem ikkje ein slik meny du får når eg høyreklikkar på bilete…. Eg har faktisk ikkje fått dette til å verke dei 8-10 gongene eg har prøva sidan mai i år.

  3. Andreas

    Hej, du kan òg berre høgreklikke på videoen etter den har starta å spele og velje «kopier». Så slepp du å gå inn i kjeldekoda :)

    Du kan òg gi fila eit format og eit namn med det same ved å skrive kommandoen slik:

    mplayer -dumpstream -dumpfile episode3.mov mms://mms-icanal-odc.online.no/blablablabla.wmv

    Fin blogg :)

  4. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Andreas: Du hev so rett, men det er langtifrå alltid at avspeling fungerer. Eg vart jo bra yverraska yver at videoen byrja spela. Eg hev ikkje gidda fiksa det, so det må vera noko nytt i Ubuntu 10.10, at det fungerer når du installerer alle kodekane. Eg hev ikkje lagt inn noko frå medibuntu ein gong.

    Men eg viste eigentleg ei jente som brukte OS X korleis det skulle gjerast, so eg måtte ha noko som fungerte utan Totem. Då eg viste dette her til pappa, so brukte eg din metode. Medan kjærasten min (som hev Ubuntu 9.10, gamal) må bruka vis kjeldekode-metoden, viss ikkje kjem ingenting fram.

    Godt tips til å gjeva namn, men transkoder han verkeleg? Eller er det berre kontainerskifte? Trur ikkje WMV9 gjeng inn i ein QuickTime-kontainer nemleg, so trur du lyt halda namnet med wmv-etternamn for dårlegare operativsystem som berre sjekkar filer etter etternamnet :-)

    Takk :-)

  5. Icecube Media

    hi, Jeg har studert bloggen din og må kjenne noen interessante ting å vite. veldig bra arbeid fra deg! Virkelig verdsatt arbeid!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.