Vassgraut til morgonseglas

Eg stod upp litt tidlegare i dag for å vera med på ein liten segltur ut i Bergensfjorden. No må eg faktisk skunda meg. Same kva, den vanlege havregrauten min kunne eg ikkje laga, iom. at havren hadde vore ganske enkkel. Diverre. Skal ikkje segja meir um det.

So tenkte eg attende, mamma viste meg nett noko eg aldri hadde visst gjekk an; å laga graut på MJØL. Det er visstnok ekstremt vanleg òg. Alle gjer det. Vel, alle gjorde det, i gamle dagar.

Då laga dei vassgraut for tenestefolket (og folk flest), medan dei med pengar til salt i grauten (vel, dei fleste hadde det) brukte mjølk.

Fattig som eg er gjekk eg for vassgraut.

Det var ganske enkelt;

  • Vatn
  • Mjøl
  • So litt meir vatn av di eg tok for mykje mjøl

Og so kok-rør-kok-rør-kok. Og so ferdig.

Og det er kjempegodt! :D

Men no må eg skunda meg

oppdatert frå brygga: Bah, 10 minutt for sein grunna havrefadesen.

3 tankar om “Vassgraut til morgonseglas

  1. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Lagde det faktisk i dag òg. Tenkte på å taka bilete då eg skreiv dette, men gadd ikkje. Tenkte kort på det i dag òg, men so kom eg på at folk flest les berre innlegg når det er nytt, og alle hev vel lese det no allereide… :-)

  2. skjalg

    Odin, det er kjekt du skriv att. Skulle gjerne hatt ei aktiv side eg og – no som eg ikkje er i Spania. Det ville verke litt merkeleg å skrive om dei indiske filmopptaka under spaniabloggen.. Kvar gong eg er i Kviteseid, kjem det bestemt noko på den! Skal dra der no til veka, det skjer store ting der. DU Odin må jo skrive om desse spesielle dagane med det indiske filmteamet – me har jo alle dei flotte bileta!!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>