Månadsarki: november 2010

Dagbladet og VG på nynorsk (korleis?)

I dag lanserte me endeleg dei tvo sidone nynorskvg.no og nynorskdb.no som me hev jobba med i nesten eit år no. Det er del av Norsk Målungdom sin haustkampanje, «Opphev nynorskforbodet i Dagbladet og VG».

Eg hev stått for alt det tekniske, og alt saman putrar og går på ein tenar hjå Linode i London. Veldig mykje av tidi mi hev gått med til å uroa meg yver kva som skjer dersom sida fær ein del trafikk. So i det høve har eg måtta lært meg ein heil del ny teknologi for å kunna skalera det heile ut til fleire maskiner dersom det vert litt for populært for ei maskin.

Det var berre 5 minutt med batteri att på maskina nett, so de fær leva med elendig teikning. Dessutan gløymde eg at Varnish eigentleg er der eg hev skrive nginx (lastfordelar), men dei er uansett ute av funksjon – det er noko eg putter inn dersom me treng meir fart på frontenden.

Den store svarte ulven her er apertium, som er hovudgrunnen til at ting går råtreigt. Apertium et lett 80-200 MB RAM for å omsetja ei side. I den fyrste versjonen eg skreiv so var det berre Apertium og Apache som nettenar, då vart apertium opna for kvar person som gjekk inn på ei side viss sida ikkje var lasta frå fyrr. Det tok meg ikkje meir enn å gå inn på to artiklar på likt for at tenaren kræsja og OOM-killeren (ikkje-meir-minne-drapsmaskina) i Linux drepte som galen. Fyrr den tid brukte han harddisken som minne (swap), noko som er supertreigt og fekk alle dei forskjellege jobbane til å hopa seg opp.

Det var opplagt nok ingen vinnande strategi.

Måten systemet fungerer på no er ganske elegant av di det er mogleg å leggja til fleire tenarar som gjer det harde arbeidet veldig enkelt.

Når du gjeng inn på ei side, skjer no dette;

  1. Sjekk urlen (adressa) mot databasen (mysql), viss han finst, returner den ferdigomsette sida.

    • Viss omsetjinga er over GAMAL minutt, legg ein ny jobb til i køen (celery, som pratar med rabbitmq)
  2. Viss urlen ikkje var i databasen, legg ein ny jobb i celerykøen og vis lastar-side.

    • Laste-sida prøver den same urlen kvart andre sekund heilt til han fær den ferdig omsette sida (1.)

So, det ligg potensielt eit par jobbar i køen no.

På ei (eller 20) anna maskin, køyrer celeryd som tek ein og ein jobb frå køen og køyrer dei etter kvarandre, når sida er omsett so lagrar dei resultatet i databasa.

Eg hev fylgd med på trafikken til sidene, og nett no med dette systemet so klarar me køyra båe nynorskvg og nynorskdb på ein liten vps, men me bruker stadig meir av ressursane, so det er kannhenda eit poeng å køyra opp eit par tenarar til, problemet er at det vil medføra ein del nedetid, av di eg må gjera systemet nettverksbasert og ikkje på ei maskin slik som no.

Men nett no sit eg på bussen til Bergen og maskini mista internett, so det fær venta. Det er jo for løye dette her, so folk tòler nok litt treigskap. Dessutan so er sidene framleis relativt kjappe. :)

Når det kjem til Varnish so er det litt interessant at det var VG som betalte for utviklingi av programmet i fyrste omgang; so det er moro dersom eg puttar det inn for nynorskvg ;)

Hanne Nabintu Herland; smart, interessant og viktig

OK. Eg hev ei høna å plukka. Ikkje rakk ned på Hanne Nabintu Herland. Fyrst og fremst; gå på sak, ikkje person. Og høyr etter! Ikkje kall ho dum, den dama er so langt frå dum at eg forstår ikkje bæret av folk som meiner noko anna. Ho er rivande smart, og hev utruleg godt ressonerte og viktuge poeng. No baserer eg dette her på det foredraget eg var på, og ikkje på videoen, som eg ikkje hev sett heile av. Men veit de kva? Eg er einig med ho og det er synd at det er so kontroversielt!

So dette var litt av eit foredrag, eg unnar andre å sjå det. I går, medan eg luska rundt i Bergens gatar og leita etter noko å gjera (ja, slik gjeng no dagan»!) kom eg over ein plakat om eit Hanne Nabintu Herland-foredrag dagen etterpå. Eg sende straks ei melding til Janne-Kristin og lurte på om eg skulle dra. «Jaaaaa!!!» var svaret. So det gjorde eg.

Det var, som eg venta, heilt fullt oppe i storelogen. Eg stod godt til rette heilt bakerst og foredraget hennar «Tilbake med norske verdier» (kannhenda eg hugsar namnet feil) byrja. Foredraget som fylgde var med eitt unnatak rakt gjennom imponerande, gjennomtenkt og veldig smart. Ho tok opp viktuge ting på ein veldig god måte. Eg er ikkje, og treng ikkje å vera einig i alt, men eg var einig i veldig mykje.

So, kjem dette som eit sjokk på nokon? Eg vil tru det kann. Av ein eller annan grunn so vert Hanne Nabintu Herland, og det ho meiner, sett på som obskønt, bakstreversk og heilt utruleg fælt i «mine miljø» og dei båsane eg kannhenda vert sett i av folk som ikkje kjenner meg so godt. Eg meiner, det var ikkje lengje sidan det stod på netsida mi her at eg var medlem i sosialistisk ungdom, at eg var humanist/ateist (vel buddhist stod det ei stund, og det hev eg eigentleg ikkje gått vekk frå, eg er framleis eit slag buddhist) og eg heng på universitetet med alt det tankegodset som fylgjer med. Folk veit at eg held med Miljøpartiet dei Grøne (MDG) nett no, men eg kann fort stemma på Sosialistisk Venstreparti, og vert ikkje det litt rart når Herland heile tidi bruker «venstresida» som negativt ord? Nuvel, eg trur det er ein falsk motsetning, at du trur noko treng ikkje gjera deg umottakeleg for nye idear og ikkje minst nyanseringar. Det er lov å ha meir enn ein tanke i hovudet om gangen. Eg hev endra synspunkt på mangt gjennom livet mitt og eg er veldig stolt av det; stolt av å ikkje binda meg til eitt tankesett, men ha evna til å læra. Det klarar heldigvis dei fleste, av dei eg kjenner iallfall. ;-)

Eg skal ikkje skriva frå foredraget, for det gjer ho betre sjølv, og dessutan er eg ikkje so interessert i å sitja framfor maskina so mykje lengre no.

Ho hev sers kontroversielle syn på kvinnekampen og feminisme. Det tok ho mellom anna opp. Ho er ikkje ein antifeminist; kvinnekampen tok fram til eit punkt veldig viktuge kampar for å få maktbalansen til å jevna seg. Men det gjekk for langt, no er han skeiv. Han er for hardt på kvinnenes side. Dette vert folk ilsinte over, og spesielt dei fyrenemnde venstresosialistiske gruppene.

Men veit de kva? Eg er sørenmeg ganske einig med ho der tilogmed! Og for å kjapt få noko klart; eg kjenner meg ikkje undertrykt og «wai wai stakkars meg»; det er ikkje difor eg er einig. Eg må få lov til å segja noko slikt utan at det dermed skal tyda at eg ynskjer meg meir makt eller noko. Det er heller ikkje det Herland segjer, det ho segjer er at kvinner og menn er forskjellege. Og det er rett! Det er veldig korrekt. Men politikken og intellektualismen i dette landets store ynskje er at kvinner og menn skal verta like på ymse statistikkar. Når det kjem til rettar, so er det opplagt slik, men der er me, og der hev me vore, pendelen (som Herland viser so fint) hev vore på det punktet, og svingt forbi.

No er jo eg personleg ein ganske feminin mann, og det må eg jo få lov til å vera; eg treng ikkje respekt for nokon tradisjonell mannsrolle personleg, men me treng det som heilskap i samfunnet. Ikkje den «valdeleg»-delen av «mannsrolla» då, den høyrer ikkje heime der. Men den vanlege familiefarrolla.

Hanne Nabintu Herland vert litt latterleggjort av somme i mitt miljø. Nokon kallar ho dum (noko som er riv ruskande gale, og det visste eg frå før, ho er DEFINITIVT ikkje dum, ho er særs smart), og andre berre ler av dansingi hennar.

Eg vart rått provosert då Herland sa dette om feminisme, og ei gruppe folk byrja le framme i salen. Dei lo so høgt at det overdøyvde ho. Ho satte dei godt og vel på plass, og det var absolutt det rette å gjera. Kva faen skjer med at folk er so jækla usikre på seg sjølv, at når nokon kjem med ein annan meining enn deg, so må du LE for å LATTERLEGGJERA personen? Kva er det for ein forkasteleg, nedverdigande hersketeknikk? Hanne prata mykje om respekt og ein gamal europeisk verdi som å kunna ha skikkeleg debattklima, det er gode verdiar, og viktuge å hegna om. Det er sokalla siviliserte verdiar som gjer oss til siviliserte menneske.

Desse folki som sit og ler av dette må vera ekstremt usikre i si sak, og usikre på seg sjølv til å ty til noko so ekstremt som det. Eg mistar respekten for slike folk, det vitnar om låg sjølvkjensle, og er ikkje bra.

Eg gjekk inn på netsida hennar no, og der finn eg ein heil del eg ikkje er einig i, so det var ikkje so moro nett no (for dette innlegget ;p) – men viss du er ueinig i noko so treng du ikkje søkkja til det nivået å le av det. Venstresidefolk som liksom skal vera so opne og inkluderande. Gjeld ikkje alle saman det, nei.

Åvel. Dette vart truleg den dårlegaste teksten eg hev skrive i år, men lat gå. Kannhenda det vert noko diskusjon.

Det finst nyansar, og Herland kjem fram i media som om ho er ekstremt unyansert. Det er feil. Men ho segjer noko rett ut, og utan å nyansera det for å vekta opp mot den andre sida som er skeiv. Det er nett min debatteknikk òg.

Ho sa sjølv som eg skreiv på identica:

Nabintu: det er lov å vera ueinig, det er ikkje alltid eg er einig med meg sjølv! <sallatter> Ja, de veit jo eg ikkje alltid er nyansert :)

Vel, det fær vera det for i dag. No vil eg heim.

Ah, ein siste ting, som fekk meg til å elska Nabintu på turen hennar ut; ho segjer:

Det er so liten respekt for å vera annleis i dette landet! So liten respekt ….

Og so kjem ho med eit par døme. Og so mellom anna;

Dei som ikkje drikk fær masse bullshit, og må svara for seg, kvifor drikk du ikkje? JA? Kvifor skal plutseleg det vera gale? Me hev alt for mykje alkoholproblemer i dette landet, SO ER IKKJE DET FINT DÅ!?

Ahh. So sant, so sant!

Såg nett «The social network»

…og det var ein veldig underhaldande film. Det gjer meg ilt i hjarta likevel, av di det minner meg på den videoen eg ville laga som forklarar kvifor det er viktugt at me ikkje hev eit sentralisert sosialt netverk slik som Facebook, men eit distribuert, fritt eit.

Det hev eg no i minst eitt og eit halvt år tenkt på, og eg hev framleis ikkje kasta meg uti det. Folk eg pratar med forstår tankane ganske fort, so brorparten av dei som les bloggen min veit det. Dimed er òg eigentleg mykje av vitsen med å gjera det vekke, likevel so er det eit prosjekt som eg ikkje klarar å la gå. Det skal berre vera ein liten forklaringsvideo, men eg klarar ikkje lata det vera med det, — eg tenkjer eg vil ha med nokre teikningar og animasjonar og og og og… Der stoggar det liksom ;-)

Diaspora kom, og fekk masse mediedekning, og bra var det. Dei kom seint, men dei var unge, i USA (som alle må vera for å gjera noko på internett, verkar det som) og gjorde det heile enkelt å forstå. Det er nett der eg hev mi interesse òg, det må vera enkelt å forstå. Og eg er veldig for at Diaspora ser ut til å nytta so mykje ressursar på å få ting til å sjå fint ut og vera enkelt å bruka. Det er so uendeleg viktugt.

Eg likar likevel ikkje måten dei bygger det på, Ruby passar seg ikkje for eit friprog-prosjekt som du vil spreia rundt for alle vindens vegar. Men-men, eg skriv no friprog i Python og Django eg, so eg er vel ikkje so folkeleg på den fronten akkurat eg heller.

Litt attende til sjølve filmen. I byrjingi er det masse teknisk, det fantastiske er at det er mogleg å sjå på utan å verta flau! For det er korrekt! Og det er herleg at Mark Zuckerberg brukar KDE og Linux, at han fortel oss korleis han hentar ned bileta (eg hev gjort dette sjølv, eg henta ned alle profilane til alle på russ.no då eg var russ, og fekk snart den absolutt mest besøkte profilen på russ.no) – og dei dummar det ikkje ned. Dei hopper yver ein heil del, men det dei segjer er korrekt, og enkelt å få til.

Ahh, berre det å få sitja og sjå vim og emacs og ein heil del andre kjende, herlege program på flotte Linux-skrivebordsmiljø 1 er ein fryd gjennom heile filmen. Men mest i starten.

Same kva, eg vart (er framleis) båe engasjert og litt nedtrykt av filmen. Nedtrykt av di det berre verkar so mykje vandskelegare å koma til og sikra oss eit fritt internett som ikkje held venene gissel; Facebook er so store og mektige, og det er ingen opplagt rute å fylgja for å frigjera alle som vert haldne der.

Men på den andre sida so er det jo ekstremt enkelt, eg meiner, eg likar Facebook so godt grunna den veldig gode biletefunksjonaliteten. Eg veit det er difor mamma elskar Facebook. Det er eit par enkle, små funksjonar som er viktuge. Bileta kopla til det sosiale, at andre lett kann sjå det, og at det kann delast og spreiast og kommenterast. Det er ikkje avanserte greier. Mykje vandskelegare å gjera distribuert, men å laga det i ein silo som Facebook gjer er barnemat.

Det er menneska som er på Facebook som gjer det til det det er, at det er umogleg å ikkje vera på grunna den altomfattande, ekstreme tyngda det fær grunna det.

Det er jo det me er interesserte i, andre menneskje.

  1. Lurer på kvifor eg ikkje såg noko Gnome då. Ingen som brukar Gnome? Finn eg litt sært, menmen… []