Hanne Nabintu Herland; smart, interessant og viktig

OK. Eg hev ei høna å plukka. Ikkje rakk ned på Hanne Nabintu Herland. Fyrst og fremst; gå på sak, ikkje person. Og høyr etter! Ikkje kall ho dum, den dama er so langt frå dum at eg forstår ikkje bæret av folk som meiner noko anna. Ho er rivande smart, og hev utruleg godt ressonerte og viktuge poeng. No baserer eg dette her på det foredraget eg var på, og ikkje på videoen, som eg ikkje hev sett heile av. Men veit de kva? Eg er einig med ho og det er synd at det er so kontroversielt!

So dette var litt av eit foredrag, eg unnar andre å sjå det. I går, medan eg luska rundt i Bergens gatar og leita etter noko å gjera (ja, slik gjeng no dagan»!) kom eg over ein plakat om eit Hanne Nabintu Herland-foredrag dagen etterpå. Eg sende straks ei melding til Janne-Kristin og lurte på om eg skulle dra. «Jaaaaa!!!» var svaret. So det gjorde eg.

Det var, som eg venta, heilt fullt oppe i storelogen. Eg stod godt til rette heilt bakerst og foredraget hennar «Tilbake med norske verdier» (kannhenda eg hugsar namnet feil) byrja. Foredraget som fylgde var med eitt unnatak rakt gjennom imponerande, gjennomtenkt og veldig smart. Ho tok opp viktuge ting på ein veldig god måte. Eg er ikkje, og treng ikkje å vera einig i alt, men eg var einig i veldig mykje.

So, kjem dette som eit sjokk på nokon? Eg vil tru det kann. Av ein eller annan grunn so vert Hanne Nabintu Herland, og det ho meiner, sett på som obskønt, bakstreversk og heilt utruleg fælt i «mine miljø» og dei båsane eg kannhenda vert sett i av folk som ikkje kjenner meg so godt. Eg meiner, det var ikkje lengje sidan det stod på netsida mi her at eg var medlem i sosialistisk ungdom, at eg var humanist/ateist (vel buddhist stod det ei stund, og det hev eg eigentleg ikkje gått vekk frå, eg er framleis eit slag buddhist) og eg heng på universitetet med alt det tankegodset som fylgjer med. Folk veit at eg held med Miljøpartiet dei Grøne (MDG) nett no, men eg kann fort stemma på Sosialistisk Venstreparti, og vert ikkje det litt rart når Herland heile tidi bruker «venstresida» som negativt ord? Nuvel, eg trur det er ein falsk motsetning, at du trur noko treng ikkje gjera deg umottakeleg for nye idear og ikkje minst nyanseringar. Det er lov å ha meir enn ein tanke i hovudet om gangen. Eg hev endra synspunkt på mangt gjennom livet mitt og eg er veldig stolt av det; stolt av å ikkje binda meg til eitt tankesett, men ha evna til å læra. Det klarar heldigvis dei fleste, av dei eg kjenner iallfall. ;-)

Eg skal ikkje skriva frå foredraget, for det gjer ho betre sjølv, og dessutan er eg ikkje so interessert i å sitja framfor maskina so mykje lengre no.

Ho hev sers kontroversielle syn på kvinnekampen og feminisme. Det tok ho mellom anna opp. Ho er ikkje ein antifeminist; kvinnekampen tok fram til eit punkt veldig viktuge kampar for å få maktbalansen til å jevna seg. Men det gjekk for langt, no er han skeiv. Han er for hardt på kvinnenes side. Dette vert folk ilsinte over, og spesielt dei fyrenemnde venstresosialistiske gruppene.

Men veit de kva? Eg er sørenmeg ganske einig med ho der tilogmed! Og for å kjapt få noko klart; eg kjenner meg ikkje undertrykt og «wai wai stakkars meg»; det er ikkje difor eg er einig. Eg må få lov til å segja noko slikt utan at det dermed skal tyda at eg ynskjer meg meir makt eller noko. Det er heller ikkje det Herland segjer, det ho segjer er at kvinner og menn er forskjellege. Og det er rett! Det er veldig korrekt. Men politikken og intellektualismen i dette landets store ynskje er at kvinner og menn skal verta like på ymse statistikkar. Når det kjem til rettar, so er det opplagt slik, men der er me, og der hev me vore, pendelen (som Herland viser so fint) hev vore på det punktet, og svingt forbi.

No er jo eg personleg ein ganske feminin mann, og det må eg jo få lov til å vera; eg treng ikkje respekt for nokon tradisjonell mannsrolle personleg, men me treng det som heilskap i samfunnet. Ikkje den «valdeleg»-delen av «mannsrolla» då, den høyrer ikkje heime der. Men den vanlege familiefarrolla.

Hanne Nabintu Herland vert litt latterleggjort av somme i mitt miljø. Nokon kallar ho dum (noko som er riv ruskande gale, og det visste eg frå før, ho er DEFINITIVT ikkje dum, ho er særs smart), og andre berre ler av dansingi hennar.

Eg vart rått provosert då Herland sa dette om feminisme, og ei gruppe folk byrja le framme i salen. Dei lo so høgt at det overdøyvde ho. Ho satte dei godt og vel på plass, og det var absolutt det rette å gjera. Kva faen skjer med at folk er so jækla usikre på seg sjølv, at når nokon kjem med ein annan meining enn deg, so må du LE for å LATTERLEGGJERA personen? Kva er det for ein forkasteleg, nedverdigande hersketeknikk? Hanne prata mykje om respekt og ein gamal europeisk verdi som å kunna ha skikkeleg debattklima, det er gode verdiar, og viktuge å hegna om. Det er sokalla siviliserte verdiar som gjer oss til siviliserte menneske.

Desse folki som sit og ler av dette må vera ekstremt usikre i si sak, og usikre på seg sjølv til å ty til noko so ekstremt som det. Eg mistar respekten for slike folk, det vitnar om låg sjølvkjensle, og er ikkje bra.

Eg gjekk inn på netsida hennar no, og der finn eg ein heil del eg ikkje er einig i, so det var ikkje so moro nett no (for dette innlegget ;p) – men viss du er ueinig i noko so treng du ikkje søkkja til det nivået å le av det. Venstresidefolk som liksom skal vera so opne og inkluderande. Gjeld ikkje alle saman det, nei.

Åvel. Dette vart truleg den dårlegaste teksten eg hev skrive i år, men lat gå. Kannhenda det vert noko diskusjon.

Det finst nyansar, og Herland kjem fram i media som om ho er ekstremt unyansert. Det er feil. Men ho segjer noko rett ut, og utan å nyansera det for å vekta opp mot den andre sida som er skeiv. Det er nett min debatteknikk òg.

Ho sa sjølv som eg skreiv på identica:

Nabintu: det er lov å vera ueinig, det er ikkje alltid eg er einig med meg sjølv! <sallatter> Ja, de veit jo eg ikkje alltid er nyansert :)

Vel, det fær vera det for i dag. No vil eg heim.

Ah, ein siste ting, som fekk meg til å elska Nabintu på turen hennar ut; ho segjer:

Det er so liten respekt for å vera annleis i dette landet! So liten respekt ….

Og so kjem ho med eit par døme. Og so mellom anna;

Dei som ikkje drikk fær masse bullshit, og må svara for seg, kvifor drikk du ikkje? JA? Kvifor skal plutseleg det vera gale? Me hev alt for mykje alkoholproblemer i dette landet, SO ER IKKJE DET FINT DÅ!?

Ahh. So sant, so sant!

5 tankar om “Hanne Nabintu Herland; smart, interessant og viktig

  1. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Hm, slik for ettertidi, so er det nok verd å nemna at eg vart veldig provosert av dei som ikkje kunne la HNH prata i fred, men måtte visa kor umodne dei var med å le høgt.

    HNH hev mange gode poeng, men det er mykje eg er ganske ueinig med ho i. Eg hadde på ein måte tenkt at nokon kom til å skriva eit «lol du meiner vel ikkje a, b, c»-innspel her, og so kunne eg moderera meg. Men her i innspelsfeltet hev det ikkje vore anna enn ei overdøyvande stillheit, so eg måtte vel nesten få segja det sjølv då :-)

  2. Martin

    Det er mogleg å sparke i alle retningar, somme gongar også i den retninga HNH sparkar. På den andre sida er dei generelle ytringane hennar, ikkje dei heldige stikka til nokon som har dumma seg ut, reaksjonære og restar frå ei svunnen tid dei fleste av oss er forbi.

    Smart? Vel, ingen med mastergrad er rett fram dumme. For meg ser det ut som om ho freistar å vere annleis. Eg trur ikkje ho seier dumme ting fordi ho er dum, men ho seier framleis dumme ting. Eg siktar då til dei tallause utsegna om kjønnsroller og likestilling.

    Interessant? Tja, kanskje det. Problemet hennar er at det meste ho seier har kyrkja sagt i hundrevis av år. Det er fint at nokon freistar å halde utviklinga attende for ordskiftet sin del, men då må ho vere innstilt på å møte ein del motstand.

    Viktig? Ho er annleis, og det er viktig. Sjølv om eg er usamd med henne i omkring alt ho seier, tykkjer eg framleis det er viktig at det finst ein opposisjon. Kanskje kan eg i lystig lag gå så langt som å seie at eg er glad for at ho finst og seier det ho seier, for medan eg lurar på om eg skal le eller grine tenkjer eg ein gong til over mine eigne meiningar og forsikrar meg om at eg «har rett».

  3. Børge

    «Når det kjem til rettar, so er det opplagt slik, men der er me, og der hev me vore, pendelen (som Herland viser so fint) hev vore på det punktet, og svingt forbi.»

    Sier du virkelig (som jeg syns det ser ut som) at kvinner har fått like rettigheter som menn tidligere, men at de nå har fått enda flere? Hva med den skjeve lønnsfordelingen, hva med at det er mest menn sitter i maktposisjoner, kommer i media, osv. Hvis noe går ut over kvinner får det lite oppmerksomhet, men begynner det å gå ut over menn kan det fort få det. Jeg ser ikke noen argumenter for at det stemmer at kvinnekampen har gått for langt.

    At folk tror at hun er dum syns jeg ikke er så rart etter å ha lest en del av det nå beryktede foredraget hun holdt for Bistandsnemda. https://docs.google.com/View?id=dg7fnsx4_44gcb5zvcm

    Men, hey, kanskje hun bare hadde en dårlig dag, og det er jo ikke alt jeg er uenig i heller, selvsagt.

  4. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Børge: Det er umogleg å ikkje vera einig i det du segjer i fyrste avsnitt, det er òg problemet; at ting heile tidi vert gjort so utruleg svart/kvitt når det er slik det ikkje er. All fokus er på å endra desse tingi her, med lite tanke til å a) stilla andre spørsmål, og b) kva er viktug og for kven?

    Det er politikarprat. Dei segjer det same omatt og omatt. Og det er vandskeleg å vera ueinig i, og det er dritkeisamt og berre retorikk. Eg er lei av det, so når nokon (HNH!) endeleg kjem og segjer ting på ein mykje betre måte so må ho ha all honnør for det.

    Altso, det er ingen samanheng mellom gnålet til «kvinnesaka» og dei faktiske «problema» det skapar. Eg kjenner ingen som vert råka, eg klarar heller ikkje synast at det er eit særleg viktugt problem. Av di det ikkje er.

    Burka, der er eit problem. Den ikkje-vestlege verden, kvinnekamp der, ja det trengst! Verkeleg. Men det må koma innanfrå.

    Her i vesten? Neh.

    Sier du virkelig (som jeg syns det ser ut som) at kvinner har fått like rettigheter som menn tidligere, men at de nå har fått enda flere?

    Nei, eg meiner at dei hev fengje like rettar, og dei er der. Kvinner og menn har like rettar i Noreg i dag, og eg synast det som står att av «kampar» i mange tilfelle ikkje er kvinne-positivt, men mannsnegativt. Eg trur mykje resten av samfunnet (tenk, ikkje-Universitetsfolk; folk flest (AP- og FrP-veljarar)) kjenner det noko meir slik, og eg trur dei hev mykje rett i det.

    Hva med den skjeve lønnsfordelingen, hva med at det er mest menn sitter i maktposisjoner,

    Kvinner veljer andre jobbar. Menn er statistisk sett meir pågåande, karriereopphengde osb, osb. Slik er det med frie val, når folk fær velja slik dei vil. Det er forskjell på kvinner og menn, so difor ser me det att i statistikken, det er ikkje yverraskande, det er naturleg.

    Viss me hadde klart å testa kven som hev det kjekkast på jobb, (kann me?) so hadde det sikkert vore interessant. Kva skulle me sagt um kvinner gjorde det betre der? «Me må få dei vekk, og heller tena like mykje pengar og vera like misnøgde som menn»? Hehe, vel.

    Me hev for mykje løn i Noreg. Kvinner treng ikkje meir løn, alle saman treng mindre løn. Folk er vonde og egoistiske. Eit anna punkt frå HNH; samfunnet hev gått frå «Gjer din plikt, krev din rett» til berre «krev din rett». Noko det er særs enkelt å få auga på. Treng ikkje vera alt for kynisk fyrr den evinnelege klagingi og krevingi aust og vest vert for mykje.

    Egoistiske pampar som sit på kvar si tue og krevjer ditt og datt.

    Hvis noe går ut over kvinner får det lite oppmerksomhet, men begynner det å gå ut over menn kan det fort få det.

    Eg veit ikkje kva du siktar til. Einaste eg kjem på er skulesystemet; der jentene no brillierer og gutar er taparar. Greitt nok det; me hev høyrd um det, men det er ikkje like mykje som den evige «kvinner hev dårlegare løn».

    Dessutan fekk eg høyra at me hev høgare prosentdel av sjølvmord blant gutar enn andre land.

    Vel, eg er ikkje sikker på kvar eg vil. Det eg er sikker på, er at eg hev vorte (dei siste 2-3 åri) yvertydd om at mine gamle meiningar um likestilling og kvinnekamp ikkje held mål lengre. Eg irriterer meg meir og meir og meir yver likskapstanken og at den skal styra sopass mykje av norsk politikk. Eg trur det er øydeleggjande. Og eg trur det er øydeleggjande å tenkja at kvinner og menn er like, og skal puttast inn i eit statistisk likt mynster for allslags.

    Menneske er forskjellege, men det er grupper av menneske òg! Og eg meiner det er ein bra ting, og ikkje noko me må endra.

  5. Victor Berrjod

    Det er mest som eg skulde skrive det sjølv, berre lengre. :)

    Eg var litt skeptisk då eg tok til å sjå fyredraget hennar, men eg vart positivt yverraska. Sers mykje av det ho segjer, er eg samd i, og eg tykkjer det er utrulegt vegtugt å setja fokus på denne «likskapstanken». At alle skal vera so forferdelegt like er ikkje ein god ting, spyrr du meg. Det er ikkje politiske ideologiar helder.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.