24 år.

Det kjem vel ikkje som nokon stor yverrasking på nokon, men eg vert eitt år eldre kvart einaste år, og dette året so var det 24 som var talet.

Eg og Helene stod upp so tidleg me klarte (10-ish), av di me skulle vera på ein kinesisk klinikk 11.30. Det hadde vore ein kupong på groupon eit par veker fyrr, og eg kjøpte ein til Helene for moro skuld. Til slik adventspresangkalendergåve. Eg er jo ganske lite glad i dei der greiene, og protesterer sjølvsagt kvart år, men so skaffar eg noko då, for at Helene skal verta glad.

So me åt frukost (som me aldri plar gjera, so det var veldig fint) og gjekk ut i det alt for kalde veret. Me skulle taka buss, men ingen av oss hadde sjekka skikkeleg korleis me tok buss dit. Det viste seg å ikkje vera so enkelt, so me berre gjekk heile vegen. Godt hjelpa av kartet og GPS-en i telefonen min; det er verkeleg hendig viss nokon ikkje hev prøvd det sjølv.

Vel framme i ein bustadblokk ein halvtimes gåtur frå staden vår (andre sida av Store Lungegårdsvatnet) fann me denne klinikken. Det var sære greier, ein bustad som var gjort om. Var lite og litt sært. Menmen, Helene var fyrst. Ho fekk stukke ein haug nåler i seg (akupunktur), og etterpå tok dama å varma opp lufta inni nokre koppar og plasserte dei på ryggen hennar.

(her byrja eg å søkja etter bilete av det, og vart heilt satt ut, so no, omtrent ei veke seinare, fortset eg…)

Det som skjer då er at huden vert sugd opp i koppen, og det heile ser ganske groteskt ut (jadå, skal spara dykk for bilete). Eg fekk same opplegget sjølv om eg ikkje spurte om det, so me var båe tvo raude og vonde på ryggen etterpå.

Gåva mi; eit kjend syn

Vel heime fekk eg pakka mi:

Ein fruktdrikkmiksar!

I innlegget «Elendig produktdesign på fruktdrikkmiksarar» hadde eg nett klart å øydelagd min andre fruktdrikkmiksar av nett den typen; og var forståeleg nok sint, frustrert og alt det som verre er. Men eg vart veldig glad av denne nye, Helene hev rett i at eg hev prata ganske mykje um fruktdrikkmiksarar etter eg klarte å øydeleggja den andre. Det er nesten tvo år sidan eg hev hatt ei slik maskin no.

Den Helene skaffa ser òg ut til å vera kraftigare enn dei to andre eg hadde fyrr. Dessutan so veit eg jo no at eg ikkje må:

  1. Vaska han i varmt vatn etter me hev hatt noko kaldt i.
  2. Setja han uppå kjøleskåp.

Herlege Helene hadde sjølvsagt kjøpt inn allslags forskjelleg frosen frukt òg, slik at me den dagen laga fleire liter med herlege fruktdrikkar. Me hev drikke minst eitt glas dagen etter det. Vel, ikkje no, iom. at me båe tvo er i Oslo nett no (på PING ;-) ) – men når me hev vore heime i Bergen.

Sushi

So reiste me på ein sushiplass i Bergen, me tok den som hadde best veggisutval. Interessant nok so spurte eg kelneren litt ut um veggistilbodet, av di dei hadde berre 2 forskjellege val, og han sa sjølvsagt at dei kunne laga til meir. Det sa eg til slutt berre «nei, elles takk» til og tinga heller dei tvo forskjellege dei hadde på menyen.

Men då eg fekk maten min, er eg heilt sikker på at dei hadde diska det opp 10x betre enn normalt. For her var asparges, avokado, squash og gulrot i nigirien som berre skulle ha avokado. Og makien hadde tempura-gulrot i(!! :D). Det var godt. Men dyrt som alltid. Me burde læra oss og laga slik veggissushi heime. Treng jo ikkje fersk fisk til det, so det burde vera ganske ustress.

Til slutt

Og alle var einige um at det hadde vore ein fin dag. :-)

6 tankar om “24 år.

  1. Egil

    Det store spørsmålet er vel om kolben fortsatt er av glass, eller om den er av plast. Den me hev, som endå ikkje har knust, er av glass. Men me har òg ei anna, litt mindre, til kjøkkenmaskina. Den er av plast :)

  2. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Egil: Han er i glas, ja. Er ikkje nett den modellen som eg hev bilete av her. Helene fann den korrekte på netet, men eg gadd ikkje endra bilete. Kann heller taka eit i heimen når me kjem heim no. Sit på toget.

    Forresten moro å leggja merke til at du sit på nett den same pcen som eg brukte då eg var på PING i nesten heile helgi. Du må hengja meir på PING i helgene mann, eller går ikkje det med familie? :-P

  3. skjalg

    Du skreiv ikkje noko om kva som var vitsen med desse varme koppane? Vart du annleis, kjende du deg meir opplagt etter dette?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.