Årsarkiv: 2011

Epost frå Telenor, Nokia N9 er tinga, yay

Enno ein oppdatering: eg har tinga N9 frå Telenor no. Nesten iallfall, iom. at det er helg. Eg har eit par gladnyhende sidan sist oppdatering.

Eg sa fyrst at N9 var umogleg å få kjøpt i Noreg, DRM-låst og ubrukeleg med fri programvare. So sa eg at det likevel var mogleg å skaffa seg N9 i Noreg, og det kannhenda ikkje var so DRM-befengt som tidlegare trudd.

No har eg funne ut enno meir (ettersom tidi gjeng):

  • Meego-CE (Community Edition) skal visstnok fungera på Nokia N9! kjelde
  • Nokia N9 er mogleg å få kjøpt ulåst frå Telenor, til 4100.
  • MeeGo er daud, men Intel har gått saman med LiMo … SAMSUNG(!!!) i Tizen, som kann sjåast på som ei slags vidareføring av Maemo/Moblin/MeeGo.

Den fyrste fann eg sjølv.

Den andre fekk eg vita frå Telenor og gode Rasmus Kristensen som kom med eit innspel på hjå meg.

Den siste vart eg gjort merksemd på av Egil, der eg leste LWN.net rett etterpå for å finna ut meir.

N9 frå Telenor

Eg sende denne eposten:

Eg vil kjøpa Nokia N9. Diverre har de skaffa dykk ein monopolliknande greia for sal av mobilen i Noreg, so, vel, då vert det truleg gjennom dykk.

Eg vil opplagt nok kjøpa han billegast mogleg. Eg såg at på kort og kontant so står det at mobiltelefonen er låst, det står ikkje det på dei andre. So t.d. Prat(99), kann eg betala abonnementet fullt ut då, men faktisk berre byta SIM-kort til det ekte simkortet mitt?

Sjølvsagt betala 99kr/mnd ut, men eg vil jo ikkje bruka simkortet.

Evt. kva vert det billegaste abonnementet og utbrytingsgebyret?

Prat(99) ligg på totalpris 4100, omtrent det same kostar kontantkortversjonen.

Ei sers hyggeleg dame frå Telenor svarte då:

Hei Odin, og takk for henvendelsen.

Det svarer vi gjerne på.

Samtlige av alternativene er låst til Telenor/Djuice. Dersom du kjøper med abonnement, vil du få operatørlåskoden din gratis. […]

Dersom du ønsker telefonen billigst mulig, har vi noen forslag til deg:

1) Prat 99. Telefonen koster da 2899 kr, og du betaler 99 kr i måneden. Det er billigere å ha simkorter liggende å betale 99 kr i måneden, enn det er å bryte bindingen: 99kr *12 mnd = 1188 kr. Å bryte bindingen umiddelbart koster 1600 kr.

2) Kjøpe telefonen med det abonnementet som passer din bruk. Som regel er dette den billigste løsningen. Du vil da kunne portere over ditt eksisterende nummer, eller velge nytt nummer dersom du ønsker det. Gi oss gjerne en tilbakemelding på hvilket type abonnement du har pr. i dag, samt litt info om bruken din, så finner vi abonnementet som passer din bruk.

3) Kjøpe telefonen til kontantkortpris: 4199 kr. Da vil operatørlåskodegebyret komme i tillegg dersom du ønsker å låse opp telefonen. Dette blir den dyreste løsningen.

Gi oss gjerne en tilbakemelding dersom en av disse løsningene er aktuell for deg.

Ha en riktig god dag!

Med vennlig hilsen Karoline Håkonsen kundeansvarlig Telenor Norge

Har de sett ein betre svarepost? Skikkeleg bra.

Eg svarte attende med masse statistikk om mobilbruken min, for å sjå um dei kann overgå Chess iTouch for mitt bruk. Eg er ganske usikker, men kann yvertydast sidan ho var so hyggeleg i eposten sin. Dessutan er ikkje Chess like kjekt å ha når me ikkje bur i Bergen lengre. I Bergen fekk me halv pris på kino, det fungerer ikkje i Oslo. :/

Tizen

Ser ut til å villa byggja meir av systemet på HTML5. Det er ganske nært opp til korleis QML + Qt er laga, so det er ikkje eit so stort hopp, men eit hopp likevel.

Men sidan hoppet er til webplatformen so tykkjer eg det er bra, det kann eg ha god tru på dersom det vert gjort godt. Men er truleg lurt å kopiera Nokia N9 sitt sexy sexy UI. ;-)

Mobiltinging

Eg tenkjer meg 16GB-versjon. 64GB-versjonane er umoglege å få tak på, ser det ut til. Og dessutan, kven treng vel meir enn 16GB? …

Vel, eg gjer nok eigentleg det, men eg har jo mykje mindre på HTC G1-en min utan at det er noko problem.

Same kva, — gler meg stort til eg fær mobilen :D Det vert saker!

Nokia N9, ei lita oppdatering

Posten min om Nokia N9 hev vorte ganske populær på verdsveven, so eg tenkte det var på tide med ei lita oppdatering.

Eg ventar framleis på N9, eg hev eigentleg vorte forelska, so eg klarar ikkje å sjå til Android-mobilane. Dei er liksom nest-best, og eg vil ikkje ha det.

Ingen DRM likevel?

Eg spurte i MeeGo-kanalen, og der sa dei at dei hadde Nokia N950 køyrande med berre fri programvare, meir eller mindre. Dei meinte òg at dei ville få Nokia N9 til å fungera med «ekte» MeeGo etter at Nokia (og no óg Intel) hev forlete skipet.

I mellomtidi hev eg lese masse om Nokia N9, t.d. heile herlege Nokia N9 UX Guidelines. Ser vakkert ut!

Dessutan er det fleire som er interessert i å reimplementera Nokia sitt sexy sexy Swipe UI som friprog, her er ein tidleg test:

Elles so gjeld framleis dei fleste av irritasjonane mine yver kor dårleg Nokia handsamar denne lekre telefonen.

Oppdatert: Eg har sjekka litt pris o.l. I Noreg so er det visst Telenor som har einerett på sal heilt til 2012. Det gjeng ikkje, dei vil selja mobilen til kr 10400. So me må nok ut av landet:

OPERATØR        CA-PRIS
Telenor Noreg   10400 NOK
Telia Danmark   4270 DKK (16GB), 4430 NOK
3 Danmark       5542 DKK (64GB), 5749 NOK
Telenor Noreg   4199 NOK (16GB)

Oppdatert 2: Vopsi, eg klarte å finna han til 4199 med kontantkort, men låst til Telenor. So må finna ein måte å låsa han opp på. Eg har kontakta Telenor.

Nokia N9, ikkje alt eg trudde

Kva mobil skal eg kjøpa no? Eg hev vore fast bestemt på Nokia N9 i lang tid no, og gleda meg stort. Eg var i Karlsrhue for nokre dagar sidan og fekk vita kor ekstremt dårleg det stod til kva ekstra drit Nokia gjer for å unngå å selja mobilen. Det er heilt ekstremt synd…

Det eg segjer om DRM på mobilen her er visst ikkje korrekt likevel, vonar eg, ein oppdateringspost om kva som skjer.

Nokia N9

Grunnen til at eg ville ha denne mobilen er av di han hev eit skikkeleg operativsystem i botnen. Ikkje noko ugjennomtrengeleg Java-drit som Android. Det er ekte Linux-stakk, omtrent heilt lik som den me køyrer på maskinane våre.

Med andre ord, — eg kann henta inn program eg allereide hev køyrande på laptopen. Herleg!

Eg vil nok skriva dei fleste program som HTML5 mobilprogram i framtidi likevel, — men for å endra på sjølve systemet so er det godt at ting er skrive på ein god måte. Dessutan vil framgang på mobil tyda det same for pcen og motsett.

Dessutan er han altso slank og fin, veldig veldesigna. Men, ja, det viktugaste er operativsystemet.

Men kva hev dei svo gjort som er so gale? Vel, fyrst og fremst so vil dei jo ikkje selja mobilen i noko industrielt land der han kunne seld. Dei prøvar å taka sjølvmord. Elop, den nye sjefen deira, direkteinnhenta frå Microsoft, er strategen for heile sjølvmordet.

Han prøver å tyna ut det siste av Nokia for å prøva å få Windows Phone til å selja litt. Då kann dei ikkje ha konkurrentar, og iallfall ikkje noko so gjennomført bra som Nokia N9. Difor sel dei han ikkje her, og difor motarbeider dei seg sjølv. Utruleg idiotisk strategi med mindre du vil døy.

Alt dette visste eg, og det er no greitt nok, av di han vil ikkje døy av di eg kann jo berre leggja inn mitt eige operativsystem og halda han uppdatert etter Nokia forlét skipet. … Trudde eg.

Men nei, dei hev hindra oss i det. Dei hev lagt inn noko tullete DRM[disputert] som gjer at du berre kann bruka telefonen dersom du køyrer deira programvare. KVA FAEN? Det er noko nytt! Slik hev aldri Nokia oppført seg sjølv med denne serien av geniale Linux-telefonar. Dei er verkeleg innstilt på å skyta seg so hardt i foten som det gjeng an. Eg er utruleg trist.

So difor kjem eg altso ikkje til å kjøpa Nokia N9, han var visst ein blindveg likevel. Eg kunne skaffa meg Nokia N900, men den er jo større enn mobilen eg hev no (HTC G1), som segjer litt! Det er likevel ein haug med folk som hev den mobilen.

Nokia N950 vil dei ikkje selja ein gong, dei berre gav vekk eit par til eit par utviklarar. Men ingen vil jo utvikla for N9 no lengre når det vert so gale. Eg kunne faktisk kjøpt N950, iom. at han er litt mindre enn min noverande. Viss det hadde vore mogleg…

Samsung Galaxy S

So med tungt hjarta ser eg etter annan mobil. Vil nok truleg sjå hardast på Samsung Galaxy S, eg synast eigentleg den fyrste S-versjonen er finare enn S II, men, ja, II-en er jo nyare.

Likevel litt stor.

HTC Evo eller noko anna

Ja, og so er det HTC-mobilane òg.

Eg vil nok bruka god tid på å sjå på det meste att no. Og spesielt viss det er ein mobil som kann køyra eit fritt operativsystem.

Om Anders Behring Breivik

Eg har skrive ein del på Google+ om Anders Behrig Breivik, og det politiske attentatet (terroraksjonen) i det heile. Eg skreiv reaksjonar direkte, og dei er ganske usminka. Eg var sint på FrP ei stund (dei brukte bombingi til å snakka om islampropagandaen sin), fyrr eg roa meg litt ned.


Og no kann FrP få lov til å prata att. Me treng dei i denne stoda; og eg voner veldig mange folk i partiet tek dette her som ein vekkjar.

Islamfobien er eit hat. Mange hev ikkje møtt muslimar og er livredde for kulturen deira. Det er legitimt å ynskja å endra innvandringspolitikken og koma med meiningane sine. Denne soga er om ein mann som har kontroversielle meiningar, men likevel er veldig reflektert (som verkar ekstremt rart!).

Eg trur me må få fleire av desse meiningane fritt ut i media. Det er tydeleg at me treng ein skikkeleg debatt. Det gjer meg ilt å segja at det er sikkert det same som Anders Behring Breivik (ABB) ville:

Vi bør snarest jobbe felles mot opprettelsen av en kulturkonservativ storavis (papir/online nasjonal distribusjon)

Spesielt det fyrste sitatet (nede på sida) eg hev henta. Om det å kalla alle med norsk pass for nordmenn, som er det politisk korrekte å segja; men folk flest tenkjer ikkje slik. Blind kulturrelativisme er farleg. Alle kulturar er ikkje like. Alt er ikkje like bra. Me må få kunna prata om dette her og ikkje kunna oppfostra slike ekstreme folk som er heilt skutt i hovudet.

Tingen er at når me ignorerer slike folk, og skyver dei vekk, ikkje let dei deltaka i samfunnet, so vert dei berre meir ekstreme! Det hjelper oss ikkje!

Eg hugsar korleis ingen ungdomsorganisasjonar ville ha noko med FpU å gjera. FpU-arane vart leie seg og fekk ein sterk-sterk brodd til «dei andre». Me må passa på oss.

So eg meiner me ikkje må frysa ut FrP her, og heller ikkje EDL-delene av FrP som er der.

Eg har store problemer med å forstå korleis han kann skriva det han skriv (om hat), og gjera det forferdelege han gjorde. For ein spysekk.

Han skriv mykje om korleis dette skal til, ein organisasjon må vera antirasistisk, men islamkritisk. Han pratar um ein modell av EDL (European Defence League), dei me faktisk fekk ein norsk utspring av for eit par månadar sidan. ABB var heilt sikkert del av det; og såg korleis heile organisasjonen vart slege ned av alle.

Om mogleg, … vart han sint av dette? At dei ikkje fekk koma med meiningi si? Eg reknar med det. For ein jækel.

Mitt originale FrP-innlegg

No må faen meg jævla FrP halda kjeften sin eit par dagar!

Dei brukte bombeangrepet til å propagandera mot innvandring og insinuerte sjølvsagt at dette var islamistar.

Og kven er det? Det er jo faenmeg ein FrP-ar som er gjerningsmannen! Det er ein mann som sjølv er anti-muslimsk og for det same. Kor ironisk er ikkje det? Eg vart kvalm av FrP sin retorikk allereide før me visste om Utøya, at dei skulle bruka dette for å fremja framandhat.

Jeg var aktiv Oslo FrP/FpU i de første 6-7 år (i den kulturkonservative + laissez faire kapitalistiske/liberalistiske campen) og bidro til FrPs suksess før jeg stoppet. Jeg følte det da var viktigere å bidra til å utvikle/markedsføre politiske doktriner i utlandet spesielt Britiske, Tyske, Franske, Amerikanske

Eg vonar ein heil masse FrP-arar melder seg ut etter dette. Det heile er forkasteleg.

Og les Mullahen sin fantastiske post: Der vi lot hatet gro. Veldig bra.

Sitat frå ABB

Du kann lesa kommentarane honoms på document.no sjølv (min kopi av den sida ). Eg limer inn eit par sitat frå Anders Behring Breivik (mine markeringar):


For meg blir det svært hyklersk å behandle Muslimer, Nazister og Marxister forskjellig. De er alle tilhengere av hat-ideologier. Ikke alle Muslimer, Nazister og Marxister er konservative, de fleste er moderate. Men spiller det noen rolle?

En moderat Nazist kan, etter å ha opplevd svindel, velge å bli konservativ. En moderat Muslim kan, etter å ha blitt nektet å komme inn på et utested, bli konservativ etc. Det ligger i kortene at moderate tilhengere av hat-ideologier, på et senere tidspunkt kan velge konservatisme.

Islam(isme) har historisk ført til 300 millioner dødsfall
Kommunisme har historisk ført til 100 millioner dødsfall
Nazisme har historisk ført til 6-20 millioner dødsfall

ALLE hat-ideologier bør behandles likt.


Dere påstår at alle nordmenn som ikke følger landsmo(r)deren Gro Harlem Brundtlands definisjon, er rasister:

«Alle som til enhver tid innehar Norsk pass er fullverdige Nordmenn»… Som betyr at selv Somalieren (med norsk pass) som tygger khat hele dagen, banker kona og sender halve trygden til al-Shabaab skal sees på som en fullverdig Nordmann.

Hvis noen i dette landet VÅGER å se på denne Somalieren som noe annet enn en fullverdig Nordmann er de rasister og må brennmerkes offentlig. Og dere sier at alle som er uenig med deres ekstreme kulturmarxistiske verdensoppfatning – den utopiske, verdensborger-definisjonen er rasister?

I så fall tror jeg dere har stemplet 95% av verdens befolkning som nettopp dette men det spiller vel en mindre rolle for dere?


Etnosentriske bevegelser som BNP, National Front er IKKE velykkede og vil aldri klare å komme seg over 10% oppslutning (BNP har 5%, FN har 7%). Man kan ikke bekjempe rasisme (multikulti) med rasisme. Etnosentrisme blir derfor det komplett motsatte av hva vi ønsker å oppnå.

Vi har valgt Vienna School of Thought som det ideologiske grunnlag. Dette innebærer motstand mot multikulturalisme og Islamisering (på kulturelt grunnlag). Alle våre ideologiske argumenter baserer seg på anti-rasisme.

Dette har vist seg å være svært suksessrikt noe som forklarer hvorfor moderne kulturkonservative bevegelser/partier som bruker Vienna School of Thought er så vellykkede: FrP, Geert Wilders, dokument og mange andre.

Etnosentrisme strider mot prinsippene i Vienna School of Thought noe som er årsaken til at du sikkert har blitt sensurert her tidligere.

Jeg har selv jobbet flere år for FrP og kan garantere deg at FrP hadde hatt mindre enn 10% oppslutning om de ikke hadde valgt Vienna School of Thought som ideologisk grunnlag.

Ja, vi skal beseire multikulturalisme/kulturmarxisme til slutt (da denne er svært diskriminerende og rasistisk). Men vi må gjøre det på riktig ideologisk grunnlag.


Jeg har jobbet med prosjektutvikling i 14 år med flere prosjekter relatert til nettløsninger, har økonomisk utdannelse + to andre bachelor grader, tjente min første mill som grunder i en alder av 24 og har mange kamerater som i dag er suksessfulle grundere innenfor de fleste bransjer.

Flere av kameratene mine er eksperter på utvikling av nettsamfunn (en av dem driver Deiligst.no, Norges trolig mest profitable nettsamfunn til tross for et moralsk frynsete konsept).


Multikulturalister blir svært brydd når du nevner Japan og Sør-Korea da disse nasjonene beviser helt åpenlyst at masse-innvandring kun er et resultat av spesifikke Marxistiske doktriner og svært sjelden økonomisk eller kulturelt gunstig.

Japan/Sør-Korea har en grense og grensevakter. Om man mangler visum blir man nektet passering… (Europa hadde visst denne ordningen før 1950-1960)

Det interessante spørsmålet blir jo; hvorfor blir ikke Japanere og Sør-Koreanere demonisert som nazister og fascister? Svaret vet vi…


Mye av denne kunnskapen har allerede blitt formidlet gjennom «document» (er utrolig imponert over kunnskapsnivået her:)) noe som indikerer at det er på vei til å formes en ny pan-Europeisk «kulturkonservativ» intellektuell bevegelse som er enige om de grunnleggende sannheter.

De neste 10/20/30 år bør vi fokusere på følgende:

  • Lage en kulturkonservativ storavis (papir/online) i hvert land (vårt talerør som når ut til hele Norge). Målsetningen er naturligvis å vekke flere nordmenn opp fra komaen.
  • Skaffe funding til dette prosjektet gjennom kulturkonservative investorer.
  • Bidra til å forme/videreutvikle en ungdomsorganisasjon/aksjonsgruppe som representerer vår ideologiske platform (anti-rasistisk men kritisk til multikultur/Islamisering etc)

EDL/SIOE danner konturene til hvordan en slik organisasjon vil se ut. Vi kan jo f eksempel videreutvikle SIOE eller skape en ny. EDL har fått rasiststempel og de jobber hardt for å bli kvitt dette (alle individer som kommer med rasistiske/diskriminerende ytringer blir fra nå av kastet ut).

Det blir vanskeligere å starte en slik gressrot/aksjons gruppe i Norge da myndighetene pumper sinnsyke summer in over alt for å blidgjøre alle (utenom oss;)


De som våger å kritisere multikulturalisme (og som støtter kulturkonservative synspunkter) blir i dag stemplet som fascister/nazister/rasister. Problemet er at doktrinene som danner grunnlaget for politisk korrekthet ikke vil eller kan tillate alternative oppfatninger og er således svært intolerante.

FrP er et offer for denne intoleransen.

Elles les desse innleggi

  • Prableen Kaur, Helvete på Utøya:
    En man kom. ”Jeg er fra politiet.” Jeg ble liggende. Noen skrek tilbake at han måtte bevise det. Jeg husker ikke helt hva ham sa, men morderen begynte å skyte. Han ladet. Skjøt mer. Han skjøt de rundt meg. Jeg ble liggende.
  • Jaskorpe tipsa meg om Quilliamfoundation, ein tenketank som jobbar mot ekstremisme. In and out of Islam. Eg hev ikkje lese heile enno, men det ser bra ut:
    I want to start this discussion by talking about what I used to believe in and presenting it as I would have presented it when I believed in it and then discuss the ideas that I’ve come to and why I no longer believe in what I was prepared to give my life for.
  • Alexander Wilhelmsen skreiv ein knallbra analyse på Google plus:
    Three things in particular strike me about the media coverage as well as blogospheres predictable rampage.
  • Øyvind Strømmen: Kven er terroristen? (du kann òg lesa same innlegg hjå Aftenposten, viss det flyter båten din:
    Breivik var inspirert av eit internettmiljø som kallar seg «counterjihadist», eit miljø som forfekter ein ideologi som vel kan kallast høgreekstrem, og som også har koplingar til europeisk nyfascisme. Det er eit miljø eg har fulgt rimeleg nøye gjennom fleire år. Eg er ikkje overraska over at det er eit miljø som no har ført fram til ein terrorhandling i Noreg.

Og forresten, for å gjera ein ting krystallklårt, eg er skriv ikkje dette for å orsaka nokon ting som helst!

Eg vil prøva å forstå det eg kann, korleis han i sitt sjuke hovud kunne «rettferdiggjera» for seg sjølv dette her. For det hev han altso gjort! Og koreis me mogleg kann unngå slikt.

Thailand dag 3 – Bangkok til Phuket

Helene var flau for å gå uti grunna håret. Det måtte me likevel. Eg spurte 4 sjåførar fyrr eg fekk ein taxi som ville bruka meteret sitt.

Fyrr det att kom ein Tuk-tuk upp og ville ha 250 baht til Paragon, Siam-senteret. Eg sa 50 og då vart han fornærma og køyrde vekk.

Ein skapeleg pris er jo 60 for den strekningi, so viss han hadde mensen so fær det vera honoms sak ;-)

Det var ein heil del trafikk rundt sentrene, som frykta. Likevel var det ingenting mot det dei andre taxiane hadde fyrespegla. Denne taxisjåføren hadde òg buddha-ar på dashbordet og ingen av dei uærlege jæklane hadde. Altso dei som ville ha ein fast, høg pris. Eg anar verkeleg eit mynster her.

Me var stuck i kø då det var 300m att, og det hadde vel truleg teke ein 20 min å køyra heilt fram til Paragon-senteret.

Taxisjåføren trakk på skuldrane og var tydeleg uppgjeven.

«Must go off here, not too far,  300 meter there»

Eg og Helene er jo gjerne slik at me fyretrekk å gå dersom det tok like lang tid som anna transport. Å gå i dette høvet ville vera mykje snøggare, so me var berre glade.

Taxisjåføren såg derimot ut som um han ikkje hadde gjort jobben sin og var skuffa. Turen kom på 73 baht.

Diverre mangla me ein 100-lapp, so me gav han 91 baht og drog. «You’re a good driver», sa Helene.

Eg ville eigentleg segja noko um at han var ærleg og difor fortente meir, eller peika på meteret og segja; meter good! Vil jo visa at eg gjerne er interessert i å tipsa for ærlegskap.

Var redd det var litt lite då, 18 baht er vel under 4 kroner…

Eg snudde meg då me hadde gått eit par steg og han hadde talt pengane. Han ljoste upp. Og gliste storveges med tommelen i vêret. Ah, det var eit herleg syn!

Eg gjekk til MBK for â handla kamera medan Helene såg etter løysingar for å fiksa håret sitt.

«I’ll buy the X100,» sa eg då eg fann seljaren min. I går vart eg «tildelt» han etter fem minutt engelsk knoting med ein annan fyr til det viste seg at eg var ute etter dyre greier og ikkje berre det billegaste kamera dei hadde. Basert på kleda trur eg han var sjef for butikken.

OK. Dei slengde med eit lite stativ, rensesett, ein liten kamerabag og eit minnekort. Eg kjøpte eit nytt minnekort for å få snøggare fart på kamera. Ein av svakheitane er at det krevjer det for å vera brukbart.

So vart eg tildelt ein hjelpar av di sjefen sikkert skulle gjera anna. Hjelparen opna kamera for å visa meg at det var ekte vare og for å setja alt saman.  Ganske idiotisk iom. at eg er perfekt skikka til å gjera slikt sjølv.

Metrobetaling sucky sucky

Eg fann Helene att etter ei lita formue i mobilbruk. Me tok skytrain til flytogstasjonen. For å gjera det måtte me kjøpa billett på automat. Billettluka eg var i ville berre veksla pengar for meg.

For å koma til den rette stasjonen måtte me taka lufttoget (Skytrain) ein 400 meter for å byta line.

Kartet var greit nok, me visste kva me skulle, men kva me skulle betala var umogleg å finna ut.

Det var eit slags sonesystem, men utan forklaring på kvar dei var eller korleis dei fungerte.

Då me gjekk ut av lufttoget peip billettmaskinane tungt og vondt. So kom ein vakt som ikkje ville sleppa oss ut. Mangla 10 baht.

Eg dreit i uppsettet deira, me ville vidare for å taka flytoget. Eg betalte dei det dei etterspurde og gjekk ut sjølv um dei ville eg skulle bruka kortet på ny i maskina. Faen um eg skal, hev dårleg tid og viste so mykje.

Eg pressa meg ut saman med Helene, sjølv um dei litt halvhjarta prøvde å stansa oss. Eg mistenkjer forresten òg at Helene hadde ei ubetalt sonekrav på 10 baht på seg (2 kr).

AirAsia

Me flaug med AirAsia, som er eit flyselskap liknande RyanAir. Det var, i kjend stil, eit reint lite helvete å reisa med.

Då me kom fram hadde dei 3 boder til bagasjeavlevering, medan dei hadde minst 20 andre boder for manuell innsjekk og bagasjelevering.

Dei som hadde sjekka inn på nett måtte difor stå rett under ein time i kø, medan dei som gjorde alt på flyplassen hadde fri bane. Kva i alle dagar skulle vera vitsen med det?

Taxi

På flyplassen ville alle ha 750 baht for taxi ned til Kata Beach. Det var jo heilt ekstreme prisar! Eg var grovirritert.

Det me ikkje visste var at slike skyhøge prisar er vanlege i slummen av ei øy som er Phuket. Det er ein taximafia som set faste prisar og held det slik.

So eg pruta i veg og gjekk frå ein heil haug folk. Til slutt var det ein som kom bort til oss (utan taxiuniform) og baud 550 (100kr) for den 50 min lange turen.

Framleis grovdyrt, men me godtok no det iom. at det tydelegvis var umogleg å få ein skikkeleg pris.

Hotellet

Rommet vårt hadde ikkje dobbeltseng som me hadde betalt for. Dessutan var det dopapir og bremsemerker i doen. Var ein god del som såg uvaska ut.

Helene gjekk ned, betalte 100 baht for to timar net (omfg!)  og klagde.

Ein løpegut utan nokon kjennskap til vasking kom upp. Då han var ferdig var ikkje skitet vaska vekk i det heile teke;  han hadde ikkje sett/rørt det verste ein gong.

Eg brydde meg ikkje um det; hotellet kalla seg jo hotell og ikkje hostell, men prisane var meir hostell-liknande. Mine irritasjonsmoment var airconditionen som var håplaust ineffektiv, men likevel bråkte som eit krigsfly frå andre verdskrig.

Phuket

So hadde me altso kome til den vonde plassen. Charterturistmegaøya. Plassen eg iallfall ikkje ville dra, men Helene ville sjå korleis det var.

Me sov særs dårleg den natta.

Thailand dag 2, Bangkok

Me vakna ugudeleg tidleg for å vera med på ein utflukt. Etter me hadde runda det same kvartalet i ein time (eg tullar ikkje!) og plukka upp ymse folk starta me endeleg den tvo timar lange køyreturen.

Me vart kjend med Sharon frå Fillippinene, som me hang med resten av turen. Fyrste stopp var eit krigsminnemerke.

Plassen rundt soldatgravene var utruleg velstelt med imponerande grasklypping. Sjølve graset var rart og annleis frå normalen; store blad i staden for strå, og veldig mjukt.

Eg fekk storlyst til å springja nedyver den digre grasplenen, nett det me hadde vorte fortalt me ikkje måtte gjera. Er nok ein grunn til at dei må segja det; slike plassar fær meg berre til å vilja springja…

Eg leitte etter sjokolade, men fann ingen. Var ein del kjeks og eg kjøpte det næraste sjokolade eg fann. Altso Oreo-kjeks og sjokomjølk. Det er ti slike små minibasarar kvar hundrande meter i dette landet, ikkje ulikt Fillippinene. Eg reknar med dei ikkje kann ha noko sjokolade av di dei berre vil smelta og verta ekle.

Gaiden vår

Gaiden vår var ein vill thailendar som hadde ei utruleg høgfrekvent kvinnestemme (typ japansk) når han prata. Var litt vandskeleg å forstå alt. Han sa «priiis!» minst ein gong i kvar setning og eg forstod aldri heilt kva det eigentleg skulle tyda. «Now we go to museum, priiis! Only five minute drive, yes, priiis!».

Han vitsa med at Sharon var ekstrakjærasten min i tillegg til Helene. Me skulle visst vera «married tomorrow, yes, yes, priiis!». Han gliste stort, men varmt. Helene lurte på om det var eit stikk til alle europearane som kjem til Thailand og Fillippinene for å finna seg kone. Kann godt vera, sjølv um det seinare verka til å vera måten han vitsa på/flørta med. Han brukte det på fleire av jentone utyver turen. Heh, var ei uppleving det òg.

Me gjekk gjennom museet og ut på brui yver Kwai. På vegen traff me ein ekstremt kosete «katt» i tigerfamilien, som me klappa vel og lengje. Ho var vel litt mindre enn ein normalt hund. Kosta 100 bhat (~20kr) å taka bilete, so me gjorde det ikkje. Eg hadde jo heller ikkje noko kamera å taka bilete med.

Tog

Etter spaserturen yver Kwai-brui drog me vidare til ein togstasjon. Me skulle køyra på denne jarnbanestrekningi som japanarane fekk krigsfangane sine til å byggja. Då eg høyrde «death railway» trudde eg at det var ein kul, farleg bane. Men nei. Han heiter det av di fangane som jobba på banen daua som flugor av utmatting.

Togsettet likna litt på Flåmsbana-togsettene, berre her var vindaugene og dørene opne. Ahh! Opi dør! Eg hang ut døri på toget og hoppa av og på i fart på kvar stasjon me stoppa på.

Det vil segja; det tok litt tid fyrr eg turde i og med at eg var redd for å få kjeft. Det er ein av miljøskadone me veks upp med i Noreg der alt skal vera so helvettes dritsikkert av di ein og annan idiot klarar å skada seg ein gong kvart tiande år.

Kvifor skal me fjerna all gleda i livet grunna slikt? Eg likar det ikkje. Ikkje i det heile teke.

Same kva, i Noreg fær du fort kjeft dersom du hev det moro, so difor heldt eg litt att, men etter ei stund våga eg meir.

Billett

Sharon er pianolærar i Fillippinene og var ikkje lysten på å bruka pengar på tull. Då eg spurde um ho skulle ha vanleg eller «special» billett valde me vanleg til forskjell frå resten av gruppa.

«Special» gav deg reservert garantert sitjeplass og ein drykk med i prisen. Sharon kalla «regular» for «adventure ticket»; wooo, du veit ikkje um du må stå eller fær sitja!

Ho vann meg og Helene med den argumentasjonen. Dessutan ville me jo gjerne sitja med ho, trass i at 100 bhat (14kr) og 150 bhat (21kr) ikkje er store billettprisen same kva.

Det var godt me valte eventyrbillett av di me karra til oss ein superplass med ein gong.

Restaurant

Me hoppa av på stasjonen me skulle av på og køyrde til ein restaurant der me fekk mat.

Det viste seg at 6 av totalt 11 var vegetarianarar, altso dei fleste. Det var ikkje medrekna (eg sa frå um eg og Helene dagen fyrr, men trur ikkje den meldingi vart vidaresendt).

Dei tilsette måtte berre sjå på at det dei originalt hadde sett fram stort sett ikkje vart rørt, medan dei lagde til noko vegetarisk på kjøkenet.

Bambusrafting

Tid for bambusrafting, som er eit ekstremt smigrande ord på det å stå på ei bambusflåte ned ei elv med normal straum. Ganske langt frå det me tenkjer på som rafting (sokalla white water rafting). Ordet er sikkert teknisk sett korrekt, men likevel :P

Eg måtte gjera noko anna. Eg kledde av meg ned til boksaren litt usikkert, var mange religionar og folkeslag representert på turen. So hoppa eg uti og hang på flåta/symde attmed ho.

Vatnet var heilt brunt.
«We don’t have brown water in Norway,» sa eg. Vel, kannhenda det finst, men det er iallfall ikkje vanleg.
«You know where the brown come from?», sa jenta i eit nederlendsk par som var med på flåta.
«Sewers, probably,» sa eg av di det var det ho la upp til og ville høyra. So lo me litt alle saman.

Elefantar

Me hadde flyte ned til ei brygge der me gjekk opp ein bratt bakke. Eg gjekk berre i boksaren framleis og såg ganske teit ut, men han var jo våt.

Då me kom opp såg me elefantar. Eg, Helene og Sharon tok ein med ein babyelefant som Helene var mest interessert i.

«You have two girlfriends!?», sa han som tok bilete av oss då eg sat der idiotisk i boksaren min med armane bak Helene og Sharon.
«Yes, I do,» sa eg og smilte. Han fekk eit sjalu uttrykk i andletet.
«Oh, man, you’re a lucky man. Lucky, lucky…». Huh, det verkar som um han faktisk trur på det!

Eg kledde endeleg på meg etter elefantturen og kjende meg ikkje som ein premieidiot lengre.

Foss

Siste stoppen var det flauaste på heile turen; ein yverraskande stygg foss omtrent tom for vatn. Ein typisk bussturist-stad var det òg, utan at eg kunne sjå nokon grunn til at det skulle vera slik. Flaut. Me hev minst tusen betre fossar i Noreg.

Gjekk på do fyrr me drog. Dei tok ein blodpris på 5 bhat for kvar vitjing – og det var slike på-huk-dassar utan ljos, ravskite og med digre tønner med stilleståande myggklekkevatn.

Det var ein tri timar lang køyretur attende til Bangkok.

Taxi

Me hoppa av i ein rundkøyring. Der var ein taxisjåfør som var militant på prisingi med eit par australianarar eg vart kjend med i bussen. Me stoppa vår eigen taxi og sa «MBK, but with meter».

Det gjekk han ikkje med på grunna trafikkaos, og då me ikkje ville betala blodprisen honoms gjekk me berre utatt. Eg måtte stogga tri taxiar til fyrr eg fann ein ærleg ein.

Det kom på 80 bhat, ein stor del som gjekk til dei 15 minutta me stod og stanga i ein kø 1 minutt gåing frå MBK. Eg gav sjåføren med ein buddha på dashbordet 100 bhat og sa «Take all, you’re a nice honest guy».

Kamerakjøp. Igjen

Helene skulle til frisøren og bleika/farga håret, medan eg skulle sjå meir på kamera o.l.

Gøymd inni ei side av senteret (det er DIGERT) fann eg ein kjedebutikk med ålmenn elektronikk. Dei hadde faktisk fleire Fujifilm FinePix X100 att. Wow.

Eg fekk tilogmed prøva det. Då eg sa eg ville kjøpa kameraet ville seljaren visa meg eit anna kamera.

Ricoh GXR. Det hev mykje av den same innmaten, men her med utskiftbar optikk og sensor. Eg hadde so vidt lese um det tidlegare.

Richoen var veldig god i bruk og herleg å halda. Ein del enklare enn Fujien. Billegare òg.

Eg måtte lesa testar på dpreview.com. Det var 28mm f/2.5 med APS-C-sensor som var interessant. 50mm-en med brikke i DX-storleik (altso som Nikon D90) hadde nemleg vorte ein veldig dyr kombo.

Fokusskifte

Eg visste ikkje kva eg skulle gjera att. Helene var kjempeleid seg etter frisørvitjingi, so det vart ikkje høve til at ho kunne sjå på og hjelpa meg til å bestemma meg. Frisøren hadde øydelagd håret hennar meinte ho og det gjekk veldig inn på ho.

Ho trong mat for å hjelpa på humøret, tenkte eg, ikkje kamera. For å gjera det kjapt og smertefritt gjekk me på Pizza Hut. Igjen.

Denne gongen tinga me svær pizza, men klarte ikkjeeta upp av di me ikkje var like svoltne som sist.

Heimatt

Me klarte ikkje finna ein taxi som ville gå med meter etter me spurte 4-5 stykk, so då betalte me like godt 100 bhat for turen. Berre for å verta ferdig med det og koma oss heim.

Det var ein veldig, veldig fin dag. Utruleg lang, med ein bra slutt då me til slutt la oss etter å ha sett ein serieepisode på pcen.

Thailand dag 1, Bangkok

So er me i Bangkok og det fyrste som slær meg, og som eg óg venta på er varmen når eg gjeng ut or flyget. Det er alltid ein luftvegg av tyngre, varmare luft. Eg er viss på at flygi tek med seg og kjennest ut som Noreg ganske lengje og so vert forskjellen ganske klår når det plutseleg er ny luft. Det er varmt og klamt, høgt luftfukt.

(Klokka 12.00)

Nett no sit eg på May Kaidee’s Vegetarian Restaurant. Helene ligg og søv på hostellet fem minutt unna. Eg er ravsvolten og tom i magen, det er Helene òg, men ho søv veldig tungt nett no, so det passar nok bra det òg. Var litt usikker på kva eg skulle tinga, so eg tok noko som på ein måte vart tilrådd av servitrisa etter eg spurte. Ris- og grønnsakssuppe er nok neppe noko eg hadde teke sjølv (etter biletet og namnet å døma), menmen, sikkert bra.

«Ahh, got your water already,» kom servitrisa nett og spurde medan ho slo på vifta på veggen rett yver meg.Interessant nok so hev denne plassen eit kokkeleringskurs, det hev eg ikkje sett andre plassar fyrr. Ho står no engasjert og forklarar for ei gruppe amerikanarar ved eit bord heilt inne i lokalet. No fær eg truleg maten min snart.

Me landa i 5-6-tidi i dag tidleg, og fann fort ut at flybussane la ned 1. juni, altso rundt ei veke fyrr me kom. Det øydela den planlagde planen sjølvsagt. Etter ein del fram og attende tok me Skytrain til siste stasjon og praia ein taxi. Turen skulle taka 10 minutt, men med den tette og ville Bangkok-trafikken tok det opp mot ein 40 minutt. Og prisen? 16 kr.

(Klokka 20.50)

Eg og Helene sit på Pizza Hut. Det vil segja, Helene er på do nett no. Me hev vore på eit av Bangkok sine mega-kjøpesenter MBK i ein 3 timar. Stressa som ein galning med kamerakjøp. Helene gjekk rundt for seg sjølv og handla og koste seg, då eg seinare traff ho hadde ho m.a. kjøpt gåve til Ida. Panasonic GF2? Kva objektiv? Olympus PEN? Eller ikkje mikrosystemkamera, men veldig kompakt? Som Canon S95 mot Panasonic LX5 og Olympus XZ-1.

Eller kva med Fujifilm FinePix X100? Den brekker banken og hev fast påmontert objektiv. Helene segjer «Men kva skal eg gjera på konserter då, når eg vil taka bilete av artisten?». Nei, det er berre ein fast vidvinkel på den, so det gjeng ikkje då.

X100 kostar 10500 i Noreg, som er ganske mykje for eit kompaktkamera utan zoom og utan høve til å endra objektiv. For min del er det perfekt, på eit slikt kompaktkamera vil eg ikkje stressa med å byta objektiv. Det er peik-og-skyt.

Zoom vil eg ikkje ha då eg fyretrekk liten storleik og viktugast av alt; høg ljossensitivitet. X100 hev òg ein stor APS-C-sensor, so han er større enn sensorane til micro four thirds-systemet. Sony NEX-3 og NEX-5 hev òg APS-C-brike og same med Samsung NX10, men båe dei to er stygge som fy. Veldig billege då. På dette punktet bør de forstå min frustrasjon.

(Seint på kveld)

Den siste (og fyrste) X100 var nett utseld då eg kom ned att. Dei er ganske umoglege å få tak i grunna problemene i Japan, diverre. Eg stod so saman med Helene og klarte ikkje velja mellom Panasonic GF2 og Olympus PL2. Til slutt var alle saman inkludert seljarane irriterte og slitne av problemet mitt med å velja, so då gjekk me berre iom. at dei stengde. Fær fortsetja det i morgon.

So me sat altso på Pizza Hut, åt mellomstor ostepizza som viste seg å berre vera liten i våre augo. Etter det tok me ein Tuk-tuk heim att etter me hadde pruta prisen ned frå ekstremmykje (40 kr) til framleis ganske mykje (14 kr) for ein 10 minutt tur 1.

Tidlegare på dagen so tinga Helene tur til morgondagen, då skal me sjå brui yver Kwai, taka «Death Railway» og ri på elefant.

Bilete kjem truleg ein gong.

  1. 14 kr er jo framleis skitbilleg mtp. taxi- og transportprisar i heimelandet []

Melodi Grand Prix 2011

I år såg eg MGP hjå Ragnhild i SmiB. 7 jenter og meg, Helene på Voss diverre. Her er mine stemmer:

12, Azerbaijan
10, Slovenia
08, Bosnia og herzegoniva
07, Estland
06, Danmark
05, Spania
04, Tyskland
03, Moldova
02, Sverige
01, Sveits

Me talte upp toppoengi her lokalt, det vart sjåande slik ut:

54, Irland
52, Estland
34, Tyskland
25, Serbia
23, Slovenia
22, Azerbaijan
19, Moldova
10, Spania

Korleis det vert sjåande ut til slutt er moro, sjølvsagt.

Me fann ut me må gjeva poeng til poenggjeverane neste gong. Denne gongen er iallfall min dom heilt klar:

Mest sexy, totalt sjarmerande, herleg og søt: Azerbaijan
Mest morosam: Slovenia
Søt støttepoeng: Latvia

Austblokklandene vert gode medlem
———–

Det som er veldig kult og interessant er at eg hev ein haug land eg ikkje kjenner i lista mi yver brukbar musikk. Sjølvsagt, det var ingen spesielt gode songar i MGP i år, men det er kult at ting er litt jamnare og at austblokklanda ikkje lagar toill og tøys.

Svelor på Fjord1, omatt

Som nokon av de truleg fekk med dykk, so fekk eg svar frå to båtar om oppskriften dei brukte på svelone sine. Det var interessant å sjå at her var store forskjellar på ferde.

Då eg tok kystbussen ned førre fredag la eg merke til noko totalt annleis enn det eg hadde erfart fyrr; hordalandssvelene var dårlege, tørre og med lite smørkrem, medan Arsvågen–Mortavika-sambandet serverte dei beste svelene nokon gong. Ja, eg snakkar Sogn og Fjordane-kvalitet!

Masse utruleg god smørekrem, med god tygg i og ikkje for «feittete» smak. Eg vart sjølvsagt riven av stolen, og lurte so smått på; hadde dette noko med innlegget eg skreiv tidlegare? Eg kunne i minsto tru at det hadde litt med saki å gjera og vart stornøgd. Sjølvsagt dumt at Hordaland er sopass vaklande framleis, men Rogaland såg ut til å ha fiksa eitkvart.

Men! So sit eg altso på veg til Arsvågen og attende til Bergen; og korleis er svela? Heilt annleis. Verkeleg totalt annleis, dette er ei radikalt forskjelleg oppskrift. Smørkremen er utruleg sparsomt putta på, han er veldig «smørete» og tung, det er elles lite tygg i han (grovhakka sukker). Svela er relativt innskrumpa, kompakt og sveitt.

Ein ting skal dei likevel ha; dei er ikkje for hardt stekt, eg hatar alt for stekte sveler, dei skal ikkje sjå ut som om dei har sovna i solariet og smaka dertil. Alt i alt minner dei altso om dei 8-pakke-lappone som seljast innpakka i plastikk på butikkar i Stavanger. Lite luft, smakar ein dag gamle, ja, rett og slett forferdelege.

Det skal segjast at eg er for rein gourmetkritikar å rekna når det gjeld sveler. Eg hev ete sveler for ei liti formue og kvar gong det er mogleg å kjøpa ei svele (eller «lappe» som det heiter i heimfylket) so gjer eg det. Eg har truleg brukt ein større del av studielånet 1 på Fjord1-sveler. Difor hev eg sterke meiningar her, men dei må reknast relativt; sjølv det verste Fjord1 hev klart å stella i stand hev likevel alltid vore av god etande kvalitet.

So, svelone, kva skjedde? Frå best med topplassering på fredag og so rett attende til verstingplasseringi no i dag!?

Eg trur dette er litt meir komplisert enn uppdelingi eg hev bruka. Eg la merke til at dei Fjord1-tilsette var uppteken av kva båt dei var på meir enn kva samband det var 2 . Det må sjølvsagt vera slik det heng saman, det er på båtnivå me må rekna forskjellar. For min del har ikkje båtane vore særleg interessante i seg sjølv, men kva rute dei køyrer, men eg hev nok teke heilt feil.

So hypotesen om at kor mykje nynorsk det er i fylket speler inn på kor gode svelene er, held nok ikkje vatn. Det må nesten gå på kor nynorske dei som lagar svelone på båten er. Då er det ikkje rart det er so mykje svingning i Rogaland og Hordaland, medan det er botnsolid gode resultat i Sogn og Fjordane 3.

Nett no sit eg på MS Stavangerfjord, viss eg ikkje hugsar feil so er det MS Mastrafjord som er den andre båten her. Viss båten eg tok på fredag var den andre, gjeld altso dette Arsvågen–Mortavika:

  • MS Mastrafjord lagar (veldig) bra sveler

  • MS Stavangerfjord gjer ikkje

Det vert interessant å koma opp til Sandviksvågsbåtane og sjå kva for ein båt eg treff der. Vonleg ei med gode sveler. Eg skal finna ut kva båt eg tok sist, som altso var bob-bob minus.

Men ingen plassar er altso skiljet større enn i Rogaland; pass på kva båt du tek!

  1. eufemisme for forbrukslån med gode vilkår, eg mista nett lån og stiped av di eg oppgav til lånekassa at eg ikkje ville taka studiepoeng fyrr neste halvår. []
  2. og lat meg segja kor fantastisk kult dei to tilsette fær Fjord1 til å framstå! Gulljobb gutar, massiv respekt og godhug til dykk og arbeidsplassen dykkar! []
  3. rett nok hev eg berre 4-5 sveleerfaringar i SF, so datagrunnlaget er slett ikkje imponerande []

Kategoriar til netsida

Eg hev meir eller mindre aldri tenkt stort yver kategoriane eg hev. Dei hev berre vakse fram av seg sjølv. Skulle gjerne hatt litt færre kategoriar, og litt meir brukbare.

Er det nokon som hev peiling og kann hjelpa til? Slik ser det ut no:

KategoriInnlegg
andre folk1
Draum2
English1
Firma mitt2
fleirfasisk søvn5
Frå den gamle sida mi39
Gjesteskribentar0
— Espen13
— — Russ8
glede1
Jobb5
Kortnytt43
Kreativt2
— Bilete6
— Film4
— — Ferdige2
— — — Månadens3
— — Produksjon9
— Teater3
Lita historie5
Melding9
Oxford12
Personleg76
— Barndom2
— Dagbok53
— — Spesiell dag9
— Erfaringar12
— Meining53
— Nye opplevingar5
— Reise11
— — Innenlands21
— — Utenlands43
— Underfundig8
Ping2
Prosjekt8
Sint7
Tidsfordriv1
— Datarelatert32
— — Vevside27
— Organisasjon1
— — Norsk målungdom21
— Sivilteneste9
— Skule16
— — Russ0
— — Stil4
Uncategorized2
Universitet2

De finn dei òg heilt nedst på sida mi, då med lenkjer slik de kan sjå kva innlegg som ligg der inne.

Eg ser at eg hev flest innlegg i «Personleg» og undergrupper der. Eg vil kvitta meg heilt med undergrupper, det er ikkje ei so avansert netside.

Viss eg hev vore usikker på kvar eg skal plassera eit innlegg, puttar eg det alltid i Personleg.

Eg bør sjølvsagt ha ein eigen kategori for reise, utan det ganske teite skiljet mellom utanlands/innanlands.

Det er likevel ein viss verdi i kategoriar som «Sint», sjølv um det truleg kann liggja under «Meining» og heller bruka merkelappar for slikt.

På den motsette sida so er det dumt å skjæra for mykje ned på kategoriane. Dei er den mest opplagte måten for folk å finna fram til noko dei kannhenda ikkje visste fantest. T.d. vil eg tru at det er ein del folk som drit rakt i kva eg skriv um det aller meste, men likar godt å lesa t.d. teatermeldingar. Eg merker det sjølv når eg kjem til ei tilfeldig netside og les ei teatermelding, veldig ofte vil eg lesa fleire meldingar av same personen dersom den fyrste var god. Slikt bør gjerast enkelt.

So «omtalar» eller «melding» som eg kallar det no må eg gjerne ha inn.

Det er eit par kategoriar som iallfall er superenkle å fjerna, her er dei fjerna, og resten er litt verre:

  • Frå den gamle sida mi (eh, kva skal eg gjera med denne, truleg gå gjennom og gje dei nye kategoriar?)
  • Gjesteskribentar (Espen dette, kannhenda eg burde skilja det ut til ei eigi side, det leser jo som hans eigen blogg)
  • Jobb (endra til Arbeid?)
  • Melding (omtale)
  • Oxford (reise, gjerne?)
  • Personleg (vil sprengja ut denne, er so stor)
  • Dagbok (kvardag, heller truleg)
  • Erfaringar (denne er «eg lærte noko», ofte)
  • Meining
  • Nye opplevingar (litt lik erfaringar?)
  • Reise (opplagt)
  • Prosjekt (eigne prosjekt, putta kreativt inn her)
  • Datarelatert
  • Norsk målungdom (endra til noko som ink. PING o.l.)
  • Skule («læring», kannhenda?)

Oi. Eg fjerna ein god del som gjorde litt vondt no. Men eg bør gjerne laga ein kategori Mine favorittar eller best of eller noko liknande for å samla dei innleggi eg tykkjer andre vil finna det morosamt å lesa. Anten av di dei er mongodårlege, eller av di dei er litt spesielle.

Burde laga ein ny taksonomi, men veit ikkje heilt kvar eg skal starta enno.

Kva tykkjer de?

Korleis hadde de delt det inn? Korleis hev de gjort det sjølv?