Månadsarki: februar 2011

Bilete attende, frå tenarkræsjet, april 2009(!)

Eg sjekka vitjingsstatistikken for sida mi 1 og la merke til at nokon søkte på «fedme rulletrapp» og fann fram til sida mi. Eg las saki mi Spray ned ein rulletrapp nær deg, og synast å hugsa at eg teikna eit bilete til det innlegget mitt.

Rett nok, i koden låg det referanse til eit bilete, men det var ingen stad å sjå. Hmm.

Eg leitte rundt på harddisken min, og fann ei backup-mappe med det biletet og ein heil haug andre. Etter litt meir undersøkjing fann eg ut at nett den same backupen òg låg på på tenaren, men ikkje der han skal liggja. So eg måtte flytta alle bileta inn i korrekte mapper. Det gjorde eg no. So no endeleg skal nesten alt vera uppe att, etter dei tvo store tenarkræsji eg hadde.

Det tok nesten to år.

Jaja. Difor det er viktugt med automatiske, skikkelege tryggleikskopieringssystem, som er lette å henta attende…

  1. Han er i sterk vekst fall… :( []

Tri treige dagar, syltetybraudskiva

Eg hev arbeidd og arbeidd og arbeidd i det siste. Inne-inne-inne. Sett få folk og vorte meir og meir prega av det. Eg klarar meg ikkje stort greit åleina. Men! No kjøpte eg meg ei bringebærsyltety-sprutflaska og fekk teikna litt mynster på braudskivene mine. Det gjorde ting litt betre iallfall.

Nokon av dei såg ut som racebilbanar, andre annleis. So det so.

Det eg arbeider med er dette her;

Det vert kjempebra. Du må koma på studentsamlingi vår 4.-6. mars, so skal du få ei avis med vaffel og meir ;-) Vert kjempekoseleg og sosialt. Mange bra folk kjem.

Kjipe rogalendingar

Eg sit på båten til Arsvågen, den fyrste av dei to båtane når eg reiser Stavanger-Bergen med kystbussen. Eg hev kjøpt meg ei svela med smørkrem, og det er ikkje so mykje smørkrem i han…

Greitt nok, tenkjer du, det er slik dei er laga på megafabrikken for sveler med smørkrem som Fjord1 sikkert hev outsourca dette til. Men der tek du feil, for kvifor hev då svelene på båten i Hordaland omtrent det dobbelte med smørkrem?

Dette er ikkje nokon eingongsgreie heller, det er langt frå tilfeldigheitar når eg hev teke denne ruta no godt yver 6 gongar det siste halvåret.

So Rogaland er kjipe, Hordaland er greie. Kva då med Sogn og Fjordane? Jo, vonleg ser du mynsteret her. Fjord1 i Sogn og Fjordane lagar svelene på båten (ser det ut som) og smører skikkeleg tjukt på, slik det skal vera! Sogn og Fjordane er kort og godt fantastiske!

Eg er beint fram yvertydd um at smaken på svelene heng direkte saman med kor mykje nynorsk det er i fylket.

Helene boksar seg til blods

Eg møter Helene på den lokale Mega-butikken vår. Det regner ute og ho finn meg i butikken.

«Du veit, når du er, på måndagar, på cha-cha-cha, kva gjer eg?» fortel ho, klårt uppspelt og engasjert.

Ho dreg nevene opp til andletet mitt. Ho hev eit kvadratcentimeter stort sår på den eine knokkelen, og tydeleg vridd, skada hud på den andre handa. Ho gliser frå øyra til øyra. «Sjå!»

«Medan du er på cha-cha-cha, so boksar eg i stykkar boksebagar! HA! So KULT!», held ho fram. Berre eg som detekterer skjult dissing av dans inni der?

«Det er no ikkje cha-cha-cha på måndagar, då, det er no swing,» mumlar eg i skjegget mellom setningane hennar. Ho høyrer ikkje etter.

«Dette må du skriva om på netsida di, ‹medan eg dansar cha-cha-cha, gjer Helene kickboksing og boksar livskiten ut av kroppen sin på ein boksebag!›, tenk so kult!», avbryt ho meg. Tydelegvis er dette noko ho hev tenkt på ei stund.

Eg er ikkje overtydd. Dette er langt frå fyrste gong Helene hev idear til ting eg absolutt berre skriva um. Dei handlar stort sett om ho, og vinklingi hennar er alltid veldig positiv for hennar del. Eg kann ikkje hugsa å nokon gong ha skrive eit slikt innlegg ut som frå min eigen munn.

Ein annan gong Helene visste akkurat kva eg skulle skriva so skreiv eg det like greitt rett ut slik ho sa det, sitert av ho. Hev gjort liknande fyrr òg, men fann dei ikkje nett no.

So kannhenda burde eg byrja skriva desse fast. Kvar veke kjem ho nemleg med noko slikt. Noko ho meiner eg bør skriva på sida mi, og det handlar alltid om ho.

So vert det kannhenda eit par uppdateringar her att, dersom Helene kjem med nye ting å skriva um. :-)

PS: Dette er innlegg nr. 500. :-)