Eg sjekka vitjingsstatistikken for sida mi 1 og la merke til at nokon søkte på «fedme rulletrapp» og fann fram til sida mi. Eg las saki mi Spray ned ein rulletrapp nær deg, og synast å hugsa at eg teikna eit bilete til det innlegget mitt.
Rett nok, i koden låg det referanse til eit bilete, men det var ingen stad å sjå. Hmm.
Eg leitte rundt på harddisken min, og fann ei backup-mappe med det biletet og ein heil haug andre. Etter litt meir undersøkjing fann eg ut at nett den same backupen òg låg på på tenaren, men ikkje der han skal liggja. So eg måtte flytta alle bileta inn i korrekte mapper. Det gjorde eg no. So no endeleg skal nesten alt vera uppe att, etter dei tvo store tenarkræsji eg hadde.
Det tok nesten to år.
Jaja. Difor det er viktugt med automatiske, skikkelege tryggleikskopieringssystem, som er lette å henta attende…
- Han er i sterk
vekstfall… :( [↩]
Det er òg viktig med ein fungerande epost-tenar fann eg ut. Etter at me fekk ny ip for 2 veker siden, har tryggleikskopieringssystemet vore uten fungerande krypteringsnøklar. Nå har eg satt opp postfix på heime-tenaren så cron kan senda meg loggane om ting ikkje køyrer slikt dei skal. ;) Så får me berre håpe at den gamle p4-burken ikkje døyr av overlast :p
:)
Egil: Når det er sagt, so bør me fiksa upp i WordPress-systemet vårt att. Me bør berre bruka same systemet som Norsk Målungdom brukar for sine sider, t.d. vert SmiB sine netsider hosta med det systemet. Er skikkeleg hendig, heilt standard WordPress. Nett no so roter me jo bilete inn i kvarandre med den heimesnekra metoda.
Forresten, me hev vel tvo WP-system på thor, eitt gamalt (som denne sida køyrer på), og eitt nyare som er mykje betre, men likevel ustandard. So må me vel kannhenda til det tredje systemet etter ei stund.
Problemet mitt no byrjar å verta at eg hev so mange tenarar. Skog (min eigen), Fosse (NMU sin), Knut (ein Vestforsk hev til Errantia, men eg drifter han), og Thor (saman med deg). Vert mykje.
Om me først skal migrera til eit anna wp-system kan me vel like greit berre flytta sidane til Skog? Linja blir jo snart 25Mbit[1], så då blir det jo ein betre løysing enn thor med lengre avstand.
[1] http://www.digi.no/863184/dobler-farten-paa-fiber
Egil: Ja, sikkert greit. Han er mykje kjappare òg. Einaste er at han truleg ikkje er like stabil. Straumen forsvinn eit par gongar i året…
Skreiv elles nett dette innspelet på Digi; og det gjeld for vevtenaren òg. Svartidi på lina vår er ganske høg. LANGT i frå like dårleg som den i USA då ;-)
Virtuelle maskinar er tingen!