Helene boksar seg til blods

Eg møter Helene på den lokale Mega-butikken vår. Det regner ute og ho finn meg i butikken.

«Du veit, når du er, på måndagar, på cha-cha-cha, kva gjer eg?» fortel ho, klårt uppspelt og engasjert.

Ho dreg nevene opp til andletet mitt. Ho hev eit kvadratcentimeter stort sår på den eine knokkelen, og tydeleg vridd, skada hud på den andre handa. Ho gliser frå øyra til øyra. «Sjå!»

«Medan du er på cha-cha-cha, so boksar eg i stykkar boksebagar! HA! So KULT!», held ho fram. Berre eg som detekterer skjult dissing av dans inni der?

«Det er no ikkje cha-cha-cha på måndagar, då, det er no swing,» mumlar eg i skjegget mellom setningane hennar. Ho høyrer ikkje etter.

«Dette må du skriva om på netsida di, ‹medan eg dansar cha-cha-cha, gjer Helene kickboksing og boksar livskiten ut av kroppen sin på ein boksebag!›, tenk so kult!», avbryt ho meg. Tydelegvis er dette noko ho hev tenkt på ei stund.

Eg er ikkje overtydd. Dette er langt frå fyrste gong Helene hev idear til ting eg absolutt berre skriva um. Dei handlar stort sett om ho, og vinklingi hennar er alltid veldig positiv for hennar del. Eg kann ikkje hugsa å nokon gong ha skrive eit slikt innlegg ut som frå min eigen munn.

Ein annan gong Helene visste akkurat kva eg skulle skriva so skreiv eg det like greitt rett ut slik ho sa det, sitert av ho. Hev gjort liknande fyrr òg, men fann dei ikkje nett no.

So kannhenda burde eg byrja skriva desse fast. Kvar veke kjem ho nemleg med noko slikt. Noko ho meiner eg bør skriva på sida mi, og det handlar alltid om ho.

So vert det kannhenda eit par uppdateringar her att, dersom Helene kjem med nye ting å skriva um. :-)

PS: Dette er innlegg nr. 500. :-)

3 tankar om “Helene boksar seg til blods

  1. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Tarjei: Hmm, det er jo ikkje å stikka under ein stol at:

    boksing == mandig
    dansing == ikkje-mandig
    

    Sjølv om eg fyretrekk dansing mange gongar yver boksing. :-)

  2. Synnøve

    I mi bok gjev det kred å halda på med ting ein likar jamvel om dei går på tvers av tradisjonelle kjønnsroller. Kred til dykk båe, med andre ord!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.