Eg sit på båten til Arsvågen, den fyrste av dei to båtane når eg reiser Stavanger-Bergen med kystbussen. Eg hev kjøpt meg ei svela med smørkrem, og det er ikkje so mykje smørkrem i han…
Greitt nok, tenkjer du, det er slik dei er laga på megafabrikken for sveler med smørkrem som Fjord1 sikkert hev outsourca dette til. Men der tek du feil, for kvifor hev då svelene på båten i Hordaland omtrent det dobbelte med smørkrem?
Dette er ikkje nokon eingongsgreie heller, det er langt frå tilfeldigheitar når eg hev teke denne ruta no godt yver 6 gongar det siste halvåret.
So Rogaland er kjipe, Hordaland er greie. Kva då med Sogn og Fjordane? Jo, vonleg ser du mynsteret her. Fjord1 i Sogn og Fjordane lagar svelene på båten (ser det ut som) og smører skikkeleg tjukt på, slik det skal vera! Sogn og Fjordane er kort og godt fantastiske!
Eg er beint fram yvertydd um at smaken på svelene heng direkte saman med kor mykje nynorsk det er i fylket.
Kan ikkje seia i mot ein slik logikk :)
Oppskrift på svelerøra vår:
30 egg
2 kg sukker
10 ltr Kulturmelk
5 kg hvetemel
9 ss Natron
Litt hornsalt rett før steiking
Smørkrem:
1,5 kg Meierismør, romtemperert
2 kg Melis
1 kg sukker
Med enkel skulelærdom i matte er det mogleg å lage ein litt meir høveleg dose for heimebruk.
Sjølvsagt skal det være rikeleg med smørkrem i svela!
MVH
Gunnar
Skiftleiar resturasjon, på Halhem-Sandvikvåg
Ser vi faktisk operer med forskjellige oppskrifter. Denne bruker vi i sogn og fjordane. Og for å gjøre det enkelt for deg, så har jeg det gjort om til 4l røre.
16 egg
1kg sukker
4l kultur (behold litt av melka til å mikse hornsalt i) kveitemjøl til passelig tykk.. ca 2,2 kg.
smelt 05kg smør som du da blander i røra.
Rett før steiking har du i hornsalt, natron og vaniljesukker.
hornasalt 2 ts
natron 3 ss
vaniljesukker en veldig god dasj
Alt dette skal da lages for hånd! å bruke maskin er FY!
Svelekrem
1 melange
1 tine smør
1 kg sukker
1pk melis
vanlijesukker då her en middels dasj.
Sånn.
Du er nå klar til å lage Svele Sogna vis..
Kos deg.