Black Swan

Me skulle sjå Eg reiser åleine 1 etter me hadde ein del problem med å velja mellom den og Black Swan.

Sist veke 2 såg me Kongen av Bastøy, eg hadde veldig lyst til å sjå Black Swan og fortalde Helene. Ho fekk Bastøy. Ein av klyppfilmane (trailer) fyrr filmen var av Black Swan. Då endra ho meining. Haha. Jaja. Men Bastøyfilmen var bra den.

Denne gongen var det altso Stavangerfilm, som eg alltid må sjå likevel; so eg hadde som nemnd ingen sterke preferansar mellom dei to denne gongen. Me kjøpte billett og gjekk inn. Eg var ganske irritert og kort i lunta av di eg ikkje hadde ete på veldig lengje, skulle eigentleg eta falaffel fyrr me gjekk inn.

Grynta litt og so gjekk me inn i sal 3, og fann plassene våre.

Produced by…

Det var då utruleg kor store dei hadde blitt på det? Slik yverdrive jappe-engelsk i ting retta mot nordmenn – ooh, sjå kor internasjonale og kule og hippe me er – er berre tragisk og vondt. Og kva faen skjer med musikken? Og kjensla og … biletet?

Eg må nesten innrømma at eg ikkje tok feilen fyrr Helene braut ut, meir som stadfesting enn spursmål; «er me på feil film?» Sanneleg. Dette var jo Black Swan.

To veker fyrr var me på kino og fekk feil billettar skrivne ut. Eg måtte gå attende og segja at det ikkje var den filmen me spurte om. Eg tenkte det same hadde skjedd på ny.

«Vel, ingen vits å flytta seg,» sa Helene. Og so såg me filmen. Og han var kjempevakker. Heilt utruleg herleg. Og forferdeleg, verkeleg forferdeleg. Helene nemner ingenting um at han var fin eller vakker. Når me treff på Ragnhild, av Balestrand, segjer Helene «Eg visste ikkje at det var ein skrekkfilm! Rein horror!!!»

Sjølv so kjenner eg litt for å dyssa ned den kommentaren litt med å segja at han var mykje meir enn det òg altso, sjølv um han hadde ein del ganske tunge greier i seg. I det heile teke berre utruleg vakker. Eg ser sjeldan filmar to gonger med vilje, men denne her kann eg gjerne sjå omatt. Berre på bluray eller DVD då, av di eg hev lyst til å stoppa opp og plukka han frå kvarandre. Studera han litt :)

  1. eller på det ekstremt ustavangerske bokmålet, Jeg reiser alene. Kann ikkje forstå korleis eg kunne skriva bokmål med eit alvorleg andlet i alle dei åri! []
  2. Dette innlegget er skrive på natta 24. februar []

4 tankar om “Black Swan

  1. Simon

    Har aldri opplevd å få feil på billetten. Strengt teke av di eg stort sett har budd på ein stad med berre to kinosalar, men sjølv ikkje i Nidaros, med 19 salar, på det mest travlaste under Kosmorama filmfestival, har feil film hamna på billetten. Trur eg hadde vorte litt krakilsk då, sjølv om filmen dugde.

    Black Swan likte eg veldig godt. Artig å sjå Aronofsky attende i gammal form. Eg har ingenting i mot The Wrestler eller The Fountain, men hallo, fyren laga jo Requiem for a Dream og ikkje minst Pi i si tid! Black Swan er i same gate som desse moderne klassikarane. Om enn kanskje litt meir stilisert og finjustert, men det treng ikkje vera dumt.

  2. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Simon: Vel, denne gongen var det ikkje feil på billetten, det var ganske enkelt me som gjekk inn feil dør. Det var ganske fantastisk at nett dei same plassane var ledig! Me sat faktisk rett vedsidan av nokon òg!

    Nei, hev ikkje sett Jarle Klepp-filmen enno. Kannhenda no på tysdag.

  3. Helene

    Eg grein jo mykje, klart eg tykte han var vakker:) men eg sat jo der kvalm ogso av enkelte scenar, og det gjor du ogso! klepp på tysdag! :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.