Eg hatar å reisa

I det siste hev eg hatt fleire og fleire reisedøgn. Vel, eg hev eigentleg hatt det slik eit heilt år no, og eg tykte det var kjekt i byrja. Men so byrja eg gradvis verta leid. Og no hev det toppa seg.

Dagen starta med at Helene sa meg, fyrr ho stakk ut døri;

«Dette kjem til å henda i dag: du sit på pcen og hackar og fær plutseleg veldig dårleg tid. Du må pakka i ein fei for å nå møtene og riv med deg sjokoladen. Du hev ikkje anna å eta. So ringjer du meg i kveld og segjer du ikkje hev ete anna enn sjokoladen i dag og hev vondt i magen.» «Ja, eg veit,» svarar eg.

Det som hende deretter var at eg sat alt for lengje på pcen og hacka, plutseleg fekk eg veldig dårleg tid og pakka raskt uppi sekken min. So drog eg på Heilhus-møte. Då det var ferdig hadde me eit møte i SmiB.

Eg sat og fikla på ei avisside då klokka nærma seg bussetid til flyplassen. Eg avslutta og såg på klokka på ny. Eg hadde tenkt å taka bussen frå ein plass som var litt nærare kontoret enn busstasjonen.

«Hmm, bussen står jo eit bel på busstasjonen og ventar. 5 minutt ca.,» sa eg, og kom på at eg truleg kunne klara å rekkja bussen frå den nye plassen viss eg sprang. Einaste problemet var at eg var usikker på nett kvar den stasjonen var.

Helene stresser litt med at eg ikkje rakk den bussen, «du må ikkje mista flyet ditt att!» «Jaja, eg hev no lagt inn godt med ekstratid,» meinte eg og fiksa eit par opplagte problem med avislayouten.

Førre gong eg mista flyet

Eg hadde hatt ein god dag i Sogndal og skulle heim. Eg sat, fin og innsjekka på flyplassen. Eg var tidleg, so eg høyrde tvo episodar radioresepsjonen.

Flyplassen i Sogndal er superliten. Og det er berre ein gate. Flyet til Oslo gjeng alltid fyrst. Alle skal til Oslo. So er me 5 stk att som skal til Bergen.

Eg høyrde på radiorespesjonen. Registrerte at det kom eit fly. Og eit til.

Iom. at folk framfor meg ikkje flytta seg, var det ikkje tid for meg heller enno.

Eit av flyi startar motoren sin. Hm? Kva?

Eg fær hjarta i halsen. Det slår ekstremt tungt og kjapt. Eg går bort til han tilsette og spyrr.

«Ja, det var Bergensflyet».

Det finst jo ikkje fly etter dette…

Lang historie kort; eg tok bussen nedatt til Sogndal og tok den lange bussturen heim i staden.

Attende i notid

Då det byrja næra seg den nye bussturen, ti minutt seinare, gjekk me alle saman ut. Eg såg at det var litt kort tid til å koma til busstasjonen, so eg jogga. Heile vegen. Eg sette upp farten i slutten då eg såg at eg berre hadde eitt minutt å gå på.

Sist gong eg tok bussen mista eg nemleg den førre, og stilte soetter klokka mi til å vera 30 sekund snøggare enn bussklokka.

Eg trakk eit letta utpust då eg såg at bussen stod og venta ein 100m framme. 30 sekund att til kvart over, altso eit heilt minutt til bussen skal gå. Eg slakka ikkje ned men sprang taktfast mot den einaste bussen i terminalen slik at det var godt synleg at eg ynskte rekkja han.

70m frå lukker bussen døri og eg set upp farten til full spurt. Eg veiver vilt med hendene. Ingenting. Helvettes bussen rører seg. 40m. Svingar ut. 30m. Akselererer som om han hev djevelen i hælane. 25m. Eg held tritt med bussen ei stund fyrr han dreg frå meg. 40m. Eg hyttar nevene i veret og viser «KVA FAEN!?» med heile jævla kroppen. So kastar eg hendene frametter og viser «din idiot!»-teiknet.

Faens.

Jaja. Eg tok jo faktisk god nok tid inn i rekningi til at eg kunne mista to bussar, og likevel ha ganske greitt med tid på flyplassen.

Prøver å ringja Helene. Ingenting.

Etter eg hev roa meg ned eit par hakk gjeng eg attende til busstoppet.

Faen.

Nei. FAEN. Verkeleg. HELVETTE SATANS JÆVLA FAEN I HELVETTE! GRRR!!! ARAARGHH!!!

Den neste bussen… går ikkje. Dei slutter å gå kvart kvarter på kvelden!

Gah-gah-gah. Dette syg. Eg ringjer Helene att. Nei. Ingenting.

Eg lurer på kva eg skal gjera. Eg vil ikkje tòla ein tredje bussmiss i tidi eg hev lagt til. Eller. Vel, det vil faktisk kunna vera mogleg, men det er ekstremt knapt. So mykje tid la til for å unngå å verta sein!

I gamle dagar hadde eg berre gått rett på den avgangen eg måtte, hadde eg mista den (som eg ofte gjorde), so måtte eg berre prøva den veldig usikre, og som oftast so klarte eg det. Ekstremt sveitt, og nett på tidi.

Det gadd eg ikkje i dag. Faktisk so hev eg vorte påverka nok til å kjenna meg utruleg uroleg og irritert på dette tidspunktet. Vel. Med all den driten som skjer på dagens flyplassar so er det reint umogleg å treffa på flyet med å hoppa yver dei 3 bussane (til den fjerde, ein heil time seinare).

Eg lurer på kva telefonnummeret til taxi er. For det er jo det som må skje.

Eg ser ein taxi i horisonten, når han kjem nærare vinkar eg som ein galning, og han kjem bort.

«Kor mykje til flyplassen?»
«380.»

Ah. Ikkje billeg. Hadde no ikkje venta meg noko anna. Fsck. Jaja.

Flyet gongen fyrr sist gong att

Enno lengre attende i tid, Sogn og fjordane-flyturen fyrr den siste. Eg skulle til Sogndal. Eg møtte upp ganske so tidleg. Sat på flyplassen og arbeidde.

Eg sat med Magnar, medlem i SmiB og leiar i skeive studenter, koseleg fyr. Han skulle heim.

«Me er redd for at det kann verta vandskeleg å landa i Sogndal, det er tette skyar der», segjer flydama. Eg spyrr um dette her og dei segjer dei skal prøva å landa. Hmmok.

Vel uppe i lufti kjem me til Sogndal, men nei, for tette skyar. Faen. Dei skal landa i Førde i staden. Ein nett 3-4 timar lang tur. Det hjelper meg fint lite, det eg skal kringkasta hev allereide starta då.

Eg er sjølvsagt ganske frå meg. Folk leiger ut alle bilane som finst. Bussen er sjølvsagt råtreig. Lurer på um eg skal prøva å sitja på med nokon av dei som hev leigd bil. Men, nei, er ikkje tøff nok.

Til slutt kjem no bussen. Eg byrjar prata med ei koseleg jente som sit vedsidan av meg. Det viser seg at ho er god ven med Fredrik, venen til Janne-Kristin. Eg kjenner namnet hennar att òg.

Svein, ein av uppdragsgjevarane mine hev søkt ein del på netet for den mest effektive ruta mi heim. Det er buss i frå Førde som vil spara seg.

So det vart litt av ein bomtur. Flyet bort gjekk heilt feil, og til slutt var alt det gjorde å flytta meg til midt inni S&F der eg hadde ingenting å gjera. Eg fekk ikkje gjort jobben min og fekk berre brukt pengar. Heldigvis fekk eg dekka bomflybilletten av uppdragsgjevar. Som var fint.

Det som irriterer meg grenselaust er at ingen sa i frå at det ikkje hev landa fly der på ei veke(!), det må jo flypersonalet vita! Og kva med å segja frå um det, at det er sers lite sannsynleg at me landar? Eg trudde det var FARE FOR at me ikkje fekk landa, ikkje at det var SERS SANNSYNLEG at me ikkje fekk landa.

Ja, so det vart no ein totalt meinigslaus rundtur i Sogn og fjordane. Hrmf.

Attende i taxien

Eg sit i taxien og høyrer på radio. Litt flau stemning enn so lengje. Eg sat meg framme. Eg betalar for turen og går ut. Inne ser eg etter gate for flyget mitt. Eg finn ikkje avgangen. Hm? Kvar er han? Eg spyrr i SAS-skranka. Dei segjer det er Norwegian som driv med Danish Air Transport (som er flyselskapet).

«Eg ser ikkje DAT-flyget på skjermane»
«Det gjekk nett no»
«HÆ? Men det skal jo gå um 30 minutt!? Eg hev det skrive ned i kalenderen!»
«… Du må nok ha sett på ankomsttid»
«Åh. Hm. Ja. Sant. Ja, eg må nok ha gjort det. …» «…»

FAEN I HELVETTE SATAN!!! AAAARGHHH!!!

«… Jaja,» smiler eg oppgitt, «kor tid gjeng neste då?»
«I morgon 8.15»
«Ja. Sant, det,» nikkar eg.

Ugh, eg klarar ikkje meir. :-(

«Nei, eg fær koma att i morgon då,» segjer eg og går roleg ut. Rasande sint inni meg.

So gjekk eg til flybussen og betalte 150 sure kroner ekstra der. Tok bussen heim. Ringde oppdragsgjevar med dei dårlege nyhendene. Kom på at eg kannhenda kunne taka bussen eller båten til Florø. Ringde Helene, framleis ingen svar.

Søkte på båtturar på mobilen. Hmm. Bussen er gått. Snøggbåten er gått. Men det er ei … ferje, som går 22 og er framme litt over 4. Passar meg bra. Kva kostar den? … Ukjend. Hmm. Det er Hurtigruta, visstnok.

Brukar dei ekstremt dårlege (ikkje-mobil-optimaliserte) sidene deira. Finn til slutt ut at DET ER FOR NÆRT. Eg fær ikkje lov til å tinga den båten. Jaja. Fær vera det same, Hurtigruta er jo skitdyrt same kva.

Heime opnar Helene døri, og ser ut som um ho opna for eit gjenferd eller spøkelse. Ho ser litt liknande ut sjølv. «Sei meg at dette er tull!»

Eg er ganske lei meg. Tingar ny flybillett.

Eg luktar at Helene hev ete pizza.

«Stakkar deg. Men du! Du kann få dei to siste bitene av sjokolade som er att,» segjer ho.
«Øhhh, naaaii, eg hev ikkje ete anna enn den sjokoladen i dag, og eg hev vondt i magen av det,» svarar eg.

Helene gliser stort.

Og kvifor legg eg denne månadsgamle kladden ut no? Jo, eg skal fly i morgon…

Reising er ikkje det det ein gong var…

2 tankar om “Eg hatar å reisa

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.