Meirverdiavgiftinnbetaling

Eg betalte nett i underkant av 23 000 kr inn til statskassa. Kjennest vondt ut, eg hadde heilt gløymd meirverdiavgifti.

I byrjingi då eg vart momsregistrert, so sette eg av all momsen eg tok inn og heldt oversikt yver kor mykje av pengane som «ikkje var mine». Til slutt vart det sopass mykje pengar at eg tenkte dei heller burde stå på høgrentekontoen, so eg flytta dei.

Etter det mista eg heilt oversikt. Sjølvsagt er det ikkje stort vandskeleg å finna ut av denne oversikti att. Det er ganske enkelt berre å sjå gjennom alle utgåande fakturaer.

So, det vart i underkant av 23 000, og sidan eg ikkje hev heldt godt nok oppsyn med det so kjennest det som om det er 23 000 av «mine» pengar som forsvinn, sjølv um dei aldri eigentleg hev vore mine.

Eg klarte å trekkja frå ein del på momsen, eg hev jo reist som ein galning i jobben. Problemet er berre at reising berre hev 8% mva (moms), so store rekningar gjev omtrent ingen fråtrekk.

Moralen er at eg må byrja bruka mykje meir pengar, eg må byrja kjøpa inn ein haug utstyr for å få fratrekk på det.

Eit problem som er utruleg irriterande med ENK (enkeltpersonsforetak), er at me ikkje fær bruka statens regulativ for reising o.l. For å få fratrekk og kunna utgiftsføra ting, so må me skriva opp kvar minste vesle filleting.

Kjøpte to bananar og ein sjokolade, 20 kr. Må ha kvittering og masse administrasjon for det. Det er ikkje verd det. Men til saman so vert det ein heil del. Med staten sine reiserekningsskjema fær du jo trekkja frå ekstremt mykje pengar for absolutt alt.

So, ja, eg må betala inn ein liten formue no. Leit. Dessutan hev eg gjort ein heil haug manuelt arbeid for å få berre bittelitt fråtrekk. Det irriterer meg grøn.

Kvifor i alle dagar fær eg ikkje skikkelege kvitteringar i netbanken min når eg hev kjøpt noko på ein butikk? Eg kunne lett hatt eit eige kort til firma mitt, og so når eg kjøper noko, so kunne butikken sendt (fått laga automatisk) ei skikkeleg kvittering som vert lagra i netbanken min. Då kann eg berre henta alle dei rekningane inn, skriva dei ut og vopsi-dopsi, ha eit ferdig utlogerekneskap, med alle dei forbanna smårekningane ferdig fylt inn.

Eg hev jo ikkje teke vare på ein einaste matkvittering, og eg hev mista halvparten av dei andre.

Kvifor finst ikkje dette? Det er jo heilt idiotisk. Eg lurer på kor mange arbeidsår som vert sløst vekk kvar dag på slike totalt ineffektive system. Det hadde vore ein fin plass å optimalisera tidsbruk… Tenkjer det hadde vore veldig bra reint samfunnsøkonomisk. So kunne folk gjera litt meir nyttige ting enn apekattliknande kvitteringspåpassning og innskriving.

Ja, eg er ganske irritert på at eg hev brukt dagesvis på å finna fram kvar minste vesle kvittering og når eg legg alt saman so er mva-rekningi mi omtrent like stor…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.