Sundagstur nær Sola Flyplass

So var det ein sundag (og de kjenner mitt sundagshat). Eg tok bilen og køyrde berre på måfå. Eg stogga på Stavanger lufthamn Sola.

Eg tok litt bilete og litt video. So skulle eg berre kjapt setja han saman. PiTiVi var utruleg vrang og det tok meg kjempelang tid. Eg klarte ikkje sjå kva eg klypte ein gong, av di han viste eitt bilete annankvar sekund… Skuffande. Jaja, det vart noko av det likevel. Og dagen var ganske OK.

Det er totalt utan meining, langt, og noko feil med videoen i Firefox 4 iallfall. Jaja, eg brukte so mykje tid på det at eg nesten berre må leggja det ut :( :P

Laurdagen fyrr var eg på allslags kaféar med mamma og pappa, og vart påspandert ein heil haug dyre ting eg aldri hadde kjøpt på kafé sjølv. Traff Camilla RL på Sting òg (veninne frå barneskulen). Og so gjekk eg på Rogaland Teater og såg «Haugtussa» med Helene Stenhaug og ei veninne av ho.

2 tankar om “Sundagstur nær Sola Flyplass

  1. skjalg

    Ein stemningsfull dag. Dei var fine dei bileta der og videoen med. Hugs at den plassen i byrjinga der blir knust og øydjelagt om ei par månader. Solasplitten kjem der med sine vegbanar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.