Høg musikk midt på natta

Eg skulle eigentleg skriva dette i eldvondt sinne, og truleg lira av meg alskens bannskap og det som verre er. Slik eg ofte likar å gjera. Men, vel, det vart aldri slik av di neste morgon hadde eg nesten gløymd det.

Dei over oss i 4. etasje festar ganske ofte på torsdagar. Stundom på fredagar og laurdagar òg. Men oftast på torsdagar. Resten av naboane tek nemleg andsvaret for å gjera fredagane og laurdagane so vonde som mogleg på eigenhand.

So, torsdagsgjengen hev øydelagd mang ei nattesvevn for eg og Helene. Dei dura på med heilt sinnsjuk høg musikk og styggvond bass som fær glasi i skåpet til å klirra, og fruktdrikkmiksaren til å taka enno eit skritt nærare kanten av sin bane. Ja, so mykje dirrar det, so ekstremt høgt speler dei.

Nokon andre hev truleg forklart dei at dei ikkje må spela so høgt, av di denne kvelden var det ikkje so høgt at eg ikkje kunne høyra mine eigne tankar. Litt småirritert sovna eg litt etter 0115. Ikkje gale det, for ein festtorsdag.

Men, so. På slaget 0400 (omtrent iallfall) vaknar eg brått. Glasa klirrar og bustaden vår høyrast ut som ein nattklubb. Eg kann tilogmed høyra diskanten klårt og tydeleg, den som normalt ikkje går gjennom veggar og golv. Eg prøver febrilsk å sovna att. 0500 gjev eg upp. Eg fiklar med mobilen til Helene og søkjer på nabobråk og lurer på korleis det er med politiringjing o.l.

Eit par forum fær meg på idéen om å kutta straumen deira dersom me hadde felles straumpanel. Me he hev jo det, men veit ikkje um det er ein hovudstraumbrytar der. Eg måtte òg finna skikkeleg ut kven det var.

Eg stod upp og kledde på meg. Då eg opna døri ut i gangen so vart eldvond; det var ekstremt høg ljod der ute. So jævleg respektlaust!

Eg fòr upp trappane og ringde på til Fredrik, Gaute og Fredrik (dei er sikkert frå Bærum). Dei høyrde det ikkje. Enno ein gong. Nei.

Songen slutta. Eg ringde på. Lengje. Dei hadde faktisk ein ljosbrytar til ringjeklokka, so eg kunne faktisk berre trykt han på og gått (tenkte eg på etterpå). Dei skrudde av og eg høyrde dei byrja bevega seg kjapt.

Eg var bra sint og hadde tenkt å sjella dei huden full der og då. Men dei kom ikkje ut. Eg venta eitt minutt. Og so snudde eg og gjekk ned.

La meg, og sov godt, alt for lengje. Vonar dei stoggar det stuntet der. Same kva, neste gong gjeng eg oppatt med ein gong, slik eg gjorde no. Det er utruleg skummelt å gjera, men eg trur dei vart mykje reddare. Ærleg talt, tør ikkje opna døri ein gong!

2 tankar om “Høg musikk midt på natta

  1. Helene Karlsen

    Tykkjer det er heilt fantastisk at eg ikkje fekk med meg dette! Om ikkje ljoden, at du har hoppa inn og ut av senga.

  2. skjalg

    Desse folka fortener å misse straumen – Eg trur eg hadde kutta den eg…Men no flyttar dykk til Oslo.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.