Kategoriar til netsida

Eg hev meir eller mindre aldri tenkt stort yver kategoriane eg hev. Dei hev berre vakse fram av seg sjølv. Skulle gjerne hatt litt færre kategoriar, og litt meir brukbare.

Er det nokon som hev peiling og kann hjelpa til? Slik ser det ut no:

KategoriInnlegg
andre folk1
Draum2
English1
Firma mitt2
fleirfasisk søvn5
Frå den gamle sida mi39
Gjesteskribentar0
— Espen13
— — Russ8
glede1
Jobb5
Kortnytt43
Kreativt2
— Bilete6
— Film4
— — Ferdige2
— — — Månadens3
— — Produksjon9
— Teater3
Lita historie5
Melding9
Oxford12
Personleg76
— Barndom2
— Dagbok53
— — Spesiell dag9
— Erfaringar12
— Meining53
— Nye opplevingar5
— Reise11
— — Innenlands21
— — Utenlands43
— Underfundig8
Ping2
Prosjekt8
Sint7
Tidsfordriv1
— Datarelatert32
— — Vevside27
— Organisasjon1
— — Norsk målungdom21
— Sivilteneste9
— Skule16
— — Russ0
— — Stil4
Uncategorized2
Universitet2

De finn dei òg heilt nedst på sida mi, då med lenkjer slik de kan sjå kva innlegg som ligg der inne.

Eg ser at eg hev flest innlegg i «Personleg» og undergrupper der. Eg vil kvitta meg heilt med undergrupper, det er ikkje ei so avansert netside.

Viss eg hev vore usikker på kvar eg skal plassera eit innlegg, puttar eg det alltid i Personleg.

Eg bør sjølvsagt ha ein eigen kategori for reise, utan det ganske teite skiljet mellom utanlands/innanlands.

Det er likevel ein viss verdi i kategoriar som «Sint», sjølv um det truleg kann liggja under «Meining» og heller bruka merkelappar for slikt.

På den motsette sida so er det dumt å skjæra for mykje ned på kategoriane. Dei er den mest opplagte måten for folk å finna fram til noko dei kannhenda ikkje visste fantest. T.d. vil eg tru at det er ein del folk som drit rakt i kva eg skriv um det aller meste, men likar godt å lesa t.d. teatermeldingar. Eg merker det sjølv når eg kjem til ei tilfeldig netside og les ei teatermelding, veldig ofte vil eg lesa fleire meldingar av same personen dersom den fyrste var god. Slikt bør gjerast enkelt.

So «omtalar» eller «melding» som eg kallar det no må eg gjerne ha inn.

Det er eit par kategoriar som iallfall er superenkle å fjerna, her er dei fjerna, og resten er litt verre:

  • Frå den gamle sida mi (eh, kva skal eg gjera med denne, truleg gå gjennom og gje dei nye kategoriar?)
  • Gjesteskribentar (Espen dette, kannhenda eg burde skilja det ut til ei eigi side, det leser jo som hans eigen blogg)
  • Jobb (endra til Arbeid?)
  • Melding (omtale)
  • Oxford (reise, gjerne?)
  • Personleg (vil sprengja ut denne, er so stor)
  • Dagbok (kvardag, heller truleg)
  • Erfaringar (denne er «eg lærte noko», ofte)
  • Meining
  • Nye opplevingar (litt lik erfaringar?)
  • Reise (opplagt)
  • Prosjekt (eigne prosjekt, putta kreativt inn her)
  • Datarelatert
  • Norsk målungdom (endra til noko som ink. PING o.l.)
  • Skule («læring», kannhenda?)

Oi. Eg fjerna ein god del som gjorde litt vondt no. Men eg bør gjerne laga ein kategori Mine favorittar eller best of eller noko liknande for å samla dei innleggi eg tykkjer andre vil finna det morosamt å lesa. Anten av di dei er mongodårlege, eller av di dei er litt spesielle.

Burde laga ein ny taksonomi, men veit ikkje heilt kvar eg skal starta enno.

Kva tykkjer de?

Korleis hadde de delt det inn? Korleis hev de gjort det sjølv?

2 tankar om “Kategoriar til netsida

  1. Simon

    Har du berre kategoriar? Då kan det vera ein idé å nytta emneord/merkelappar («tags»). Det er sånn eg gjer det. Få kategoriar, mange emneord. Same kva, eg ser i loggen min at så godt som ingen nyttar seg av det hjå meg. Som du sjølv seier, me har ikkje så avanserte netstader, og kategoriar kjem fyrst til sin rett på større/meir temabaserte netstader. I personlege bloggar har kanskje kategoriar og emneord mest nytteverdi for forfattaren sjølv, ikkje så mykje for lesarane.

  2. Odin Hørthe Omdal Skribent

    Simon: Neinei, eg hev merkelappar på alt saman òg. Eg la ut merkelappane slik at folk kunne sjå dei for ei tid sidan, men so vart sida sletta, og då mista eg dei endringane. So nett no manglar dei att, men det er emneord på altso.

    Merkelappar er uansett ganske rotete for veldig mange, og eg klarar ikkje å halda det fint og nyttig. Berre til litt spesielle serie-ting vil det vera enkelt og greit å gjera slikt.

    Burde hatt eit innstikk som viste /liste/merkelapp/blabla, det er nyttigare enn å visa det som blogginnlegg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.